Den andre boka heiter Pinne har ein
løyndom. I denne boka er Pinne svært løyndomsfull. Ho har det travelt med husrydding og klesvask, og har ikkje tid til å få vennene på besøk. Venene undrar seg, og det gjer me og. Men løyndomar er til for å bli avslørte, og ein dag kjem Pinne ut med ein liten baby. Ho har halde svangerskapet hemmeleg, og hatt det travelt med å gjere huset klart til den nye verdsborgaren, og når han endeleg er komen får venene igjen komme på besøk.
denne boka har tilveret med ein baby normalisert seg, og Pinne og babyen har det roleg og godt. Plutseleg høyrer Pinne knirking frå porten og vert glad med tanken på å få besøk. Men den besøkjande har gått vidare, og pinne står igjen og ropar og lurer på kven det er. Seinare sit ho og vesle Grisen og babyen og et suppe, då det bankar på døra. På trappa står ein liten grisunge og har gått seg bort. Som alle andre gjester vert ho invitert inn til suppe og ei god seng, med løfte om å finne mora dagen etterpå. Dagen etter tar grisen ho med til byen, og der finn ho heldigvis mora si. Mora er like glad, for ho har leita både natt og dag . I premie for å ha funne den vesle grisungen får dei 100 bollar, og sjølvsagt vert det fest! Alle bøkene om Pinne er utgjeven på nynorsk og skrevet på rim. Dei er fine å lese høgt, og bileta er gode å sjå på.





litt mer om pungnesebjørnar :” Ursus Nasale Excentricae ; et sympatisk, men sjeldent dyr”. Han går på dansegolvet for å treffe damer, men å danse med en skilpadde eller eit nasehorn er neimen ikkje så lett. Etter ein del tapre forsøk havnar han ute på ein taukveil på dekk.Og endeleg … skjer det noko. Og han får danse heile natta med nokon som har akkurat same steg og som luktar godt.