Lena Anderson har skrevet 3 vakre bøker om Pinne. Pinne er eit omsorgsfullt og veldig sosialt piggsvin som har mange venner.
Den første boka om Pinne heiter Pinne får besøk. Den handlar om Pinne, som er heilt åleine og ventar på besøk. Boka er forma som ei teljebok, og me tel kvar venn som kjem innom henne. Vennene vert trakterte etter beste evne, og det vert eit hyggeleg selskap.
Den andre boka heiter Pinne har ein

Den tredje og siste boka om Pinne er Pinne, grisen og vesle vennen. I
denne boka har tilveret med ein baby normalisert seg, og Pinne og babyen har det roleg og godt. Plutseleg høyrer Pinne knirking frå porten og vert glad med tanken på å få besøk. Men den besøkjande har gått vidare, og pinne står igjen og ropar og lurer på kven det er. Seinare sit ho og vesle Grisen og babyen og et suppe, då det bankar på døra. På trappa står ein liten grisunge og har gått seg bort. Som alle andre gjester vert ho invitert inn til suppe og ei god seng, med løfte om å finne mora dagen etterpå. Dagen etter tar grisen ho med til byen, og der finn ho heldigvis mora si. Mora er like glad, for ho har leita både natt og dag . I premie for å ha funne den vesle grisungen får dei 100 bollar, og sjølvsagt vert det fest!

Alle bøkene om Pinne er utgjeven på nynorsk og skrevet på rim. Dei er fine å lese høgt, og bileta er gode å sjå på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar