torsdag 31. mars 2011

Mamma Mø faller og slår seg

Mamma Mø er ei litt uvanleg ku, sjølv om bonden ikkje heilt har skjønt det. Når bonden er i nærleiken er ho nemleg ganske normal og blir stelt med som andre kyr, men når bonden ikkje ser slår Mamma Mø seg laus. Kråka er Mamma Mø sin beste ven, og ofte prøver ho å dempe kua sine ville påfunn utan heilt å få det til. I denne boka vil Mamma Mø hoppe over gjerdet for å ta ein tur på stranda, men desverre sklir ho og riv seg opp på piggtråden. Bonden kjem og set eit svært plaster på riften, så får han Mamma Mø i fjøset så ho får kvile. Desverre gjer han ingenting med kulen i panna, sjølv om den gjer forskrekkeleg vondt. Når kråka kjem flygande vert ho overraska over å finne Mamma Mø i fjøset på ein fin dag, men ho skjøner fort at Mamma Mø treng trøst og hjelp. Ho går med på å fly til fryseboksen for å hente noko kaldt å leggje på kulen, men når ho kjem tilbake er ho dårleg, og vond og kald i magen, og fortel at fryseboksen er tom... Mamma Mø får likevel ein spinatpakke på kulen, og nyt både kulden frå pakka og spinaten som etterkvart renn nedover fjeset hennar. Kråka, derimot må heim og leggje seg.






Bøkene om Mamma Mø og Kråka er humoristiske og kjekke å lese både for vaksne og barn.

Fleire biletbøker om Mamma Mø og Kråka:


torsdag 24. mars 2011

Tigli

"Tigli har rosa hår. Det er kjempestort.Det er større enn alle bladene og greinene på et digert tre. Større enn et hus." Slik byrjar Bjørn Arild Ersland og Annlaug Auestad si fabulerande bok om Tigli. Og mykje av handlinga i denne boka føregår nettopp i dette håret. For i håret til Tigli veks det sukkertøy og karamellar, is, brus og mykje anna godt. Og det beste av alt: alle som vil får lov til å spise av håret til Tigli. Brannvesenet kjem med stigebil og plukkar snop frå buskar ingen andre rekk. Men ein dag skjer det noko som ikkje skal skje: Brannmesteren forsvinn i håret og dei finn han ikkje att. Politi og ordførar leitar, men dei finn han ikkje. Helikoptrane flyg rett over hovudet til Tigli i jakta på brannmesteren, men heller ikkje dei finn noko. Men Tigli veit råd, og boka endar godt med ein nøgd brannmester og ein sovande Tigli.
Med denne boka har Bjørn Arild Ersland skrive ei fantasifull bok som passar særleg godt til snopeglade born. Bileta til Annlaug Auestad spelar på lag med teksten og gjer dette til ei fantastisk bok for barn i fleire aldrar. Sjølv om boka er veldig rosa er denne historia like kjekk for gutane som for jentene!

torsdag 10. mars 2011

Bernt Bjørn skal bade

Daniel Napp har skrive to humoristiske bøker om Bernt Bjørn. Bernt Bjørn er ein stor, snill brunbjørn som gjer ein del rare ting. Han er god ven med gullfisk, og i denne boka skal han og gullfisk på badetur. Når dei kjem til badeplassen sin står Oter der og fiskar. Oter vert sint fordi dei skremmer fisken, og han seier at sjødraugen kan komme - og han et bjørnar! Bernt Bjørn blir livredd, men gullfisk vil bade likevel. Bernt Bjørn blir på land og passar på at ikkje sjødraugen kjem. Brått forsvinn bollen til gullfisk ned i vatnet, og Bernt Bjørn trur at det er sjødraugen som kjem og tek vennen hans. Han mannar seg opp, kler på seg alle baderingane sine og spring uti for å redde gullfisk. Med alt utstyret på seg liknar han mistenkeleg på ein sjødraug, så gullfisk går til motverje og dreg ut alle pluggane i baderingane. Resultatet vert at Bernt Bjørn fyk avgarde som ein rakett og sprett opp av vatnet rett framfor oter som har funne seg ein ny fiskeplass.
Bøkene om Bernt Bjørn inneheld morosame historier med endå meir morosame illustrasjonar. Skrifta er stor og lett å lese. Passar godt som høgtlesing til barn i alderen 3-8 år, og som eigenlesing for born som nett har lært å lese sjølv.

Andre bøker om Bernt Bjørn: Bernt Bjørn skjønner ingenting