Selma Lønning Aarø, forfattar og Tiril Valeur, illustratør har saman skreve Vampyrlus!
Dette er forteljinga om Mimmi og Mattis som er bestevenner. Dei går i
barnehagen saman og de bor i same hus, men i kvar sin oppgang. Kvar
ettermiddag etter barnehagen lekar dei saman i sandkassa. Dei bygger ein
by der Mimmi er ordførar og Mattis arbeider på bensinstasjonen. Mattis
vaskar bilen til ordføraren og kjem med is og bolle når ordføraren bed
om det. Når Mattis faller og slår seg, er det Mimmi som kjem med vatn og plaster. Alt er fryd og gammen heilt til Astrid med langt
krøllete hår flytter inn i same oppgang som Mattis. For Mattis vil vere
med Astrid og han viser henne kor alt er og han lekar med henne i
sandkassa. Mimmi synes Mattis er kjempeteit! Ein dag ser hun ein gut uten
hår på hovudet, det er Anton og han kan fortelje at mor hans klipte
vekk alt håret hans fordi han hadde fått lus. Anton fortel Mimmi alt
om lus, eller vampyrlus - for det er eigentlig det dei er - de suger blod
ut av små barn! Mimmi får ein ide! Ho går og klemmer noen gutar på
skulen, for på skulen er det mange som har lus. Ho låner lua til Oskar
og ligg med ho om natta for i lua til Oskar må det vere lus. Planen
er at Mimmi skal få lus og så skal ho klemme Anita og da får ho lus og kva skjer med håret til Anita da? - berre tenk!
Sjalusi og hemn,
dette kan vi relatere til alle saman, men Aarø og Valør gjør det med
innleving og eit godt glimt i auget. Dette er ei morosam og småspannande
bok for de store barna i barnehagen.
Les for meg - no!
Barnehagebibliotek i Meland kommune. Barn i Meland skal få møte god litteratur i barnehagen kvar dag.
fredag 27. april 2012
tirsdag 24. april 2012
Emilie lager en katt
Bjørn Arild Ersland og Lilian Brøgger har laga Emilie lager en katt saman.
Dette er ei biletbok der tekst og bilete er heilt integrert i kvarandre,
teksten seier bare det som er høgst nødvendig og bileta ber
forteljinga. Lilian Brøgger er dansk illustratør med ei stor produksjon
bak seg. Hun våger å lage enkle bilete, stole heilt på streken og at ho teiknar til ein medskapande leser. Denne gangen er det forteljinga om
Emilie som vil lage ein katt. Pappa spør om ho kan ha med seg Max, for
han vil sove. Det er klart Emilie lar Max vere med for då har ho alt
ho treng: maling, kostar og Max, veslebroren. Det er Max som er
lerretet hennar og etter som malinga skrid fram blir Max meir og meir
fargerik og lei, mens Emilie maler i ei salig rus av farger. Det ender
med at både Emilie og Max kryper inn i senga til pappa og søv saman med
ham. Ei kjekk lita bok å lese saman med førskulebarn.
Etiketter:
biletbok,
Bjørn Arild Ersland,
Katt,
Lilian Brøgger,
måling,
småsøsken
onsdag 28. mars 2012
Les bøker av Polly Dunbar
På biblioteket har vi kjøpt inn fleire bøker av Polly Dunbar og dei to siste er Hvor er Elling? og Perle pynter seg. På første sida i bøkene står det: Tilly og vennene hennes bor sammen, alle sammen, i et lite gult hus...
I boka Hvor er Elling? får vi lese historia om kor vanskeleg det er å vere elefant og leike gøymespel. Elling prøver på mange måtar å gøyme seg, men alle kan sjå han sjølv om han lukker auga hardt igjen. Dei andre ler av han, men Elling gir seg ikkje. Til slutt klarer han det og då må alle vennene ut og leite etter han.
I boka Perle pynter seg er det høna Perle som pyntar seg med leppestift og neglelakk. Dei andre vil og pynte seg, men Perle vil ikkje dele. Elling tar veska hennar og plutseleg har både grisen Hector, krokodillen Dille og elefanten Elling fått fin sminke på seg. Perle blir sint og lei seg og vennene hennar ber om unnskyldning. Perle er ikkje langsint og alle vert venner igjen.
Vi har fleire bøker av Polly Dunbar, ta kontakt med oss neste gong du er på biblbioteket.
I boka Hvor er Elling? får vi lese historia om kor vanskeleg det er å vere elefant og leike gøymespel. Elling prøver på mange måtar å gøyme seg, men alle kan sjå han sjølv om han lukker auga hardt igjen. Dei andre ler av han, men Elling gir seg ikkje. Til slutt klarer han det og då må alle vennene ut og leite etter han.
I boka Perle pynter seg er det høna Perle som pyntar seg med leppestift og neglelakk. Dei andre vil og pynte seg, men Perle vil ikkje dele. Elling tar veska hennar og plutseleg har både grisen Hector, krokodillen Dille og elefanten Elling fått fin sminke på seg. Perle blir sint og lei seg og vennene hennar ber om unnskyldning. Perle er ikkje langsint og alle vert venner igjen.
Vi har fleire bøker av Polly Dunbar, ta kontakt med oss neste gong du er på biblbioteket.
Etiketter:
biletbøker,
gøymespel,
Polly Dunbar,
venner
tirsdag 27. mars 2012
Når det slutter å snø av Komako Sakai
Dette er ei poetisk og vakker biletbok om den vesle kaninen som ikkje kan gå i barnehagen fordi det har snøa så mykje. Han og mor må vere heime og vente til det slutar å snø. Det er mykje som må vente, å gå ut og handle, leike og at pappa kjem heim. Kanskje det berre er kaninen og mor hans her i hele denne store byen? For ingen er ute og snøen laver ned. Om kvelden slutar det å snø og då er det tid for å gå ut, lage spor, lage snømenn og snøspøkjelse og i morgon kan pappa komme heim for no har det sluta å snø.
Forfattaren Komako Sakai er frå Japan, ho har arbeidd som tekstilkunstnar før ho begynte å lage biletbøker. Ho har fått fleire prisar for bøkene sine.
Forfattaren Komako Sakai er frå Japan, ho har arbeidd som tekstilkunstnar før ho begynte å lage biletbøker. Ho har fått fleire prisar for bøkene sine.
Etiketter:
biltebøker,
Japan,
snø
tirsdag 28. februar 2012
Stella snødronning
Kan snøenglar flyge og syngje? Dette og mange andre spørsmål om vinter og snø får du svar på i denne vakre og nesten poetiske boka av Marie-Louise Gay. Sam ser snø for første gong og har mange tankar og spørsmål om snøen som Stella svarar på etter beste evne. Og svara til Stella er fatasifulle og nydelege. Visste de til dømes at snøen er kald som vaniljeis og mjuk som pelsen til ein liten kanin? Eller at vatnet frys til eit kjempesvært sølvspeil? Alle desse spørsmåla og svara kombinert med dei flotte og vare bileta som forfattaren sjølv har måla, vert tilsaman til ei nydeleg biletbok som eg anbefaler til snøglade i alle aldre.
torsdag 23. februar 2012
Jeg er jo her
Det er mykje å vere redd for her i verda, og dette har Constance Ørbeck-Nilsen skrive ei nydeleg biletbok om. Wilhelm og farmor går på tur, og Wilhelm vil at farmor skal fortelje han kva ho er redd for. Men han oppdagar fort at ho ikkje er redd for det same som han. Wilhelm er redd for haiar, mørker, store hundar og andre ting som ofte er skummelt for barn. Farmor, derimot, er redd for å miste dei små kvardagslege gledene i livet. Til dømes er ho redd for at ho ein dag ikkje skal sjå ekornet, blomane langs stien og andre nære ting meir. Farmor fortel at gamle menneske skal døy, og at ho er redd for å miste alt det ho er så glad i. Sjølv om temaet i boka er redsle, blir likevel boka ei varm skildring av dei små gledene i livet som er så viktige for oss og av det gode forholdet mellom Wilhelm og farmor. Dei nydelege illustrasjonane til Akin Düzakin bygger opp under denne skildringa.
Etiketter:
barn og vaksne,
besteforeldre,
død,
høgtlesing,
kjensler,
livsglede,
natur,
redsle,
skog,
Skogstur
torsdag 16. februar 2012
Opp og ned
Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




