tirsdag 16. oktober 2012

To blå hus

Dette er ei anleis teljebok, for her kjem ikkje tala fint etter kvarandre, men litt i hulter til bulter. Dei to blå husa bur langt mot nord, ved foten av ei høgt fjell. Nokre gongar får dei besøk. Ein morgon kom ni sokkar gåande forbi, dei skulle løpe sekstimeter med nokre ullsokkar frå nabobygda. Sokkane lurte på om dei to blå husa ville vere med, men dei var for støle. Litt seinare kom åtte ballongar, så kjem det to stolar, tre teposar og så bort etter. Alle som besøker dei vil gjerne ha dei med på både det eine og det andre, men husa føretrekk å bli ståande og vente på at endå fleire skal komme forbi.
Dette er ei forteljing full av humor for både store og små. Elle K Okstad er ein røynd illustratør som uredd brukar heile fargeskalaen og får alle besøkande og husa til å stå fram med sine karakteristika. Rut Teian debuterar med denne boka og den bør ho få skryt for.

mandag 8. oktober 2012

Malemester grønn

Det er designgruppa Yokoland som står bak denne boka, som handlar om fargar. Vi ser ikkje så mange fargar i boka, men dei fleste blir snakka om og når vi snakkar om dei så dukkar dei opp i tankane våre. Ein kunne kanskje tru at dette er ei av dei såkalla eksperimentelle biletbøkene som vi har sett ein del til opp igjennom åra? Denne boka har ei stam og gjennomgåande historie om Malermester Grønn som skal male ulike ting og no har spannet med grøn maling blitt borte. Dette må vi som lesarar hjelpe han å løyse og slik blir det jakt, undring og samtale om fargar av. Det er viktig med utforsking av språk og det mellom anna, får vi vere med på her.

tirsdag 2. oktober 2012

Bjørn reiser med fly

Skal du reise med fly? Då kan det vere ein god ide å førebu seg ved å lese denne boka avAdele Jaun som har laga boka om Bjørn og kva han må gjere når han skal reise med fly. Boka er ein gjennomgang av alt ein må gjere før du skal reise med fly, på flyplassen, i flyet og når flyet lander og du er framme. Alt blir forklart i tekst og bilete og utstyrt med ein slik rettleiing kan sjølv ein engsteleg førstegangs reisande kjenne seg heilt trygg.