Akk, desse småsøskena! Med baby i huset blir det mykje å måtte dele på for ei storesyster. Men det skal ho ha: ho deler ofte, om enn litt motvillig, både bamser og bøker, spel og koseteppe. Dele badekar derimot er for eksempel veldig gøy. Og kosestunda med mammaen ved sengetid er heilt uproblematisk.
Dette er ei kjekk bok for dei som har kreative småbarn i " vilhelstikkjedele"-alderen, og kan vere eit fint bakteppe for samtalar om dette litt trøblete temaet. Originalteksten er ved Anthea Simmons og Georgi Birkett har stått for illustrasjonane. Boka er gjendikta til norsk ved Fartein Døvle Jonassen. Engelsk tittel er "Share".
Viser innlegg med etiketten småsøsken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten småsøsken. Vis alle innlegg
tirsdag 7. juli 2015
torsdag 9. april 2015
Når jeg blir storebror.
Å bli storebror er ei stor sak og gjev mykje å tenke på for ein liten pjokk. Ein kan sjå for seg kor sterk ein kan bli, kor fort ein kan springe, kor høgt ein kan hoppe og andre slike ting. Men ein kan og lure på om mamma og pappa fortsatt vil ha tid til viktige saker som å kitle ein på magen eller leike hest.
Elisabeth Moseng står bak både tekst og illustrasjonar i denne vesle biletboka. Illustrasjonane dekker alle sidene og understrekar tankane til guten. Dette er ei fin bok å lese når skal førebu seg på store endringer på heimebane.
Elisabeth Moseng står bak både tekst og illustrasjonar i denne vesle biletboka. Illustrasjonane dekker alle sidene og understrekar tankane til guten. Dette er ei fin bok å lese når skal førebu seg på store endringer på heimebane.
tirsdag 24. april 2012
Emilie lager en katt
Bjørn Arild Ersland og Lilian Brøgger har laga Emilie lager en katt saman.
Dette er ei biletbok der tekst og bilete er heilt integrert i kvarandre,
teksten seier bare det som er høgst nødvendig og bileta ber
forteljinga. Lilian Brøgger er dansk illustratør med ei stor produksjon
bak seg. Hun våger å lage enkle bilete, stole heilt på streken og at ho teiknar til ein medskapande leser. Denne gangen er det forteljinga om
Emilie som vil lage ein katt. Pappa spør om ho kan ha med seg Max, for
han vil sove. Det er klart Emilie lar Max vere med for då har ho alt
ho treng: maling, kostar og Max, veslebroren. Det er Max som er
lerretet hennar og etter som malinga skrid fram blir Max meir og meir
fargerik og lei, mens Emilie maler i ei salig rus av farger. Det ender
med at både Emilie og Max kryper inn i senga til pappa og søv saman med
ham. Ei kjekk lita bok å lese saman med førskulebarn.
tirsdag 9. august 2011
Den lille helten og kattekidnapperen
Karin er liten - for liten synes dei store barna. Og sjølv om Karin veit at ho aldri får vere med å leike med dei, spør ho likevel. Og det fantastiske skjer: i dag får Karin vere med å leike...ho kan få velje om ho vil vere ufødd løve eller ein nabo som ingen liker. Karin vel å vere ufødd løve. Då må ho liggje heilt stille i magen til løvemammaen og utvikle seg, medan dei store barna leikar og leikar og leikar...og løveungen vert aldri fødd. Men plutseleg oppdagar barna at katten, Ulrikke, er borte. Og dei veit at det bur ein kattekidnappar i nabolaget... Brått er leiken over, og Karin får vere med å leite etter Ulrikke, men dei finn han ingen stader. Tilslutt finn dei ut at dei må lure seg inn til kattekidnapparen og finne katten. Men kven tør å gjere det? Då viser det seg at det ikkje alltid er så dumt å ha med minstemann likevel, for Karin tør - og alle er einige om at det er minst sjanse for at ho vert oppdaga sidan ho er så lita. Dei store borna står utanfor og heldt vakt. Karin ringjer på hos kattekidnapparen, vert invitert inn i det skumle huset, finn Ulrikke der, men kjem ikkje ut igjen. Kan det ha skjedd noko med henne? Har kattekidnapparen laga kattemat av henne? Dei store barna vert meir og meir nervøse...
Heldigvis endar alt godt, og det viser seg at småsøsken kan vere tøffare enn dei store, og at kattekidnappare heldigvis ikkje alltid er ekte kattekidnappare.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


