
mandag 15. desember 2014
ØYA

Etiketter:
akvarell,
biletbok,
biletbøker,
Eli Hovdenak,
fantasi,
fisketur,
fuglar,
humor,
surrealisme
tirsdag 28. oktober 2014
Hallo havet!

Når de har vore gjennom havet kan de og jakte vidare i:
Hallo jorda!
Hallo byen!
Hallo planeten!
Hallo der nede!
Hva gjør de dagen lang?

I denne boka får vi eit innblikk i dette mysteriet på ein svært humoristisk måte. Boka er full av sprudlande rim og eit litt skrått, fantasifullt blikk på kva bakermester Anne Gluten putter i bollane, korleis sykkelfikser Sivert Nakken tener seg rik og jordmor Roger lagar blomster-tut på navlene til dei nyfødde. Forfattar Ellisiv Solskinnsbakk har ikkje avgrensa seg til vanlege kontorjobbar, men er innom taggaren, gassballongselgaren, djupvassdykkaren og førarhunden, samt fleire luringar og nokre kanskje ikkje fullt så lure. Denne boka er hennar debut som barnebokforfattar og eg personleg håper det kjem fleir. Endre Skandfer har illustrert boka, og som teksten er illustrasjonane fulle av frodig humor og sprell.
Teksten er på bokmål og passar like godt i småskulen som for førskulebarn.
Etiketter:
2014,
arbeid,
biletbok,
biletbøker,
Cappelen Damm,
Ellisiv Solskinnsbakk,
Endre Skandfer,
humor,
jobb,
rim,
yrke
tirsdag 30. september 2014
Minus og den store verden

Brune bjørn, brune bjørn, hva ser du på din vei?

Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
Bill Martin Jr.,
dyr,
Eric Carle,
fargar,
rim,
rytme
mandag 29. september 2014
Zara og dei; Gorillahjerne til middag
Forfattaren Bjørn Sortland og illustratøren Elisabeth Moseng har laga ei bok om Zara og familien hennar. Heile familien til Zara har namn som begynner med Z, dei bur i ei campingvogn, dei blør naseblod veldig lett og far til Zara tullar med alt mogeleg. Er det rart at dei andre barna trur det er noko gale med Zara og dei? Les denne boka, så finn du ut om alt verkeleg er så rart som alle trur.
Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.
Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.
tirsdag 23. september 2014
Gudmund leter etter en venn
Gudmund er ute og leitar etter noko. Han treff Hermann som spør kva han leitar etter. Gudmund fortel at han leitar etter ein venn og Hermann lurar på kva ein venn er for noko. Gudmund seier at ein venn er nokon ein gjerne vil vere saman med. Hermann blir gjerne med for å leite etter ein venn. "Det er lettare å leite når vi er to", seier han. Dei leitar lenge, til sist finn Gudmund ut at dei må gå til tante Emma for å kjøpe ein venn. Trur du tante Emma sel venner i butikken sin? Du må lese boka for å finne ut korleis det går.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
mandag 12. mai 2014
Katt kan i parken

Enkle illustasjonar av Kristina Digman.
Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
Katt,
Kattar,
Kristina Digman,
kvardagsliv,
leik,
park,
Sanna Töringe
mandag 31. mars 2014
Knust
"Å bli knust er knusende vondt, sier lille Pi. ".
Denne vesle biletboka fortel om lille Pi og henner smerte etter at ho har knekt ein arm og må ligge på sjukehus. Vi får ei aning om kva som har skjedd utifrå bileta, men boka handlar mest om å ha det vondt og å vente og vente på at nokon kan kome og trøste litt. Illustrasjonane er teikningar i fine pastellfargar. Boka har lite tekst, men saman med illustrasjonane kan vi godt leve oss inn i lille Pi si kjensle av å kjenne seg litt knust- både fysisk og mentalt.
Forfattarar og illustratør er Hege Siri og Calef Brown.
Forfattarar og illustratør er Hege Siri og Calef Brown.
Etiketter:
biletbok,
bokmål,
Calef Brown,
Hege Siri Brown,
kjensler,
lengte,
smerte,
vente
tirsdag 4. februar 2014
Smokkefeen Tutta
Har du høyrd om tannfeen? Men visste du at at ho har ein ven som heiter Tutta og er smokkefeen? Denne boka er forteljinga om Smokkefeen Tutta og korleis ho reiser rundt i alle tomme hus og leiter etter smokkar. Tutta bur i eit stort slott, der har ho åtte soverom, ti stover og mange kjøken og alt er bygd av smokkar. Til og med hagen er full av smokkar.
Thea er ei jente som er veldig glad i smokkane sine. Når ho skal legge seg om kvelden vil ho helst ha ein smokk i munnen og ei i kvar hand. Ein gong skulle Thea og foreldra reise til Frankrike på ferie. Thea pakka mange smokkar, men hugsa ho å ta dei med seg? Når dei kom heim, trur du Thea fann dei att?
Om du les får du svar.
Denne boka er skriven av An-Magritt Lindtner og illustrert av Jens Kristensen. Boka vart lesen på eventyrstund på biblioteket den 4. februar for mange barnehagebarn, dei hadde mange kommentarar og forslag om kor Tutta heldt til.
Thea er ei jente som er veldig glad i smokkane sine. Når ho skal legge seg om kvelden vil ho helst ha ein smokk i munnen og ei i kvar hand. Ein gong skulle Thea og foreldra reise til Frankrike på ferie. Thea pakka mange smokkar, men hugsa ho å ta dei med seg? Når dei kom heim, trur du Thea fann dei att?
Om du les får du svar.
Denne boka er skriven av An-Magritt Lindtner og illustrert av Jens Kristensen. Boka vart lesen på eventyrstund på biblioteket den 4. februar for mange barnehagebarn, dei hadde mange kommentarar og forslag om kor Tutta heldt til.
tirsdag 7. januar 2014
Redd
av Kaia, Bendik og Trond Brænne. Illustrasjonar av Per Dybvig.
"Det er vinter, og mørkt. Kaninen satt alene i buret sitt og hørte vinden ule utenfor"
Slik startar forteljinga om den vesle kaninen som prøver å trøyste seg med gulrot når det blir for skummelt med alt vær og alle lydar utanfor. Men når ikkje gulrot hjelper godt nok mot einsemda tar ho seg ut for å søke selskap hos hesten. Hesten er imidlertid og svært uroleg for alle rare skuggar, så saman brøyter dei seg gjennom snøen for å sjå om det er betre hos høna. Men nei, høna er like uroleg som dei andre, og alle tre strevar seg vidare for å finne om det er tryggare hos skjæra. Nå bles det så hardt at skjæra ramlar av greina si og deiser i bakken idet dei dei andre kjem fram til treet hennar. Stormen blir verre og verre. Alle fire kjempar seg vidare fram og til slutt kjem dei fram til grisen sitt hus og kva som hender der kan de lese om i boka.
Boka har teikningar i fargar og god skrift. Den handlar om å vere redd, einsam og at det er godt å finne saman med vener når det skumle trenger seg på. Dette er femte boka om kaninen, hesten, høna, skjæra og grisen og er den skrive på bokmål.
Etiketter:
Bendik Brænne,
biletbøker,
bøker for barn,
dyr,
Einsemd,
følelser,
gris,
hest,
høne,
Kaia Brænne,
kanin,
kjensler,
Per Dybvig,
redd,
skjære,
storm,
Trond Brænne,
Vennskap,
vinter
Abonner på:
Innlegg (Atom)