Dei to sjarmerande, litt rufsete, nysgjerrige fuglane Bettina og Bertil sett seg ein dag i ein liten kano for å dra på fisketur. Bettina iført raud caps, Bertil med grøn. Når dei omsider får snøret uti får dei ein kjempestor, sprelsk fisk på kroken. Det vil seie; fisken viser seg vere ei krokodille og i strevet med å hove den inn hamnar dei i munnen på krokodilla. Redde vert dei ikkje. Dei trur dei er i ei dryppsteinsgrotte og heldivis har dei kanoen med. Bertil finn ein utgang til eit anna land.Det må vere Utlandet, meiner han! Her morer dei seg ei tid mellom vassliljer som ser ut som fotblad, før Bertil oppdagar det er vatn i båten og dei sett kursen mot land. Boka er kunstnaren Eli Hovdenak sin debut som barnebokforfattar. Fantasi og surrealisme og lun humor er kombinert med nydelege duse illustrasjonar i akvarell. mandag 15. desember 2014
ØYA
Dei to sjarmerande, litt rufsete, nysgjerrige fuglane Bettina og Bertil sett seg ein dag i ein liten kano for å dra på fisketur. Bettina iført raud caps, Bertil med grøn. Når dei omsider får snøret uti får dei ein kjempestor, sprelsk fisk på kroken. Det vil seie; fisken viser seg vere ei krokodille og i strevet med å hove den inn hamnar dei i munnen på krokodilla. Redde vert dei ikkje. Dei trur dei er i ei dryppsteinsgrotte og heldivis har dei kanoen med. Bertil finn ein utgang til eit anna land.Det må vere Utlandet, meiner han! Her morer dei seg ei tid mellom vassliljer som ser ut som fotblad, før Bertil oppdagar det er vatn i båten og dei sett kursen mot land. Boka er kunstnaren Eli Hovdenak sin debut som barnebokforfattar. Fantasi og surrealisme og lun humor er kombinert med nydelege duse illustrasjonar i akvarell.
Etiketter:
akvarell,
biletbok,
biletbøker,
Eli Hovdenak,
fantasi,
fisketur,
fuglar,
humor,
surrealisme
tirsdag 28. oktober 2014
Hallo havet!
Denne Hallo-boka av Anna Fiske kom no i 2014, og her kan vi dukke ned og gå på jakt under havoverflata månad for månad gjennom eit heilt år. På innsida av permen vert vi presentert for seks gjennomgangsfigurar, og så kan ein side for side synke ned i boka og sjå om ein finn dei att. Fiskane og sjødyra vi møter er ikkje heilt A-4. Dei snakkar menneskespråk, nokre spelar rockegitar og andre har sjørøvarhatt. Teksten er fordelt i snakkebobler og elles nokre korte setningar nedst på sidene. Der får vi oppfordringar til å leite i mylderet etter ulike dyr og skattar og sjå kva dei gjer på. Her er mykje smårollingane kan peike på og undre seg over. Anna Fiske har sjølv illustrert alle Hallo- bøkene sine med fargerike teikningar full av detaljar. Når de har vore gjennom havet kan de og jakte vidare i:
Hallo jorda!
Hallo byen!
Hallo planeten!
Hallo der nede!
Hva gjør de dagen lang?
Ja, kva er det dei vaksne eigentleg gjer på etter dei har drukke kaffi, smurt nistepakkar, ordna håret, og gått ut av huset om morgonen?I denne boka får vi eit innblikk i dette mysteriet på ein svært humoristisk måte. Boka er full av sprudlande rim og eit litt skrått, fantasifullt blikk på kva bakermester Anne Gluten putter i bollane, korleis sykkelfikser Sivert Nakken tener seg rik og jordmor Roger lagar blomster-tut på navlene til dei nyfødde. Forfattar Ellisiv Solskinnsbakk har ikkje avgrensa seg til vanlege kontorjobbar, men er innom taggaren, gassballongselgaren, djupvassdykkaren og førarhunden, samt fleire luringar og nokre kanskje ikkje fullt så lure. Denne boka er hennar debut som barnebokforfattar og eg personleg håper det kjem fleir. Endre Skandfer har illustrert boka, og som teksten er illustrasjonane fulle av frodig humor og sprell.
Teksten er på bokmål og passar like godt i småskulen som for førskulebarn.
Etiketter:
2014,
arbeid,
biletbok,
biletbøker,
Cappelen Damm,
Ellisiv Solskinnsbakk,
Endre Skandfer,
humor,
jobb,
rim,
yrke
tirsdag 30. september 2014
Minus og den store verden

Brune bjørn, brune bjørn, hva ser du på din vei?
Enkle spørsmål og klare svar er alltid kjekt for dei minste. Det same er rim og rytme. I denne boka får vi begge dele. Vi møter først bjørnen og han svarer :" Jeg ser en rød fugl som kikker på meg". Når vi blar til neste side møter vi så den raude fuglen som får same spørsmål som bjørnen. Og slik fortsett det utover med eit nytt dyr eller figur kvar gong vi blar om. Eric Carle sine store illustrasjonar viser tydelege fargar og figurar. Til slutt får vi ei oppsummering av alle vi har møtt gjennom boka. Teksten er på bokmål og skrive av Bill Martin Jr. og oversatt av Elisabeth Bjørnson.
Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
Bill Martin Jr.,
dyr,
Eric Carle,
fargar,
rim,
rytme
mandag 29. september 2014
Zara og dei; Gorillahjerne til middag
Forfattaren Bjørn Sortland og illustratøren Elisabeth Moseng har laga ei bok om Zara og familien hennar. Heile familien til Zara har namn som begynner med Z, dei bur i ei campingvogn, dei blør naseblod veldig lett og far til Zara tullar med alt mogeleg. Er det rart at dei andre barna trur det er noko gale med Zara og dei? Les denne boka, så finn du ut om alt verkeleg er så rart som alle trur.
Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.
Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.
tirsdag 23. september 2014
Gudmund leter etter en venn
Gudmund er ute og leitar etter noko. Han treff Hermann som spør kva han leitar etter. Gudmund fortel at han leitar etter ein venn og Hermann lurar på kva ein venn er for noko. Gudmund seier at ein venn er nokon ein gjerne vil vere saman med. Hermann blir gjerne med for å leite etter ein venn. "Det er lettare å leite når vi er to", seier han. Dei leitar lenge, til sist finn Gudmund ut at dei må gå til tante Emma for å kjøpe ein venn. Trur du tante Emma sel venner i butikken sin? Du må lese boka for å finne ut korleis det går.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

