tirsdag 7. juli 2015

Dele!

Akk, desse småsøskena! Med baby i huset blir det mykje å måtte dele på for ei storesyster. Men det skal ho ha: ho deler ofte, om enn litt motvillig, både bamser og bøker, spel og koseteppe. Dele badekar derimot er for eksempel veldig gøy. Og kosestunda med mammaen ved sengetid er heilt uproblematisk. 
Dette er ei kjekk bok for dei som har kreative småbarn i " vilhelstikkjedele"-alderen, og kan vere eit fint bakteppe for samtalar om dette litt trøblete temaet. Originalteksten er ved Anthea Simmons og Georgi Birkett har stått for illustrasjonane. Boka er gjendikta til norsk ved Fartein Døvle Jonassen. Engelsk tittel er "Share".

tirsdag 16. juni 2015

Gutten som var uheldig på badet

"Dette er bare mitt hår, ingen andre har dette håret" tenker fem år gamle Per ein dag han står på badet og ser seg sjølv i speilet. Han lurer på om alle tankane hans ligg inni hovudet saman med alt håret. Ein kan i det heile fundere mykje på korleis alt fungerer i kroppane våre. Per vil fikse litt på sveisen og tar til å eksperimentere med faren sin barberingsmaskin. Enden på visa vert eit heller eggeforma hovud. Når søndagen kjem vert det ein disputt om det å gå med lue i kirka. Per meiner at når presten går med kjole utanpå buksa må vel han kunne gå med lua si!  Eg kan sjå for meg at det kan verte nokre artige samtalar undervegs i lesinga av denne forteljinga. Boka er illustrert med utrykksfulle teikningar ført i pennen av Bon Tomme (Tom Andre Håland ). Tore Thomassen har laga teksten.
Sjå og : Gutten som var uheldig i kirken
Sjå og Luther Forlag.

torsdag 9. april 2015

Hvorfor er jeg her?

Dette er eit av dei store spørsmåla i livet og barn gjer og sine tankar om dette. Constance Ørbeck-Nilssen og Akin Duzakin har sett saman ord og illustrasjonar i ei vakker, lågmælt bok. Illustrasjonane fyller ut tankane i teksten. Dei er enkle, men og komplekse fordi dei snakkar til kjenslene våre.
Boka har fått denne omtalen på bokmesse i Bologna, Spania: "Special Mention of the Jury, Bologna Ragazzi Award, 2015. «At once traditional and fresh, this is a poetic tale of child imagining wide vistas far beyond her familiar world. The book’s landscape format features soft and dreamy full-page illustrations that quickly draw readers deep into the protagonist’s fantasy world.»" ( sjå Magikon forlag )

Når jeg blir storebror.

Å bli storebror er ei stor sak og gjev mykje å tenke på for ein liten pjokk. Ein kan sjå for seg kor sterk ein kan bli, kor fort ein kan springe, kor høgt ein kan hoppe og andre slike ting. Men ein kan og lure på om mamma og pappa fortsatt vil ha tid til viktige saker som å kitle ein på magen eller leike hest.
Elisabeth Moseng står bak både tekst og illustrasjonar i denne vesle biletboka. Illustrasjonane dekker alle sidene og understrekar tankane til guten. Dette er ei fin bok å lese når skal førebu seg på store endringer på heimebane.

tirsdag 20. januar 2015

Mathilde vinker

Mathilde er glad i å leike med andre barn og er veldig klar for å begynne i barnehagen. Men ho får ikkje leika så mykje som ho vil for det tar så kjempelang tid før mamma og pappa er ferdig med å snakke og vinke når dei skal gå om morgonen. Etterkvart vert Mathilde nesten litt fortvila over all denne vinkinga. Men ho finn eit godt råd den dagen begge foreldra er med i barnehagen. Dei humoristiske illustrasjonane i boka viser mange kreative måter å vinke på.
Tine Bruun har laga teksten, medan
Dina Gellbert ( forfatterweb.dk ) står for illustrasjonane. Boka er oversatt frå dansk av Elin Hagen.

Hokus Pokus 1-2-3

" I ein hemmeleg skog,
bak ei hemmeleg tue,
der bur det ei heks
i ei hemmeleg stue...."
Slik opnar Sissel Horndal si bok om tall og telling, så dersom småskumle saker og hekser er tingen, er det berre å sette i gang. Vi blir med inn i huset til heksa og får eit nytt vers på annakvar side saman med fargerike illustrasjonar full av detaljar. Versa går på rim og her er godt med humor både i tekst og bilete. Nedst på kvar side står tala pent og pynteleg i rett rekkefølgje slik at det er lett å følgje med kor ein er i tellinga. Til slutt får vi vite kva heksa gjer med talet 20 når ho ikkje får sove.
Nynorskbok.no kan de lese ein lengre omtale av boka.

mandag 12. januar 2015

Odd og Todd fiffige oppfinnelser gjennom tidene

Barnebokkritikk.no skriv utfyllande om bøkene om Odd og Todd. I denne boka tek dei to karane for seg steinalder-signalsystem, hjulsorterings-puttekasse, gamalegyptisk morgonstell-automat og mykje anna. Bileta er fulle av detaljar og rare ting å sjå på. Teksten fortel litt, men dette er stort sett ei leite og finne, prate og undre seg bok. Fire og femåringar med sans for detaljar og vaksne med sans for rare oppfinningar vil ha ei og sikkert fleire fine stunder med denne boka. Biblioteket har fleire bøker om Odd og Todd, berre spør når du kjem innom. Bøkene er skreve av Aino Havukainen og Sami Toivonen.

fredag 9. januar 2015

Ambulanse på utrykning

Denne vesle boka fortel om kva som skjer når ein ambulanse er på utrykning, heilt frå naudropet kjem til dei er på sjukehuset med han som er skadd. Boka har enkelt tekst med store bokstavar og nøkkelorda er utheva slik at det skal vere enkelt for ein urøynd lesar å komme igjennom denne. Bak i boka ser vi nærare på kva som finnest i ein ambulanse og andre utrykningskøyrety. Dette er ei boka som høver for dei som bilar og særleg dei som lagar lyd! Boka er skreve av Peter Bently og illustrert av Martha Lightfoot.

torsdag 8. januar 2015

Politi på patrulje

Denne boka handlar om kva konstabel Katt gjer når han og overkonstabel Pus er ute på oppdrag. Dei får høre at Langfingrede Fred er sett nær kunstgalleriet i byen og han er kjend for å stele bilete av fisk. Konstabel Katt og Overkonstabel Pus tar saka.
Dette er ei bok med stor skrift, nøkkelorda i forteljinga er til og med utheva slik at det skal vere enkelt å få med seg innhaldet for ein ny lesar. Bak i boka kan vi får vite meir om kva som er i ein politibil og vi får sjå andre transport midlar som politiet brukar. Boka er skreve av Peter Bently og illustrert av Martha Lightfoot