tirsdag 13. august 2013

Vaffelmøkk

Tore Renberg og Øyvind Torseter har tidlegare laga bøkene "Gi gass, Ine" og "He, he, Hasse" saman om radarparet Ine og Hasse. No har bok nummer tre kome ut, og den syner seg å vere like bra som dei forrige. Denne gongen held Ine på å steike vaflar då ho høyrer at Hasse gret. "Vaffelmøkk", gret Hasse,  "baffeltøkk", "paffelkløkk". Som den gode storesystra Ine er prøver ho alle slags metoder for å finne ut kva Hasse eigentleg meiner. Ho kler seg ut som doktor for å finne ut om han har vondt nokon stader, som politi, tjuv og trollmann. Men det einaste ho får ut av Hasse er ulike variantar av ordet vaffelmøkk. Tilslutt kjem Hasse på at han kan vise henne ballen som sit fast i treet, og då forstår Ine at Hasse vil ha gaffeltrucken til å få ned att ballen.

Boka er morosam og alvorleg på ein gong, og vil falle i smak både hjå barnet som skal høyre på og den vaksne høgtlesaren. Den tar på kornet problema ein kan ha med å forstå smårollingane våre, og kor fortvilande morosame dei nye orda kan bli. Den viser og ei empatisk storesyster som med kløkt og fantasi prøver å forstå veslebror sin. Øyvind Torseter sine flotte bilete er laga i collageteknikk og følgjer teksten. Bileta har og mange flotte detaljar og er fine å følgje med på for barnet.
Eg spår at denne boka vert ein gjengangar i mange heimar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar