Når alt land forsvinn og det er berre vatn på alle kantar,
går det ein liten pungnesebjørn på eit skip og kjenner seg einsam .
Veldig einsam! For alle dei andre dyra er to. Han går til biblioteket for å finne ut litt mer om pungnesebjørnar :” Ursus Nasale Excentricae ; et sympatisk, men sjeldent dyr”. Han går på dansegolvet for å treffe damer, men å danse med en skilpadde eller eit nasehorn er neimen ikkje så lett. Etter ein del tapre forsøk havnar han ute på ein taukveil på dekk.Og endeleg … skjer det noko. Og han får danse heile natta med nokon som har akkurat same steg og som luktar godt.
Vakker lita bok om å vere einsam og lengte etter ein sjelevenn og finne ein.
Frå 4-5 år og oppover til 100.
Forfattar og illustratør er Lars Elling og kom ut i 1997.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar