torsdag 27. januar 2011

Fiat og farmor i vilden sky av Iben Sandemose


Dette er den 6. boka Iben Sandemose har skrive om Fiat og farmor, og alle seks er like fargerike, fabulerande og humoristiske.

I denne boka skal farmor fly, og Fiat får vere med. Farmor har flyskrekk og kvir seg, og i tillegg pakkar ho med seg så mykje rart at Fiat må gje henne ein mindre koffert. For kva skal ein til dømes med støvsugar, sag og musefelle i kofferten?

Farmor synes at det er skummelt å skulle fly, sjå at koffertane forsvinn på bagasjebandet, at flyet ristar og på toppen av det heile må ho på do høgt der oppe i lufta. På heile turen må Fiat roe farmor ned, og det klarar ho heldigvis. Tilslutt landar flyet, og Fiat og farmor kjem ut i ei varm verd med store dyr i.

Denne boka er fin å bruke som ein lese-snakke-bok om ein skal ut å fly for første gong, eller om vaksne eller barn er redde for å fly. Men om ein ikkje skal fly er den og ei fin, humoristisk bok med flotte og morosame illustrasjonar. Boka passar for born frå 2-3 år og oppover til dei første åra i skulen.