mandag 29. august 2011

Den lille penselen

Kva gjer du når du er ein liten malarpensel som aldri blir brukt? Denne boka handlar om den vesle penselen som bur saman med dei store penslane hos målaren Edvard Munch. Den vesle penselen prøver å trenge seg fram, men blir alltid jaga tilbake i kroken. Ein dag då han prøver veldig hardt vert dei andre penslane så sinte på han at dei kastar han ut av skåpet. Kva skal han gjere no? Heldigvis hjelper feiekosten han og saman klarar dei å skremme ein tjuv, slik oppdagar Edvard Munch den vesle penselen. Edvard blir glad i den vesle penselen og malar eit av dei mest kjende bileta sine med han. Så neste gong du ser på maleriet Skrik kan du sjå etter dei fine strekane i bilete og då veit du kven som har laga dei!
Boka har ganske mykje tekst, men og fine og humoristiske illustrasjonar så dei på fire og fem vil nok ha glede av denne. Boka er skriven av Bjørn F. Rørvik og illustrert av Thore Hansen

fredag 19. august 2011

Karsten + Petra på biblioteket

Dette er den 23. boka om Tor Åge Bringsværd og Anne Holt har laga om dei gode venene Karsten og Petra. Karsten og Petra er bestevenner, og dei gjer mykje kjekt saman. I bøkene om dei får me vere med på noko av det kjekke dei gjer. I denne boka besøker dei biblioteket. Der som Karsten bur er det eit stort bibliotek med eigen barneavdeling. Her får Karsten god hjelp til å finne bøker som han likar, og om laurdagen er det ofte eventyrstund eller dokketeater. Petra bur lengre borte, og der er det ikkje noko bibliotek, men ein gong i månaden kjem bokbussen som nesten er som eit vanleg bibliotek. Karsten og Petra får låne seg bøker på bokbussen, og etterpå går dei heim til Petra for å leike bibliotek. Bøkene om Karsten og Petra er koselege kvardagshistorier, og har vore populære hjå barn i alderen 2-5 år i mange år.

Fleire bøker om Karsten og Petra:

og endå fleire fins.

tirsdag 9. august 2011

Den lille helten og kattekidnapperen

Karin er liten - for liten synes dei store barna. Og sjølv om Karin veit at ho aldri får vere med å leike med dei, spør ho likevel. Og det fantastiske skjer: i dag får Karin vere med å leike...ho kan få velje om ho vil vere ufødd løve eller ein nabo som ingen liker. Karin vel å vere ufødd løve. Då må ho liggje heilt stille i magen til løvemammaen og utvikle seg, medan dei store barna leikar og leikar og leikar...og løveungen vert aldri fødd. Men plutseleg oppdagar barna at katten, Ulrikke, er borte. Og dei veit at det bur ein kattekidnappar i nabolaget... Brått er leiken over, og Karin får vere med å leite etter Ulrikke, men dei finn han ingen stader. Tilslutt finn dei ut at dei må lure seg inn til kattekidnapparen og finne katten. Men kven tør å gjere det? Då viser det seg at det ikkje alltid er så dumt å ha med minstemann likevel, for Karin tør - og alle er einige om at det er minst sjanse for at ho vert oppdaga sidan ho er så lita. Dei store borna står utanfor og heldt vakt. Karin ringjer på hos kattekidnapparen, vert invitert inn i det skumle huset, finn Ulrikke der, men kjem ikkje ut igjen. Kan det ha skjedd noko med henne? Har kattekidnapparen laga kattemat av henne? Dei store barna vert meir og meir nervøse...

Heldigvis endar alt godt, og det viser seg at småsøsken kan vere tøffare enn dei store, og at kattekidnappare heldigvis ikkje alltid er ekte kattekidnappare.





tirsdag 2. august 2011

Eit stort og eit lite monster


Skald forlag har gjeve ut to bøker som handlar om kjensler.
Den første boka heiter: Nei! sa Veslemonster og handlar om korleis Veslemonster kjenner seg når Storemonster kjem på besøk og alltid skal vere den som bestemmer. Men Veslemonster greier til slutt å si Nei! og då viser det seg at Storemonster slett ikkje har tenkt over at Veslemonster kan bli skremd og lei seg. Storemonster lovar at han skal ikkje bestemme alt heile tida, berre Veslemonster ikkje skrik til han.

Den andre boka heiter: Store monster græt ikkje. Denne handlar om Storemonster som helst ikkje vil vere saman med Veslemonster for han får til alt mogeleg. Storemonster får ikkje til å lage så fine teikningar som Veslemonster og han forstår ikkje alt som Veslemonster fortel. Då kjenner han seg så dum, men han græt ikkje! Veslemonster synest far til Storemonster er rar, men Storemonster seier ingenting og han græt ikkje, men når Veslemonster ler høgt av far hans då græt Storemonster og fortel korleis han kjenner seg. Veslemonster seier at han kan noko som Veslemonster ikkje kan, han kan svømme. Storemonster lærer Veslemonster å svømme og neste gong Storemonster er lei seg så veit han at store monster kan gråte.

Dette er to bøker som tar kjensler og grenser på alvor. Når vi snakkar med barna om å respektere kvarandre er dette to fine bøker å lese som ein start på ein samtale.