onsdag 21. desember 2011

He he, Hasse

Dette er bok nummer to om Ine og Hasse av Tore Renberg og Øyvind Torseter. Hasse og Ine har ein plan om å sprenge den store steinen som ligg i vegen for alt. Dei må berre finne ein dynamittgubbe og tenne på, så ordnar alt seg. Dei tar traktoren og køyrer til skogen, der treff dei elgen, og spør om han har dynamitt. Elgen har ikkje meir att og så må dei leite vidare. Dei treff fleire dyr, men ingen har dynamitt. Til slutt kjem ugla på at kanskje grevlingen har ein gubbe eller to å avsjå. Det har grevlingen og så blir det sprenging, eit digert hol blir det - men kva skal dei gjere med dette holet? Hasse har ein god ide, men for å få vite kva det er må du lese boka!

Draumar

Ei veslesyster som ikkje får sove, for ho er redd for draumane. Då er det godt å ha ein storebror som kan fortelje om dei gode draumane. Han fortel om reiser både på vegen, til havet, i havet, ja, til og med til månen. Sjølv om veslesyster trur ho ikkje klarer å bake, symje eller tisse i skogen så kan ho det i draumen. Her er det berre gode draumar og ingenting å vere redd for.
Det er Gyrid Axe Øvsteng som har laga teksten og Per Ragnar Møkleby som har illustrert boka. Illustrasjonane er laga i blandingsteknikk med collage på foto i fleire av dei. Detaljane i bileta gjer dette til ei bok om høver godt til samtale og både tema og bilete.

tirsdag 6. desember 2011

Borte vekk!

Mina sin mamma kan gjere tusen ting samstundes, men ho klarer og å rote vekk mykje. Då er det bra at Mina er flink til å følgje med på kva mora gjer, slik at ho kan finne igjen det mora har rota vekk. I denne boka får vi høyre om når mamma har mista lesebrillene sine. Mina og mamma skal reise til byen for å kjøpe nye briller, men før dei kan reise må mamma finne lommeboka. Då er det fint at Mina tenkjer etter og finner ut at den må ligge i kjøleskåpet! Men så er nøklane borte og då må Mina til å leite ein gong til. Tru om ho finn dei og om dei då kan reise til byen?
Dette er ei kjekk lita bok om ei rotete mamma og ei flink og oppmerksam jente. Boka er skriven av Ingvild Nielsen og illustrert av Inger Lise Belsvik. Det er ein del tekst, men bileta stør teksten og utfyller slik at det blir mykje og sjå på og snakke om. Vi las denne boka i eventyrstund med barn frå 3 - 5 år noko som fungerte svært bra.