tirsdag 11. mai 2010

Farvel, herr Muffin

Alle skal vi dø ein gong og i denne boka er det herr Muffin, eit sju år gamalt marsvin, sin tur. Han tenkjer tilbake på livet sitt og alt han har opplevd. Han finn ut at han har hatt det veldig godt. Jenta som eig herr Muffin skriv vakre brev til han om døden og legg dei i postkassa hans. Der finn han dei og tygg dei i stykker. Ein dag klarar ikkje herr Muffin å tygge i stykker brevet han får, i staden legg han seg ned og døyr. Familien som eig han legg han i ei skoeske og lagar ei vedig gravferd med blokkfløytespel, salmesang og mange tårer. Etterpå konkluderer jenta i eit nytt brev til herr Muffin at no er det han som veit best kva som skjer etter at vi er død. Boka er skriven av Ulf Nilsson og nydeleg illustrert av Anna Clara Tidholm, og tar opp temaet død på ein varsam og fin måte. Den kan lesast for barna for å gjere dei kjende med eit vanskeleg tema og gjerne som eit utgangspunkt for ein samtale om døden. Den kan og vere fin i ein bearbeidings-prosess om ein har mista nokon ein var glad i, eller kjenner ein som skal døy. Ikkje minst er det og ei fin historie for alle som ønskjer det.

Kokos og vennene hans

Tor Åge Bringsværd har tidlegare skrive mange bøker om Karsten og Petra. No kjem han ut med ein ny serie, om Kokos. Kokos er ein koseelefant som Petra har fått i bursdagsgave av Karsten. Han bur på rommet til Petra og er god venn med hunden Basse, og med løveungen og Frøken kanin som det og fins eigne bøker om. Denne første boka handlar om korleis Petra fekk Kokos, og korleis vennene tok imot han og lagde eit eige hus til han på rommet. Me får og vere med Kokos ut i hagen, der han får ri på basse og helse på alle smådyra som bur der. Historia er enkelt fortalt og passar difor godt til dei yngste førskulebarna. Anne Holt har illustrert den, og i tillegg til ei vanleg bok er dette og ei Leit og Finn-bok. På kvar side er der teikningar av ting som gøymer seg i biletet. For barna kan det vere kjekt å leite etter desse tinga.

Arkimedes og brødskiva

Eureka har ein pappa som er oppfinnar. Han har mellom anna prøvd å finne opp firkanta såpeboblar. Dei har ein katt som heiter Arkimedes. Pappa har lært Eureka om to viktige naturlovar: 1. Kattar landar alltid med føtene ned, og 2. Brødskiver landar alltid med smørsida ned. Ein dag byrjar Eureka å gruble på desse to naturlovene: Kva skjer om brødskiva er festa på ryggen til katten? Med smørsida opp...? Som den oppfinnardattera ho er må Eureka prøve dette ut, men det går ikkje heilt som ho hadde tenkt....
Hans Sande sine bøker om Eureka og Arkimedes er fabulerande og morosame. Bileta teikna av Gry Moursund bygger opp under historia og er samtidig svært uttrykksfulle og morosame. Bøkene er skrivne på nynorsk, og passar for ca 3 år og oppover. Dette er bøker også vaksne kan le av.
Andre bøker om Eureka og Arkimedes: Arkimedes og rulletrappa og Arkimedes i prompeland.

Fisketelleboka

Er barnet ditt fasinert av livet i sjøen? Og treng det kanskje å øve på å telje? Då er dette rette boka! På kvart oppslag møter vi ein ny art. Torsk, steinbit, krabbe og sju andre dyr som lever i sjøen skal vi telje i denne boka. Bileta som er laga av Solveig Serigstad Hauge er fine og detaljerte og viser godt korleis dei ulike slaga ser ut. Åse Enerstvedt har skrive teksten som går på rim og er lett å følgje med på. Anbefales for barn frå 0-5 år.

Bø og Bæ

Olof Landström har skrive sju bøker om dei to sjarmerande figurane Bø og Bæ. Bø og Bæ gjer mange ting som ikkje er så lure og dei gjer ting me kan kjenne oss igjen i. I kvar bok dukkar det opp eit problem som må løysast, og dei løyser seg ofte på litt overraskande måtar. Bileta i bøkene er enkle, men uttrykksfulle og sjarmerande, og bidreg til at bøkene er gøye å lese. Bøkene passar godt for dei minste, men er og populære hjå barn som nett har lært å lese sjølv.
I Bø og Bæ til sjøs bestemmer dei to vennene seg for å ro ein tur. Plutseleg går dei på ei grunne - og der vert dei sitjande. Heldigvis har dei med seg ei stor matkorg, men tida går og det har blitt mørkt før ein racerbåt kjem forbi. Bø og Bæ vert glade og viftar med eit kvitt lommetørkle, men sauene i racerbåten køyrer berre forbi. Heldigvis for Bø og Bæ lagar båten så store bølgjer at dei blir vippa av grunnen og kan ro heim i frem og ro.

I Bø og Bæ i skogen skal dei plukke bær. Dei finn ikkje så mange, så dei tek ein matpause i staden. Plutseleg oppdagar Bæ ein maur på brødskiva til Bø, deretter er det maur på saftglaset og det viser seg at dei har sete seg midt i maurstien. Dei rømmer frå maurene, og det blir litt dramatikk på vegen. Mens dei rømmer finn dei ein flott blåbærplass, og alt endar heldigvis godt.

Andre bøker om Bø og Bæ: Bø og Bæ i festhumør, Bø og Bæ gjer reint, Bø og Bæ blir våte, Bø og Bæ får besøk og Bø og Bæ i vinden.

Bukkene Bruse på badeland

Bukkene bruse er på veg til setra for å gjere seg feite, men på veg dit går dei forbi eit nytt skilt; Badeland 200 m, står det på skiltet. Bukkane vert nysgjerrige og bestemmer seg for å ta ein titt, og når trollet dukkar opp må dei kjempe mot det i nye og uvante omgjevnader. Sjølvsagt endar alt bra, slik det skal gjere i eit ekte eventyr. Boka er ein fabulerande variant av eventyret om dei tre bukkene bruse, der Bjørn F. Rørvik har skrive ein morosam tekst som følgjer handlingsgangen til det tradisjonelle eventyret. Gry Moursund har teikna fargesterke, flotte, morosame og detaljrike bilete som er kjekke å sjå på for barna. Boka anbefales barn i alle aldre, og særleg dei som kjenner eventyret om bukkene bruse frå før.