tirsdag 13. august 2013

Vaffelmøkk

Tore Renberg og Øyvind Torseter har tidlegare laga bøkene "Gi gass, Ine" og "He, he, Hasse" saman om radarparet Ine og Hasse. No har bok nummer tre kome ut, og den syner seg å vere like bra som dei forrige. Denne gongen held Ine på å steike vaflar då ho høyrer at Hasse gret. "Vaffelmøkk", gret Hasse,  "baffeltøkk", "paffelkløkk". Som den gode storesystra Ine er prøver ho alle slags metoder for å finne ut kva Hasse eigentleg meiner. Ho kler seg ut som doktor for å finne ut om han har vondt nokon stader, som politi, tjuv og trollmann. Men det einaste ho får ut av Hasse er ulike variantar av ordet vaffelmøkk. Tilslutt kjem Hasse på at han kan vise henne ballen som sit fast i treet, og då forstår Ine at Hasse vil ha gaffeltrucken til å få ned att ballen.

Boka er morosam og alvorleg på ein gong, og vil falle i smak både hjå barnet som skal høyre på og den vaksne høgtlesaren. Den tar på kornet problema ein kan ha med å forstå smårollingane våre, og kor fortvilande morosame dei nye orda kan bli. Den viser og ei empatisk storesyster som med kløkt og fantasi prøver å forstå veslebror sin. Øyvind Torseter sine flotte bilete er laga i collageteknikk og følgjer teksten. Bileta har og mange flotte detaljar og er fine å følgje med på for barnet.
Eg spår at denne boka vert ein gjengangar i mange heimar!

fredag 22. mars 2013

klokkeboken

       
Lær klokka gjennom artige, små rim om klokka Anne, dronninga Sara, klovnen Kjell, gartneren Fred og mange fleire. Denne boka er berekna for barn 3-8 år. Den er artig for barn og unge som ikkje kan klokka heilt endå. Klokka går heilt til tolv og er ikkje så vanskeleg å forstå. Det er mykje artige bileter og teikningar, og dei er tydelege og med mange morosame detaljar! Heilt perfekt til akkurat deg! Tenk på det...
Mona Fossdal har laga denne flotte boka.

-Skriven av Thea, grunnskuleelev med praksisdag på biblioteket-

Hva gjør PEPSI?

Pepsi tar lillesysters bamse, drikk vatn frå doen, stikk av frå pappa og gneg på mammas sko.
Likevel er han verdas beste hundekvalp!
Det er veldig tydelige bilete i denne boka,  med sterk fargebruk. Pepsi er ein skjønn hundekvalp som er både rampete og snill. Dette er ei bok for dei aller minste som ikkje har så veldig mykje tålmod...men den er samtidig veldig morosam for dei eldste og!
Det er Henriette Nilsen som har laga boka.

-Skriven av Thea, grunnskuleelev med praksisdag på Meland bibliotek-

Bronto Biff


Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur, med ein merkeleg diett. Han et nemleg berre svart mat, og et ikkje kjøtt.
Han et ikkje grønsaker med mindre dei er svarte. Han kjem til å tenke på at det må då  finnast meir å gjere på i livet enn å berre ete svarte ting. Og så ein kveld fann han svar på dette. Han ville gå på Cafe Olala,
men det gjekk så lang tid til dei la merke til han at når det var hans tur var han så trøtt av å vente at han bestilte alt på menyen, men etter at han hadde ete opp følte han seg veldig rar, kanskje det var litt masse på ein gong? Han kom på at han hadde eit gamalt dinosaur triks.Aaarggg!Oh... 
Ferdig! Bronto er seg sjølv igjen. Dagen etter var han i butikken, og han hadde kjøpt masse fargerik mat.

Dette er ei bok eg kan anbefale for dei minste. Det er ei god bok med mykje bileter, og har mykje fantasi.
Det handlar om ein dinosaur som oppdagar ny mat, og er skriven på nynorsk av Nhu Diep.

-Skriven av Ellinor, grunnskuleelev som har hatt arbeidspraksisdag på Meland bibliotek-

torsdag 10. januar 2013

Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

Jakob og Neikob er to gode vener med litt begrensa ordforråd. Jakob kan ikkje sei nei, berre ja, og Neikob kan ikkje sei ja, berre nei. Sjølvsagt fører dette til visse utfordringar og når dei to gode venene bestemmer seg for å fange tjuven, utnyttar tjuven denne svakheita. Det endar opp med at politiet arresterer Jakob i staden for tjuven, og både Jakob og Neikob synest det er stusseleg at Jakob må sitje i fengsel for noko han ikkje har gjort. Etter ei vond natt får Neikob ein god ide, men for at den skal fungere må Jakob klare å seie NEI til tjuven...og det klarar han, heldigvis! Boka er uhyre spennande for dei minste og morosam for dei litt større, og dei naive og fargesterke bileta er gode å sjå på for både små og store barn.
Hausten 2012 vann Kari Stai brageprisen for denne boka, noko som var vel fortent!
Dette er andre boka om Jakob og Neikob. Begge er gode, men eg meiner at denne er aller best. Passar frå ca. 3 år og oppover, og har nynorsk tekst.

Du kan sjå om boka er inne eller reservere den på eit av nordhordlandsbiblioteka her:
http://mittnordhordland.no/work?workId=c140dfa5-fcf3-4a4b-bbbe-a06100a1a1fb