Marko kjedar seg og er tørst, men det einaste han vil drikke er Rumpemelk frå Afrika. Det hjelper ikkje at mamma og pappa seier at det ikkje finst noko som heiter rumpemelk, og at det dessutan ville smakt veldig dårleg om det hadde funnest, Marko er fast bestemt på at det kun er det han vil ha! Derfor tar han bussen til Afrika for å finne denne edle drikk. Han spør alle han møter, men ingen har høyrt om rumpemelk...ikkje før han møter ein gråtande elefant som ikkje er så god til å lyge som dei andre dyra han har møtt. Marko hjelper elefanten å finne brillene han har mista, og til gjengjeld får Marko med seg ein tankbil full av rumpemelk heim igjen. Og gjett kva? Det smakar kjempegodt!
I denne boka har Erlend Loe sin fantasifulle tekst blanda med Alice Bjerknes Lima de Faria sine sprelske og fargesterke bilete blitt til eit fantastisk, barnsleg og utruleg morosamt univers små og store barn. Les denne for barna, og le høgt saman med dei!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar