torsdag 10. januar 2013

Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

Jakob og Neikob er to gode vener med litt begrensa ordforråd. Jakob kan ikkje sei nei, berre ja, og Neikob kan ikkje sei ja, berre nei. Sjølvsagt fører dette til visse utfordringar og når dei to gode venene bestemmer seg for å fange tjuven, utnyttar tjuven denne svakheita. Det endar opp med at politiet arresterer Jakob i staden for tjuven, og både Jakob og Neikob synest det er stusseleg at Jakob må sitje i fengsel for noko han ikkje har gjort. Etter ei vond natt får Neikob ein god ide, men for at den skal fungere må Jakob klare å seie NEI til tjuven...og det klarar han, heldigvis! Boka er uhyre spennande for dei minste og morosam for dei litt større, og dei naive og fargesterke bileta er gode å sjå på for både små og store barn.
Hausten 2012 vann Kari Stai brageprisen for denne boka, noko som var vel fortent!
Dette er andre boka om Jakob og Neikob. Begge er gode, men eg meiner at denne er aller best. Passar frå ca. 3 år og oppover, og har nynorsk tekst.

Du kan sjå om boka er inne eller reservere den på eit av nordhordlandsbiblioteka her:
http://mittnordhordland.no/work?workId=c140dfa5-fcf3-4a4b-bbbe-a06100a1a1fb