tirsdag 28. februar 2012

Stella snødronning

Kan snøenglar flyge og syngje? Dette og mange andre spørsmål om vinter og snø får du svar på i denne vakre og nesten poetiske boka av Marie-Louise Gay. Sam ser snø for første gong og har mange tankar og spørsmål om snøen som Stella svarar på etter beste evne. Og svara til Stella er fatasifulle og nydelege. Visste de til dømes at snøen er kald som vaniljeis og mjuk som pelsen til ein liten kanin? Eller at vatnet frys til eit kjempesvært sølvspeil? Alle desse spørsmåla og svara kombinert med dei flotte og vare bileta som forfattaren sjølv har måla, vert tilsaman til ei nydeleg biletbok som eg anbefaler til snøglade i alle aldre.

torsdag 23. februar 2012

Jeg er jo her

Det er mykje å vere redd for her i verda, og dette har Constance Ørbeck-Nilsen skrive ei nydeleg biletbok om. Wilhelm og farmor går på tur, og Wilhelm vil at farmor skal fortelje han kva ho er redd for. Men han oppdagar fort at ho ikkje er redd for det same som han. Wilhelm er redd for haiar, mørker, store hundar og andre ting som ofte er skummelt for barn. Farmor, derimot, er redd for å miste dei små kvardagslege gledene i livet. Til dømes er ho redd for at ho ein dag ikkje skal sjå ekornet, blomane langs stien og andre nære ting meir. Farmor fortel at gamle menneske skal døy, og at ho er redd for å miste alt det ho er så glad i. Sjølv om temaet i boka er redsle, blir likevel boka ei varm skildring av dei små gledene i livet som er så viktige for oss og av det gode forholdet mellom Wilhelm og farmor. Dei nydelege illustrasjonane til Akin Düzakin bygger opp under denne skildringa.



torsdag 16. februar 2012

Opp og ned

Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.

onsdag 15. februar 2012

Veslefantens reknebok

Camilla Lundsten har skrive fleire bøker om Veslefanten. Dei andre bøkene er peikebøker der og vennene Makkus og Kanina og er med. Veslefantens reknebok er ei bok for litt større barn for her er det ein del tekst og det er reknestykke som nok vil passe best for fire og femåringane. Teksten stiller spørsmål til lesaren slik som: Kor mange fiskar er det i bøtta? og Kva for fiskar er det ein av? Slik lærar barna å telje og å sjå på mønster for å skilje ting frå kvarandre. Illustrasjonane er enkle og fargesterke og spørsmåla gjer dette til ei bok å snakke saman om.