fredag 13. januar 2012

Savnet

Dette er den fjerdje boka Kaia, Bendik og Trond Brænne har skrive om hesten, grisen, høna, kaninen og skjæra som er gode vener og bur på ein gard. I denne boka byrjar skjæra å føle seg utanfor. Ho er den einaste som bur høgt oppe i eit tre, medan dei fire andre dyra held til nede på bakken. Ho føler det som om ho ikkje heilt høyrer til på garden, og for å finne ut av dette spør ho dei andre dyra kva dei meiner. Dei klarar ikkje å gje henne den samkjensla som ho er ute etter, så skjæra flyg skuffa tilbake til reiret sitt. Seinare på dagen oppdagar dei andre dyra at det heng eit saftig eple øvst i eit tre. Dei prøvar på alle tenkelege måtar å få ned eplet, men rekk ikkje opp til det. Sidan grisen er ein klok fyr, får han i oppgåve å tenkje ut noko lurt. Etter å ha tenkt seg godt om kjem han på at dei kan spørje skjæra. Men kor i all verda er det blitt av skjæra? Ho er ikkje i reiret sitt, og ingen andre stader heller, men i stallen finn dei eit brev frå ho. Det er ein invitasjon til innflytningsfest i skjæra sitt nye reir. Tenk at ho har flytta frå dei... Dyra pyntar seg og går på fest. Men no er det deira tur til å kjenne seg utanfor. Det nye reiret er høgt oppe, og det er mange andre skjærer der og. Dyra frå garden kjenner at dei ikkje passar heilt inn. Etter ei lita stund tuslar dei heim og ser på det tomme skjærereiret, og no ser dei alt det positive som dei saknar når skjæra er borte!
Denne boka omhandlar, som dei andre i serien, eit viktig tema: Korleis er vi mot kvarandre? Er vi flinke nok til å setje pris på kvarandre og vise det? Etter å ha brukt den i ei eventyrstund for 3-5-åringar, ser eg at dette kjem godt nok fram til at borna i denne alderen merkar sorga hos skjæra når ho kjenner seg utanfor. Boka er difor eit fint utgangspunkt om ein vil snakke med dei om venskap og om korleis ein kan vise andre at ein bryr seg om dei. Dei sjarmerande teikningane til Per Dybvig er med på å understøtte teksten og kjenslene i boka og hjelper barna å følgje med i handlinga.
Andre bøker om dei fem venene på garden: