
Skald forlag har gjeve ut to bøker som handlar om kjensler.
Den første boka heiter: Nei! sa Veslemonster og handlar om korleis Veslemonster kjenner seg når Storemonster kjem på besøk og alltid skal vere den som bestemmer. Men Veslemonster greier til slutt å si Nei! og då viser det seg at Storemonster slett ikkje har tenkt over at Veslemonster kan bli skremd og lei seg. Storemonster lovar at han skal ikkje bestemme alt heile tida, berre Veslemonster ikkje skrik til han.
Den andre boka heiter: Store monster græt ikkje. Denne handlar om Storemonster som helst ikkje vil vere saman med Veslemonster for han får til alt mogeleg. Storemonster får ikkje til å lage så fine teikningar som Veslemonster og han forstår ikkje alt som Veslemonster fortel. Då kjenner han seg så dum, men han græt ikkje! Veslemonster synest far til Storemonster

Dette er to bøker som tar kjensler og grenser på alvor. Når vi snakkar med barna om å respektere kvarandre er dette to fine bøker å lese som ein start på ein samtale.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar