torsdag 27. september 2012

Jason av Camilla Mickwitz

Var du liten på slutten av 70-talet eller byrjinga av 80-talet er det gode sjansar for at du hugsar Jason frå barndommen. Aschehoug forlag har laga ein serie som dei kallar for Aschehoug RETRO, og i denne serien har dei trykka opp att den gamle historia om Jason på nytt. Sjølv kjenner eg at eg vert varm om hjartet når eg les historia eg likte så godt då eg var lita, men som vaksen ser eg og andre kvaliteter med boka enn dei eg hugsar.
Jason bur i ei blokk saman med mora, Gudrun. Gudrun har det alltid forferdeleg travelt, så Jason regelrett flyg etter henne der ho drar han med seg til dagmammaen, til butikken og heim for å lage middag. Grunnen til at ho har det travelt er at ho må arbeide for å skaffe pengar til det ho og Jason treng. Fordi det blir for knapt med fabrikkløna ho har, må ho i tillegg jobbe om kveldane som modell. Då er Jason med og ser på. Når Gudrun synest at det blir slitsomt med modelljobben, tenkjer ho på at ho kan få vinterfrakk til Jason for pengane, og då orkar ho litt meir. Men av og til har Gudrun fri - då går ho til frisøren der ho kan sitje stille og prate med Jason, eller ho bakar bollar saman med han.
Sjølv om boka er frå 1975, og Jason er hjå dagmamma i staden for i barnehage, trur eg at den travle kvardagen boka beskriv er noko mange førskulebarn kjenner seg att i. På ein fin måte viser boka at foreldre ikkje har det så travelt fordi dei ikkje vil vere saman med barna,  men fordi dei vil ha ein god nok økonomi til å gje barna det dei treng.
Bileta i boka er fargesterke, enkle og naive,  og støttar godt opp under teksten.

onsdag 26. september 2012

Misunnelige Magda

Magda er misunneleg, enda ho ikkje vil vere det. Ho er misunneleg på lillesøstera som slipp å kle på seg sjølv, ho er misunneleg på Elvine som har fått ny kvit genser og ho er misunneleg på Klara som vågar gå på bommen og balansere. Det er ikkje lett å vere Magda! Kjenslene bobler i ho og så koker det over og ho gjer noko ho ikkje skulle gjort. Ho spring bort, men heldigvis for Magda treff ho Jon som oppdagar at Magda er flink til noko.
Gjennom praten med Jon skjønar Magda at vi ikkje kan vere flinke til alt heile tida, men gjer vi noko gale så må vi rydde opp i sakene og.
Stina Langlo Ørdal er illustratør og forfattar til denne boka. Ho har tidlegare illustrert fleire biletbøker og ho har ein lett gjenkjenneleg strek og fargebruk. Personane har store hovud og fargane er kjølege, sjølv om det handlar om eksplosive kjensler. Dette er eit smart grep for gjennom denne distansen kan lesaren få tid til å tenke på kva han les og med eit slikt tema er nok det nødvendig.