fredag 30. november 2012

Rumpemelk fra Afrika

Marko kjedar seg og er tørst, men det einaste han vil drikke er Rumpemelk frå Afrika. Det hjelper ikkje at mamma og pappa seier at det ikkje finst noko som heiter rumpemelk, og at det dessutan ville smakt veldig dårleg om det hadde funnest, Marko er fast bestemt på at det kun er det han vil ha! Derfor tar han bussen til Afrika for å finne denne edle drikk. Han spør alle han møter, men ingen har høyrt om rumpemelk...ikkje før han møter ein gråtande elefant som ikkje er så god til å lyge som dei andre dyra han har møtt. Marko hjelper elefanten å finne brillene han har mista, og til gjengjeld får Marko med seg ein tankbil full av rumpemelk heim igjen. Og gjett kva? Det smakar kjempegodt!
I denne boka har Erlend Loe sin fantasifulle tekst blanda med  Alice Bjerknes Lima de Faria sine sprelske og fargesterke bilete blitt til eit fantastisk, barnsleg og utruleg morosamt univers små og store barn.
Les denne for barna, og le høgt saman med dei!

tirsdag 13. november 2012

Historia om korleis hunden fekk våt snute

Kenneth Steven har i denne boka gjenfortalt ein gammal fabel om Noah og hunden, og saman med Øyvind Torseter sine bilete vart resultatet både kjekt og morosamt!  I boka møter me Noah som lagar ein flott båt fordi det regnar så mykje, og når båten er ferdig får alle slags ekle og mindre ekle dyr komme ombord i båten. Aller sist kjem Noah sin trufaste blandingshund. Når alle er ombord kjem det ei kjempebølgje og tek med seg båten. Dei er lenge på sjøen, og Noah har det forferdeleg travelt med å mate alle dyra. Men ein dag går det hull i båten, og sjølv om hullet er lite er det stort nok til at vatnet fossar inn. Kva kan Noah gjere? Han er langt til havs og det fins ikkje land i heile verda... Heldigvis passar snuten til hunden perfekt i holet, og Noah og dei andre passasjerane feirar med ein skikkeleg fest. Hunden er trufast og skjønar at han må stå heilt i ro, så dei neste 30 døgera står han under dekk med snuten i holet, heilt til skipet treff land og alle kan komme ut av båten. Boka er skriven på nynorsk og med ein vittig undertone. Bileta understreker det vittige med mange morosame detaljar i strekteikningane.

tirsdag 16. oktober 2012

To blå hus

Dette er ei anleis teljebok, for her kjem ikkje tala fint etter kvarandre, men litt i hulter til bulter. Dei to blå husa bur langt mot nord, ved foten av ei høgt fjell. Nokre gongar får dei besøk. Ein morgon kom ni sokkar gåande forbi, dei skulle løpe sekstimeter med nokre ullsokkar frå nabobygda. Sokkane lurte på om dei to blå husa ville vere med, men dei var for støle. Litt seinare kom åtte ballongar, så kjem det to stolar, tre teposar og så bort etter. Alle som besøker dei vil gjerne ha dei med på både det eine og det andre, men husa føretrekk å bli ståande og vente på at endå fleire skal komme forbi.
Dette er ei forteljing full av humor for både store og små. Elle K Okstad er ein røynd illustratør som uredd brukar heile fargeskalaen og får alle besøkande og husa til å stå fram med sine karakteristika. Rut Teian debuterar med denne boka og den bør ho få skryt for.

mandag 8. oktober 2012

Malemester grønn

Det er designgruppa Yokoland som står bak denne boka, som handlar om fargar. Vi ser ikkje så mange fargar i boka, men dei fleste blir snakka om og når vi snakkar om dei så dukkar dei opp i tankane våre. Ein kunne kanskje tru at dette er ei av dei såkalla eksperimentelle biletbøkene som vi har sett ein del til opp igjennom åra? Denne boka har ei stam og gjennomgåande historie om Malermester Grønn som skal male ulike ting og no har spannet med grøn maling blitt borte. Dette må vi som lesarar hjelpe han å løyse og slik blir det jakt, undring og samtale om fargar av. Det er viktig med utforsking av språk og det mellom anna, får vi vere med på her.

tirsdag 2. oktober 2012

Bjørn reiser med fly

Skal du reise med fly? Då kan det vere ein god ide å førebu seg ved å lese denne boka avAdele Jaun som har laga boka om Bjørn og kva han må gjere når han skal reise med fly. Boka er ein gjennomgang av alt ein må gjere før du skal reise med fly, på flyplassen, i flyet og når flyet lander og du er framme. Alt blir forklart i tekst og bilete og utstyrt med ein slik rettleiing kan sjølv ein engsteleg førstegangs reisande kjenne seg heilt trygg.

torsdag 27. september 2012

Jason av Camilla Mickwitz

Var du liten på slutten av 70-talet eller byrjinga av 80-talet er det gode sjansar for at du hugsar Jason frå barndommen. Aschehoug forlag har laga ein serie som dei kallar for Aschehoug RETRO, og i denne serien har dei trykka opp att den gamle historia om Jason på nytt. Sjølv kjenner eg at eg vert varm om hjartet når eg les historia eg likte så godt då eg var lita, men som vaksen ser eg og andre kvaliteter med boka enn dei eg hugsar.
Jason bur i ei blokk saman med mora, Gudrun. Gudrun har det alltid forferdeleg travelt, så Jason regelrett flyg etter henne der ho drar han med seg til dagmammaen, til butikken og heim for å lage middag. Grunnen til at ho har det travelt er at ho må arbeide for å skaffe pengar til det ho og Jason treng. Fordi det blir for knapt med fabrikkløna ho har, må ho i tillegg jobbe om kveldane som modell. Då er Jason med og ser på. Når Gudrun synest at det blir slitsomt med modelljobben, tenkjer ho på at ho kan få vinterfrakk til Jason for pengane, og då orkar ho litt meir. Men av og til har Gudrun fri - då går ho til frisøren der ho kan sitje stille og prate med Jason, eller ho bakar bollar saman med han.
Sjølv om boka er frå 1975, og Jason er hjå dagmamma i staden for i barnehage, trur eg at den travle kvardagen boka beskriv er noko mange førskulebarn kjenner seg att i. På ein fin måte viser boka at foreldre ikkje har det så travelt fordi dei ikkje vil vere saman med barna,  men fordi dei vil ha ein god nok økonomi til å gje barna det dei treng.
Bileta i boka er fargesterke, enkle og naive,  og støttar godt opp under teksten.

onsdag 26. september 2012

Misunnelige Magda

Magda er misunneleg, enda ho ikkje vil vere det. Ho er misunneleg på lillesøstera som slipp å kle på seg sjølv, ho er misunneleg på Elvine som har fått ny kvit genser og ho er misunneleg på Klara som vågar gå på bommen og balansere. Det er ikkje lett å vere Magda! Kjenslene bobler i ho og så koker det over og ho gjer noko ho ikkje skulle gjort. Ho spring bort, men heldigvis for Magda treff ho Jon som oppdagar at Magda er flink til noko.
Gjennom praten med Jon skjønar Magda at vi ikkje kan vere flinke til alt heile tida, men gjer vi noko gale så må vi rydde opp i sakene og.
Stina Langlo Ørdal er illustratør og forfattar til denne boka. Ho har tidlegare illustrert fleire biletbøker og ho har ein lett gjenkjenneleg strek og fargebruk. Personane har store hovud og fargane er kjølege, sjølv om det handlar om eksplosive kjensler. Dette er eit smart grep for gjennom denne distansen kan lesaren få tid til å tenke på kva han les og med eit slikt tema er nok det nødvendig.

torsdag 12. juli 2012

Bronto Biff på Café Olala

Bronto Biff er ein merkleg dinosaur! Han et ikkje kjøt, ikkje fisk og ikkje grønsaker om dei ikkje er svarte. Han et berre einsfarga svart mat! Ein dag spør han seg sjølv om dette er alt? Han vil gå på restaurant og der et han alt som finnest på menyen på ein gong. Er det lurt? Men Bronto Biff kan gamle dinosaurtriks så det går bra til slutt.
Dette er ei frisk og fin bok om å våge å ete noko ein aldri har prøvd før. Teikningane er store og klare med eit par liner på kvar side. Det er Nhu Diep som har laga denne boka.

onsdag 4. juli 2012

Oliver

Har du nokon gong tenkt på kven som fann opp rullestolen? Og kva dei gjorde før dei hadde rullestolar? Line sin farfar har aldri kunna gå, men då han var liten var det enno ingen som hadde funne opp rullestolen. Oldefar til Line fann opp både mekaniske bukser, ballongstolar, stolar med springfjær og delfinar med stolar på ryggen. Det var ulemper med alle, men til slutt fekk dei høyre om villrullestolane på dei persiske slettene. Oldefar og farfar reiste til Persia og der klarte dei å fange ein villrullestol som var skada av ein odadrek. Dei klarte å få villrullestolen frisk att, men farfar måtte lære seg å ri på villrullestolen før dei vart skikkelege venner. Farfar kalla rullestolen sin for Oliver og dei var saman alltid. Når Oliver vart gamal og berre ville sitte foran peisen laga oldefar ein ny rullestol akkurat som Oliver og slik vart rullestolen funne opp. Det er Jan Grue som har skrive boka og Eivind Gulliksen har teikna dei elleville illustrasjonane. Her er det mykje å sjå på og snakke om, ei morosam bok om meistring og livsglede.

onsdag 27. juni 2012

Har du sett katten vår?

Har du katt? Viss du har det har du sikkert tenkt på at han kanskje kunne gå sin veg. - kanskje han og har gjort det? Gått sin veg og blitt borte og kanskje ikkje kome heim ein gong! Dette er ei bok om kattar som går sin veg av ulike grunnar. Nokon får betre mat hos naboen, nokre kattar blir forelska og nokre kattar vil gjerne køyre trikk. Nokre kattar kjem heim att etter ein dag eller to, medan andre ikkje kjem heim før etter fleire veker eller til og med månader og nokre kjem ikkje heim i det heile.
I denne boka kan du lese om mange ulike kattar og kva som gjer at dei ikkje er heime heile tida. Boka er på vers og det er både morosamt og litt sørgjeleg å lese denne.
Det er Åshild Skadberg som har skrive boka og Line Halsnes har teikna mange flotte kattebilete.
Boka passar for barn frå 3 år og oppover, har du katt må du berre lese denne.

fredag 27. april 2012

Vampyrlus

Selma Lønning Aarø, forfattar og Tiril Valeur, illustratør har saman skreve Vampyrlus! Dette er forteljinga om Mimmi og Mattis som er bestevenner. Dei går i barnehagen saman og de bor i same hus, men i kvar sin oppgang. Kvar ettermiddag etter barnehagen lekar dei saman i sandkassa. Dei bygger ein by der Mimmi er ordførar og Mattis arbeider på bensinstasjonen. Mattis vaskar bilen til ordføraren og kjem med is og bolle når ordføraren bed om det. Når Mattis faller og slår seg, er det Mimmi som kjem med vatn og plaster. Alt er fryd og gammen heilt til Astrid med langt krøllete hår flytter inn i same oppgang som Mattis. For Mattis vil vere med Astrid og han viser henne kor alt er og han lekar med henne i sandkassa. Mimmi synes Mattis er kjempeteit! Ein dag ser hun ein gut uten hår på hovudet, det er Anton og han kan fortelje at mor hans klipte vekk alt håret hans fordi han hadde fått lus. Anton fortel Mimmi alt om lus, eller vampyrlus - for det er eigentlig det dei er - de suger blod ut av små barn! Mimmi får ein ide! Ho går og klemmer noen gutar på skulen, for på skulen er det mange som har lus. Ho låner lua til Oskar og ligg med ho om natta for i lua til Oskar må det vere lus. Planen er at Mimmi skal få lus og så skal ho klemme Anita og da får ho lus og kva skjer med håret til Anita da? - berre tenk!
Sjalusi og hemn, dette kan vi relatere til alle saman, men Aarø og Valør gjør det med innleving og eit godt glimt i auget. Dette er ei morosam og småspannande bok for de store barna i barnehagen.

tirsdag 24. april 2012

Emilie lager en katt

Bjørn Arild Ersland og Lilian Brøgger har laga Emilie lager en katt saman. Dette er ei biletbok der tekst og bilete er heilt integrert i kvarandre, teksten seier bare det som er høgst nødvendig og bileta ber forteljinga. Lilian Brøgger er dansk illustratør med ei stor produksjon bak seg. Hun våger å lage enkle bilete, stole heilt på streken og at ho teiknar til ein medskapande leser. Denne gangen er det forteljinga om Emilie som vil lage ein katt. Pappa spør om ho kan ha med seg Max, for han vil sove. Det er klart Emilie lar Max vere med for då har ho alt ho treng: maling, kostar og Max, veslebroren. Det er Max som er lerretet hennar og etter som malinga skrid fram blir Max meir og meir fargerik og lei, mens Emilie maler i ei salig rus av farger. Det ender med at både Emilie og Max kryper inn i senga til pappa og søv saman med ham. Ei kjekk lita bok å lese saman med førskulebarn.

onsdag 28. mars 2012

Les bøker av Polly Dunbar

 På biblioteket har vi kjøpt inn fleire bøker av Polly Dunbar og dei to siste er Hvor er Elling? og Perle pynter seg. På første sida i bøkene står det: Tilly og vennene hennes bor sammen, alle sammen, i et lite gult hus...
I boka Hvor er Elling? får vi lese historia om kor vanskeleg det er å vere elefant og leike gøymespel. Elling prøver på mange måtar å gøyme seg, men alle kan sjå han sjølv om han lukker auga hardt igjen. Dei andre ler av han, men Elling gir seg ikkje. Til slutt klarer han det og då må alle vennene ut og leite etter han.
I boka Perle pynter seg er det høna Perle som pyntar seg med leppestift og neglelakk. Dei andre vil og pynte seg, men Perle vil ikkje dele. Elling tar veska hennar og plutseleg har både grisen Hector, krokodillen Dille og elefanten Elling fått fin sminke på seg. Perle blir sint og lei seg og vennene hennar ber om unnskyldning. Perle er ikkje langsint og alle vert venner igjen.
Vi har fleire bøker av Polly Dunbar, ta kontakt med oss neste gong du er på biblbioteket.

tirsdag 27. mars 2012

Når det slutter å snø av Komako Sakai

Dette er ei poetisk og vakker biletbok om den vesle kaninen som ikkje kan gå i barnehagen fordi det har snøa så mykje. Han og mor må vere heime og vente til det slutar å snø. Det er mykje som må vente, å gå ut og handle, leike og at pappa kjem heim. Kanskje det berre er kaninen og mor hans her i hele denne store byen? For ingen er ute og snøen laver ned. Om kvelden slutar det å snø og då er det tid for å gå ut, lage spor, lage snømenn og snøspøkjelse og i morgon kan pappa komme heim for no har det sluta å snø.
Forfattaren Komako Sakai er frå Japan, ho har arbeidd som tekstilkunstnar før ho begynte å lage biletbøker. Ho har fått fleire prisar for bøkene sine.

tirsdag 28. februar 2012

Stella snødronning

Kan snøenglar flyge og syngje? Dette og mange andre spørsmål om vinter og snø får du svar på i denne vakre og nesten poetiske boka av Marie-Louise Gay. Sam ser snø for første gong og har mange tankar og spørsmål om snøen som Stella svarar på etter beste evne. Og svara til Stella er fatasifulle og nydelege. Visste de til dømes at snøen er kald som vaniljeis og mjuk som pelsen til ein liten kanin? Eller at vatnet frys til eit kjempesvært sølvspeil? Alle desse spørsmåla og svara kombinert med dei flotte og vare bileta som forfattaren sjølv har måla, vert tilsaman til ei nydeleg biletbok som eg anbefaler til snøglade i alle aldre.

torsdag 23. februar 2012

Jeg er jo her

Det er mykje å vere redd for her i verda, og dette har Constance Ørbeck-Nilsen skrive ei nydeleg biletbok om. Wilhelm og farmor går på tur, og Wilhelm vil at farmor skal fortelje han kva ho er redd for. Men han oppdagar fort at ho ikkje er redd for det same som han. Wilhelm er redd for haiar, mørker, store hundar og andre ting som ofte er skummelt for barn. Farmor, derimot, er redd for å miste dei små kvardagslege gledene i livet. Til dømes er ho redd for at ho ein dag ikkje skal sjå ekornet, blomane langs stien og andre nære ting meir. Farmor fortel at gamle menneske skal døy, og at ho er redd for å miste alt det ho er så glad i. Sjølv om temaet i boka er redsle, blir likevel boka ei varm skildring av dei små gledene i livet som er så viktige for oss og av det gode forholdet mellom Wilhelm og farmor. Dei nydelege illustrasjonane til Akin Düzakin bygger opp under denne skildringa.



torsdag 16. februar 2012

Opp og ned

Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.

onsdag 15. februar 2012

Veslefantens reknebok

Camilla Lundsten har skrive fleire bøker om Veslefanten. Dei andre bøkene er peikebøker der og vennene Makkus og Kanina og er med. Veslefantens reknebok er ei bok for litt større barn for her er det ein del tekst og det er reknestykke som nok vil passe best for fire og femåringane. Teksten stiller spørsmål til lesaren slik som: Kor mange fiskar er det i bøtta? og Kva for fiskar er det ein av? Slik lærar barna å telje og å sjå på mønster for å skilje ting frå kvarandre. Illustrasjonane er enkle og fargesterke og spørsmåla gjer dette til ei bok å snakke saman om.

fredag 13. januar 2012

Savnet

Dette er den fjerdje boka Kaia, Bendik og Trond Brænne har skrive om hesten, grisen, høna, kaninen og skjæra som er gode vener og bur på ein gard. I denne boka byrjar skjæra å føle seg utanfor. Ho er den einaste som bur høgt oppe i eit tre, medan dei fire andre dyra held til nede på bakken. Ho føler det som om ho ikkje heilt høyrer til på garden, og for å finne ut av dette spør ho dei andre dyra kva dei meiner. Dei klarar ikkje å gje henne den samkjensla som ho er ute etter, så skjæra flyg skuffa tilbake til reiret sitt. Seinare på dagen oppdagar dei andre dyra at det heng eit saftig eple øvst i eit tre. Dei prøvar på alle tenkelege måtar å få ned eplet, men rekk ikkje opp til det. Sidan grisen er ein klok fyr, får han i oppgåve å tenkje ut noko lurt. Etter å ha tenkt seg godt om kjem han på at dei kan spørje skjæra. Men kor i all verda er det blitt av skjæra? Ho er ikkje i reiret sitt, og ingen andre stader heller, men i stallen finn dei eit brev frå ho. Det er ein invitasjon til innflytningsfest i skjæra sitt nye reir. Tenk at ho har flytta frå dei... Dyra pyntar seg og går på fest. Men no er det deira tur til å kjenne seg utanfor. Det nye reiret er høgt oppe, og det er mange andre skjærer der og. Dyra frå garden kjenner at dei ikkje passar heilt inn. Etter ei lita stund tuslar dei heim og ser på det tomme skjærereiret, og no ser dei alt det positive som dei saknar når skjæra er borte!
Denne boka omhandlar, som dei andre i serien, eit viktig tema: Korleis er vi mot kvarandre? Er vi flinke nok til å setje pris på kvarandre og vise det? Etter å ha brukt den i ei eventyrstund for 3-5-åringar, ser eg at dette kjem godt nok fram til at borna i denne alderen merkar sorga hos skjæra når ho kjenner seg utanfor. Boka er difor eit fint utgangspunkt om ein vil snakke med dei om venskap og om korleis ein kan vise andre at ein bryr seg om dei. Dei sjarmerande teikningane til Per Dybvig er med på å understøtte teksten og kjenslene i boka og hjelper barna å følgje med i handlinga.
Andre bøker om dei fem venene på garden: