Viser innlegg med etiketten biletbok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biletbok. Vis alle innlegg

tirsdag 7. juli 2015

Dele!

Akk, desse småsøskena! Med baby i huset blir det mykje å måtte dele på for ei storesyster. Men det skal ho ha: ho deler ofte, om enn litt motvillig, både bamser og bøker, spel og koseteppe. Dele badekar derimot er for eksempel veldig gøy. Og kosestunda med mammaen ved sengetid er heilt uproblematisk. 
Dette er ei kjekk bok for dei som har kreative småbarn i " vilhelstikkjedele"-alderen, og kan vere eit fint bakteppe for samtalar om dette litt trøblete temaet. Originalteksten er ved Anthea Simmons og Georgi Birkett har stått for illustrasjonane. Boka er gjendikta til norsk ved Fartein Døvle Jonassen. Engelsk tittel er "Share".

tirsdag 16. juni 2015

Gutten som var uheldig på badet

"Dette er bare mitt hår, ingen andre har dette håret" tenker fem år gamle Per ein dag han står på badet og ser seg sjølv i speilet. Han lurer på om alle tankane hans ligg inni hovudet saman med alt håret. Ein kan i det heile fundere mykje på korleis alt fungerer i kroppane våre. Per vil fikse litt på sveisen og tar til å eksperimentere med faren sin barberingsmaskin. Enden på visa vert eit heller eggeforma hovud. Når søndagen kjem vert det ein disputt om det å gå med lue i kirka. Per meiner at når presten går med kjole utanpå buksa må vel han kunne gå med lua si!  Eg kan sjå for meg at det kan verte nokre artige samtalar undervegs i lesinga av denne forteljinga. Boka er illustrert med utrykksfulle teikningar ført i pennen av Bon Tomme (Tom Andre Håland ). Tore Thomassen har laga teksten.
Sjå og : Gutten som var uheldig i kirken
Sjå og Luther Forlag.

torsdag 9. april 2015

Når jeg blir storebror.

Å bli storebror er ei stor sak og gjev mykje å tenke på for ein liten pjokk. Ein kan sjå for seg kor sterk ein kan bli, kor fort ein kan springe, kor høgt ein kan hoppe og andre slike ting. Men ein kan og lure på om mamma og pappa fortsatt vil ha tid til viktige saker som å kitle ein på magen eller leike hest.
Elisabeth Moseng står bak både tekst og illustrasjonar i denne vesle biletboka. Illustrasjonane dekker alle sidene og understrekar tankane til guten. Dette er ei fin bok å lese når skal førebu seg på store endringer på heimebane.

tirsdag 20. januar 2015

Hokus Pokus 1-2-3

" I ein hemmeleg skog,
bak ei hemmeleg tue,
der bur det ei heks
i ei hemmeleg stue...."
Slik opnar Sissel Horndal si bok om tall og telling, så dersom småskumle saker og hekser er tingen, er det berre å sette i gang. Vi blir med inn i huset til heksa og får eit nytt vers på annakvar side saman med fargerike illustrasjonar full av detaljar. Versa går på rim og her er godt med humor både i tekst og bilete. Nedst på kvar side står tala pent og pynteleg i rett rekkefølgje slik at det er lett å følgje med kor ein er i tellinga. Til slutt får vi vite kva heksa gjer med talet 20 når ho ikkje får sove.
På Nynorskbok.no kan de lese ein lengre omtale av boka.

mandag 15. desember 2014

ØYA

Dei to sjarmerande, litt rufsete, nysgjerrige fuglane Bettina og Bertil sett seg ein dag i ein liten kano for å dra på fisketur. Bettina iført raud caps, Bertil med grøn. Når dei omsider får snøret uti får dei ein kjempestor, sprelsk fisk på kroken. Det vil seie; fisken viser seg vere ei krokodille og i strevet med å hove den inn hamnar dei i munnen på krokodilla. Redde vert dei ikkje. Dei trur dei er i ei dryppsteinsgrotte og heldivis har dei kanoen med. Bertil finn ein utgang til eit anna land.Det må vere Utlandet, meiner han! Her morer dei seg ei tid mellom vassliljer som ser ut som fotblad, før Bertil oppdagar det er vatn i båten og dei sett kursen mot land. Boka er kunstnaren Eli Hovdenak sin debut som barnebokforfattar. Fantasi og surrealisme og lun humor er kombinert med nydelege duse illustrasjonar i akvarell.
"Fortellingen er full av vann… det måtte bli akvarell. " ( frå  Anne Østgaard  i Cappelen Damm sitt intervju med forfattaren ).

tirsdag 28. oktober 2014

Hva gjør de dagen lang?


Ja, kva er det dei vaksne eigentleg gjer på etter dei har drukke kaffi, smurt nistepakkar, ordna håret, og gått ut av huset om morgonen?
I denne boka får vi eit innblikk i dette mysteriet på ein svært humoristisk måte. Boka er full av sprudlande rim og eit litt skrått, fantasifullt blikk på kva bakermester Anne Gluten putter i bollane, korleis sykkelfikser Sivert Nakken tener seg rik og jordmor Roger lagar blomster-tut på navlene til dei nyfødde. Forfattar Ellisiv Solskinnsbakk har ikkje avgrensa seg til vanlege kontorjobbar, men er innom taggaren, gassballongselgaren, djupvassdykkaren og førarhunden, samt fleire luringar og nokre kanskje ikkje fullt så lure. Denne boka er hennar debut som barnebokforfattar og eg personleg håper det kjem fleir. Endre Skandfer har illustrert boka, og som teksten er illustrasjonane fulle av frodig humor og sprell.
Teksten er på bokmål og passar like godt i småskulen som for førskulebarn.

tirsdag 30. september 2014

Brune bjørn, brune bjørn, hva ser du på din vei?


Enkle spørsmål og klare svar er alltid kjekt for dei minste. Det same er rim og rytme.  I denne boka får vi begge dele. Vi møter først bjørnen og han svarer :" Jeg ser en rød fugl som kikker på meg". Når vi blar til neste side møter vi så den raude fuglen som får same spørsmål som bjørnen. Og slik fortsett det utover med eit nytt dyr eller figur kvar gong vi blar om.  Eric Carle sine store illustrasjonar viser tydelege fargar og figurar. Til slutt får vi ei oppsummering av alle vi har møtt gjennom boka. Teksten er på bokmål og skrive av Bill Martin Jr. og oversatt av Elisabeth Bjørnson.  

mandag 29. september 2014

Zara og dei; Gorillahjerne til middag

Forfattaren Bjørn Sortland og illustratøren Elisabeth Moseng har laga ei bok om Zara og familien hennar. Heile familien til Zara har namn som begynner med Z, dei bur i ei campingvogn, dei blør naseblod veldig lett og far til Zara tullar med alt mogeleg. Er det rart at dei andre barna trur det er noko gale med Zara og dei? Les denne boka, så finn du ut om alt verkeleg er så rart som alle trur.

Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.

tirsdag 23. september 2014

Gudmund leter etter en venn

Gudmund er ute og leitar etter noko. Han treff Hermann som spør kva han leitar etter. Gudmund fortel at han leitar etter ein venn og Hermann lurar på kva ein venn er for noko. Gudmund seier at ein venn er nokon ein gjerne vil vere saman med. Hermann blir gjerne med for å leite etter ein venn. "Det er lettare å leite når vi er to", seier han. Dei leitar lenge, til sist finn Gudmund ut at dei må gå til tante Emma for å kjøpe ein venn. Trur du tante Emma sel venner i butikken sin? Du må lese boka for å finne ut korleis det går.

Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.

mandag 12. mai 2014

Katt kan i parken


I denne vesle boka av forfattaren Sanna Töringe, møter vi Katt og mamma på tur i parken. Katt vil gjerne klare alt sjølv - slik små ungar helst vil; kjøre vogn, bære pinner, trykke på gangfelt-knappen og så vidare. Men til slutt kjem dei fram til parken. Der møter Katt ei lita jente og leiken går, medan mamma prøver å halde styr på dei oppfinnsame ungane som mellom anna vil bade andungar!Veldig koseleg bok med velkjende kvardagsdrama for dei minste.
Enkle illustasjonar av Kristina Digman.

mandag 31. mars 2014

Knust

http://mittnordhordland.no/work?workId=8940ca60-d28b-49e0-a2ad-a2f400d67f16

  "Å bli knust er knusende vondt, sier lille Pi. ".
Denne vesle biletboka fortel om lille Pi og henner smerte etter at ho har knekt ein arm og må ligge på sjukehus. Vi får ei aning om kva som har skjedd utifrå bileta, men boka handlar mest om å ha det vondt og å vente og vente på at nokon kan kome og trøste litt. Illustrasjonane er teikningar i fine pastellfargar. Boka har lite tekst, men saman med illustrasjonane kan vi godt leve oss inn i lille Pi si kjensle av å kjenne seg litt knust- både fysisk og mentalt.
Forfattarar og illustratør er Hege Siri og Calef Brown.

tirsdag 4. februar 2014

Smokkefeen Tutta

Har du høyrd om tannfeen? Men visste du at at ho har ein ven som heiter Tutta og er smokkefeen? Denne boka er forteljinga om Smokkefeen Tutta og korleis ho reiser rundt i alle tomme hus og leiter etter smokkar. Tutta bur i eit stort slott, der har ho åtte soverom, ti stover og mange kjøken og alt er bygd av smokkar. Til og med hagen er full av smokkar.
Thea er ei jente som er veldig glad i smokkane sine. Når ho skal legge seg om kvelden vil ho helst ha ein smokk i munnen og ei i kvar hand. Ein gong skulle Thea og foreldra reise til Frankrike på ferie. Thea pakka mange smokkar, men hugsa ho å ta dei med seg? Når dei kom heim, trur du Thea fann dei att?
Om du les får du svar.

Denne boka er skriven av An-Magritt Lindtner og illustrert av Jens Kristensen. Boka vart lesen på eventyrstund på biblioteket den 4. februar for mange barnehagebarn, dei hadde mange kommentarar og forslag om kor Tutta heldt til.

fredag 22. mars 2013

klokkeboken

       
Lær klokka gjennom artige, små rim om klokka Anne, dronninga Sara, klovnen Kjell, gartneren Fred og mange fleire. Denne boka er berekna for barn 3-8 år. Den er artig for barn og unge som ikkje kan klokka heilt endå. Klokka går heilt til tolv og er ikkje så vanskeleg å forstå. Det er mykje artige bileter og teikningar, og dei er tydelege og med mange morosame detaljar! Heilt perfekt til akkurat deg! Tenk på det...
Mona Fossdal har laga denne flotte boka.

-Skriven av Thea, grunnskuleelev med praksisdag på biblioteket-

tirsdag 13. november 2012

Historia om korleis hunden fekk våt snute

Kenneth Steven har i denne boka gjenfortalt ein gammal fabel om Noah og hunden, og saman med Øyvind Torseter sine bilete vart resultatet både kjekt og morosamt!  I boka møter me Noah som lagar ein flott båt fordi det regnar så mykje, og når båten er ferdig får alle slags ekle og mindre ekle dyr komme ombord i båten. Aller sist kjem Noah sin trufaste blandingshund. Når alle er ombord kjem det ei kjempebølgje og tek med seg båten. Dei er lenge på sjøen, og Noah har det forferdeleg travelt med å mate alle dyra. Men ein dag går det hull i båten, og sjølv om hullet er lite er det stort nok til at vatnet fossar inn. Kva kan Noah gjere? Han er langt til havs og det fins ikkje land i heile verda... Heldigvis passar snuten til hunden perfekt i holet, og Noah og dei andre passasjerane feirar med ein skikkeleg fest. Hunden er trufast og skjønar at han må stå heilt i ro, så dei neste 30 døgera står han under dekk med snuten i holet, heilt til skipet treff land og alle kan komme ut av båten. Boka er skriven på nynorsk og med ein vittig undertone. Bileta understreker det vittige med mange morosame detaljar i strekteikningane.

onsdag 26. september 2012

Misunnelige Magda

Magda er misunneleg, enda ho ikkje vil vere det. Ho er misunneleg på lillesøstera som slipp å kle på seg sjølv, ho er misunneleg på Elvine som har fått ny kvit genser og ho er misunneleg på Klara som vågar gå på bommen og balansere. Det er ikkje lett å vere Magda! Kjenslene bobler i ho og så koker det over og ho gjer noko ho ikkje skulle gjort. Ho spring bort, men heldigvis for Magda treff ho Jon som oppdagar at Magda er flink til noko.
Gjennom praten med Jon skjønar Magda at vi ikkje kan vere flinke til alt heile tida, men gjer vi noko gale så må vi rydde opp i sakene og.
Stina Langlo Ørdal er illustratør og forfattar til denne boka. Ho har tidlegare illustrert fleire biletbøker og ho har ein lett gjenkjenneleg strek og fargebruk. Personane har store hovud og fargane er kjølege, sjølv om det handlar om eksplosive kjensler. Dette er eit smart grep for gjennom denne distansen kan lesaren få tid til å tenke på kva han les og med eit slikt tema er nok det nødvendig.

torsdag 12. juli 2012

Bronto Biff på Café Olala

Bronto Biff er ein merkleg dinosaur! Han et ikkje kjøt, ikkje fisk og ikkje grønsaker om dei ikkje er svarte. Han et berre einsfarga svart mat! Ein dag spør han seg sjølv om dette er alt? Han vil gå på restaurant og der et han alt som finnest på menyen på ein gong. Er det lurt? Men Bronto Biff kan gamle dinosaurtriks så det går bra til slutt.
Dette er ei frisk og fin bok om å våge å ete noko ein aldri har prøvd før. Teikningane er store og klare med eit par liner på kvar side. Det er Nhu Diep som har laga denne boka.

onsdag 27. juni 2012

Har du sett katten vår?

Har du katt? Viss du har det har du sikkert tenkt på at han kanskje kunne gå sin veg. - kanskje han og har gjort det? Gått sin veg og blitt borte og kanskje ikkje kome heim ein gong! Dette er ei bok om kattar som går sin veg av ulike grunnar. Nokon får betre mat hos naboen, nokre kattar blir forelska og nokre kattar vil gjerne køyre trikk. Nokre kattar kjem heim att etter ein dag eller to, medan andre ikkje kjem heim før etter fleire veker eller til og med månader og nokre kjem ikkje heim i det heile.
I denne boka kan du lese om mange ulike kattar og kva som gjer at dei ikkje er heime heile tida. Boka er på vers og det er både morosamt og litt sørgjeleg å lese denne.
Det er Åshild Skadberg som har skrive boka og Line Halsnes har teikna mange flotte kattebilete.
Boka passar for barn frå 3 år og oppover, har du katt må du berre lese denne.

fredag 27. april 2012

Vampyrlus

Selma Lønning Aarø, forfattar og Tiril Valeur, illustratør har saman skreve Vampyrlus! Dette er forteljinga om Mimmi og Mattis som er bestevenner. Dei går i barnehagen saman og de bor i same hus, men i kvar sin oppgang. Kvar ettermiddag etter barnehagen lekar dei saman i sandkassa. Dei bygger ein by der Mimmi er ordførar og Mattis arbeider på bensinstasjonen. Mattis vaskar bilen til ordføraren og kjem med is og bolle når ordføraren bed om det. Når Mattis faller og slår seg, er det Mimmi som kjem med vatn og plaster. Alt er fryd og gammen heilt til Astrid med langt krøllete hår flytter inn i same oppgang som Mattis. For Mattis vil vere med Astrid og han viser henne kor alt er og han lekar med henne i sandkassa. Mimmi synes Mattis er kjempeteit! Ein dag ser hun ein gut uten hår på hovudet, det er Anton og han kan fortelje at mor hans klipte vekk alt håret hans fordi han hadde fått lus. Anton fortel Mimmi alt om lus, eller vampyrlus - for det er eigentlig det dei er - de suger blod ut av små barn! Mimmi får ein ide! Ho går og klemmer noen gutar på skulen, for på skulen er det mange som har lus. Ho låner lua til Oskar og ligg med ho om natta for i lua til Oskar må det vere lus. Planen er at Mimmi skal få lus og så skal ho klemme Anita og da får ho lus og kva skjer med håret til Anita da? - berre tenk!
Sjalusi og hemn, dette kan vi relatere til alle saman, men Aarø og Valør gjør det med innleving og eit godt glimt i auget. Dette er ei morosam og småspannande bok for de store barna i barnehagen.

tirsdag 24. april 2012

Emilie lager en katt

Bjørn Arild Ersland og Lilian Brøgger har laga Emilie lager en katt saman. Dette er ei biletbok der tekst og bilete er heilt integrert i kvarandre, teksten seier bare det som er høgst nødvendig og bileta ber forteljinga. Lilian Brøgger er dansk illustratør med ei stor produksjon bak seg. Hun våger å lage enkle bilete, stole heilt på streken og at ho teiknar til ein medskapande leser. Denne gangen er det forteljinga om Emilie som vil lage ein katt. Pappa spør om ho kan ha med seg Max, for han vil sove. Det er klart Emilie lar Max vere med for då har ho alt ho treng: maling, kostar og Max, veslebroren. Det er Max som er lerretet hennar og etter som malinga skrid fram blir Max meir og meir fargerik og lei, mens Emilie maler i ei salig rus av farger. Det ender med at både Emilie og Max kryper inn i senga til pappa og søv saman med ham. Ei kjekk lita bok å lese saman med førskulebarn.

torsdag 16. februar 2012

Opp og ned

Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.