Enkle spørsmål og klare svar er alltid kjekt for dei minste. Det same er rim og rytme. I denne boka får vi begge dele. Vi møter først bjørnen og han svarer :" Jeg ser en rød fugl som kikker på meg". Når vi blar til neste side møter vi så den raude fuglen som får same spørsmål som bjørnen. Og slik fortsett det utover med eit nytt dyr eller figur kvar gong vi blar om. Eric Carle sine store illustrasjonar viser tydelege fargar og figurar. Til slutt får vi ei oppsummering av alle vi har møtt gjennom boka. Teksten er på bokmål og skrive av Bill Martin Jr. og oversatt av Elisabeth Bjørnson.
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
tirsdag 30. september 2014
Brune bjørn, brune bjørn, hva ser du på din vei?
Enkle spørsmål og klare svar er alltid kjekt for dei minste. Det same er rim og rytme. I denne boka får vi begge dele. Vi møter først bjørnen og han svarer :" Jeg ser en rød fugl som kikker på meg". Når vi blar til neste side møter vi så den raude fuglen som får same spørsmål som bjørnen. Og slik fortsett det utover med eit nytt dyr eller figur kvar gong vi blar om. Eric Carle sine store illustrasjonar viser tydelege fargar og figurar. Til slutt får vi ei oppsummering av alle vi har møtt gjennom boka. Teksten er på bokmål og skrive av Bill Martin Jr. og oversatt av Elisabeth Bjørnson.
Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
Bill Martin Jr.,
dyr,
Eric Carle,
fargar,
rim,
rytme
tirsdag 23. september 2014
Gudmund leter etter en venn
Gudmund er ute og leitar etter noko. Han treff Hermann som spør kva han leitar etter. Gudmund fortel at han leitar etter ein venn og Hermann lurar på kva ein venn er for noko. Gudmund seier at ein venn er nokon ein gjerne vil vere saman med. Hermann blir gjerne med for å leite etter ein venn. "Det er lettare å leite når vi er to", seier han. Dei leitar lenge, til sist finn Gudmund ut at dei må gå til tante Emma for å kjøpe ein venn. Trur du tante Emma sel venner i butikken sin? Du må lese boka for å finne ut korleis det går.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
tirsdag 7. januar 2014
Redd
av Kaia, Bendik og Trond Brænne. Illustrasjonar av Per Dybvig.
"Det er vinter, og mørkt. Kaninen satt alene i buret sitt og hørte vinden ule utenfor"
Slik startar forteljinga om den vesle kaninen som prøver å trøyste seg med gulrot når det blir for skummelt med alt vær og alle lydar utanfor. Men når ikkje gulrot hjelper godt nok mot einsemda tar ho seg ut for å søke selskap hos hesten. Hesten er imidlertid og svært uroleg for alle rare skuggar, så saman brøyter dei seg gjennom snøen for å sjå om det er betre hos høna. Men nei, høna er like uroleg som dei andre, og alle tre strevar seg vidare for å finne om det er tryggare hos skjæra. Nå bles det så hardt at skjæra ramlar av greina si og deiser i bakken idet dei dei andre kjem fram til treet hennar. Stormen blir verre og verre. Alle fire kjempar seg vidare fram og til slutt kjem dei fram til grisen sitt hus og kva som hender der kan de lese om i boka.
Boka har teikningar i fargar og god skrift. Den handlar om å vere redd, einsam og at det er godt å finne saman med vener når det skumle trenger seg på. Dette er femte boka om kaninen, hesten, høna, skjæra og grisen og er den skrive på bokmål.
Etiketter:
Bendik Brænne,
biletbøker,
bøker for barn,
dyr,
Einsemd,
følelser,
gris,
hest,
høne,
Kaia Brænne,
kanin,
kjensler,
Per Dybvig,
redd,
skjære,
storm,
Trond Brænne,
Vennskap,
vinter
fredag 22. mars 2013
Hva gjør PEPSI?
Pepsi tar lillesysters bamse, drikk vatn frå doen, stikk av frå pappa og gneg på mammas sko.Likevel er han verdas beste hundekvalp!
Det er veldig tydelige bilete i denne boka, med sterk fargebruk. Pepsi er ein skjønn hundekvalp som er både rampete og snill. Dette er ei bok for dei aller minste som ikkje har så veldig mykje tålmod...men den er samtidig veldig morosam for dei eldste og!
Det er Henriette Nilsen som har laga boka.
-Skriven av Thea, grunnskuleelev med praksisdag på Meland bibliotek-
Bronto Biff
Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur, med ein merkeleg diett. Han et nemleg berre svart mat, og et ikkje kjøtt.
Han et ikkje grønsaker med mindre dei er svarte. Han kjem til å tenke på at det må då finnast meir å gjere på i livet enn å berre ete svarte ting. Og så ein kveld fann han svar på dette. Han ville gå på Cafe Olala,
men det gjekk så lang tid til dei la merke til han at når det var hans tur var han så trøtt av å vente at han bestilte alt på menyen, men etter at han hadde ete opp følte han seg veldig rar, kanskje det var litt masse på ein gong? Han kom på at han hadde eit gamalt dinosaur triks.Aaarggg!Oh...
Ferdig! Bronto er seg sjølv igjen. Dagen etter var han i butikken, og han hadde kjøpt masse fargerik mat.
Dette er ei bok eg kan anbefale for dei minste. Det er ei god bok med mykje bileter, og har mykje fantasi.
Det handlar om ein dinosaur som oppdagar ny mat, og er skriven på nynorsk av Nhu Diep.
-Skriven av Ellinor, grunnskuleelev som har hatt arbeidspraksisdag på Meland bibliotek-
fredag 30. november 2012
Rumpemelk fra Afrika
Marko kjedar seg og er tørst, men det einaste han vil drikke er Rumpemelk frå Afrika. Det hjelper ikkje at mamma og pappa seier at det ikkje finst noko som heiter rumpemelk, og at det dessutan ville smakt veldig dårleg om det hadde funnest, Marko er fast bestemt på at det kun er det han vil ha! Derfor tar han bussen til Afrika for å finne denne edle drikk. Han spør alle han møter, men ingen har høyrt om rumpemelk...ikkje før han møter ein gråtande elefant som ikkje er så god til å lyge som dei andre dyra han har møtt. Marko hjelper elefanten å finne brillene han har mista, og til gjengjeld får Marko med seg ein tankbil full av rumpemelk heim igjen. Og gjett kva? Det smakar kjempegodt!Les denne for barna, og le høgt saman med dei!
Etiketter:
Afrika,
barn og vaksne,
bokmål,
bøker for alle,
dyr,
eg likar ikkje maten min,
familie,
humor,
høgtlesing,
mat,
reise,
språkglede
tirsdag 13. november 2012
Historia om korleis hunden fekk våt snute
Kenneth Steven har i denne boka gjenfortalt ein gammal fabel om Noah og hunden, og saman med Øyvind Torseter sine bilete vart resultatet både kjekt og morosamt! I boka møter me Noah som lagar ein flott båt fordi det regnar så mykje, og når båten er ferdig får alle slags ekle og mindre ekle dyr komme ombord i båten. Aller sist kjem Noah sin trufaste blandingshund. Når alle er ombord kjem det ei kjempebølgje og tek med seg båten. Dei er lenge på sjøen, og Noah har det forferdeleg travelt med å mate alle dyra. Men ein dag går det hull i båten, og sjølv om hullet er lite er det stort nok til at vatnet fossar inn. Kva kan Noah gjere? Han er langt til havs og det fins ikkje land i heile verda... Heldigvis passar snuten til hunden perfekt i holet, og Noah og dei andre passasjerane feirar med ein skikkeleg fest. Hunden er trufast og skjønar at han må stå heilt i ro, så dei neste 30 døgera står han under dekk med snuten i holet, heilt til skipet treff land og alle kan komme ut av båten. Boka er skriven på nynorsk og med ein vittig undertone. Bileta understreker det vittige med mange morosame detaljar i strekteikningane.
torsdag 16. februar 2012
Opp og ned
Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.
fredag 13. januar 2012
Savnet
Dette er den fjerdje boka Kaia, Bendik og Trond Brænne har skrive om hesten, grisen, høna, kaninen og skjæra som er gode vener og bur på ein gard. I denne boka byrjar skjæra å føle seg utanfor. Ho er den einaste som bur høgt oppe i eit tre, medan dei fire andre dyra held til nede på bakken. Ho føler det som om ho ikkje heilt høyrer til på garden, og for å finne ut av dette spør ho dei andre dyra kva dei meiner. Dei klarar ikkje å gje henne den samkjensla som ho er ute etter, så skjæra flyg skuffa tilbake til reiret sitt. Seinare på dagen oppdagar dei andre dyra at det heng eit saftig eple øvst i eit tre. Dei prøvar på alle tenkelege måtar å få ned eplet, men rekk ikkje opp til det. Sidan grisen er ein klok fyr, får han i oppgåve å tenkje ut noko lurt. Etter å ha tenkt seg godt om kjem han på at dei kan spørje skjæra. Men kor i all verda er det blitt av skjæra? Ho er ikkje i reiret sitt, og ingen andre stader heller, men i stallen finn dei eit brev frå ho. Det er ein invitasjon til innflytningsfest i skjæra sitt nye reir. Tenk at ho har flytta frå dei... Dyra pyntar seg og går på fest. Men no er det deira tur til å kjenne seg utanfor. Det nye reiret er høgt oppe, og det er mange andre skjærer der og. Dyra frå garden kjenner at dei ikkje passar heilt inn. Etter ei lita stund tuslar dei heim og ser på det tomme skjærereiret, og no ser dei alt det positive som dei saknar når skjæra er borte!Denne boka omhandlar, som dei andre i serien, eit viktig tema: Korleis er vi mot kvarandre? Er vi flinke nok til å setje pris på kvarandre og vise det? Etter å ha brukt den i ei eventyrstund for 3-5-åringar, ser eg at dette kjem godt nok fram til at borna i denne alderen merkar sorga hos skjæra når ho kjenner seg utanfor. Boka er difor eit fint utgangspunkt om ein vil snakke med dei om venskap og om korleis ein kan vise andre at ein bryr seg om dei. Dei sjarmerande teikningane til Per Dybvig er med på å understøtte teksten og kjenslene i boka og hjelper barna å følgje med i handlinga.
Andre bøker om dei fem venene på garden:



mandag 14. november 2011
Tannpusser-grisen Olli
Tøygrisen Olli, tøymusa Louis og tøytigeren Lily bur hos store Markus. Kvar kveld må Markus fortelje eit eventyr før leikene kan legge seg og sove. Ein kveld er Markus alt for trøyt til å fortelje noko, for leikene har brukt altfor lang tid på å pusse tennene. Tigeren Lily synest at tannpuss er keisamt, men då fortel Olli at tannpuss kan vere både spennande og farleg, ja, han har sjølv arbeidd som tannpusse-gris i fleire år! Dei andre trur ikkje noko på dette, før Olli viser dei utstyret sitt! Han har vore tannpussar i dyrehagen og pussa tennene på kenguruar, elefantar, sjiraffar, løver, krokodillar og mange fleire. Dei andre tøydyra er skikkeleg imponert og det blir nok du og når du les om korleis Olli pussa tenna på krokodillen!
Ei humoristisk, fin biletbok om tannpussing. Boka er skriven på bokmål. Passer for dei eldste i barnehagen og dei som går i første klasse.
Ei humoristisk, fin biletbok om tannpussing. Boka er skriven på bokmål. Passer for dei eldste i barnehagen og dei som går i første klasse.
torsdag 31. mars 2011
Mamma Mø faller og slår seg
Mamma Mø er ei litt uvanleg ku, sjølv om bonden ikkje heilt har skjønt det. Når bonden er i nærleiken er ho nemleg ganske normal og blir stelt med som andre kyr, men når bonden ikkje ser slår Mamma Mø seg laus. Kråka er Mamma Mø sin beste ven, og ofte prøver ho å dempe kua sine ville påfunn utan heilt å få det til. I denne boka vil Mamma Mø hoppe over gjerdet for å ta ein tur på stranda, men desverre sklir ho og riv seg opp på piggtråden. Bonden kjem og set eit svært plaster på riften, så får han Mamma Mø i fjøset så ho får kvile. Desverre gjer han ingenting med kulen i panna, sjølv om den gjer forskrekkeleg vondt. Når kråka kjem flygande vert ho overraska over å finne Mamma Mø i fjøset på ein fin dag, men ho skjøner fort at Mamma Mø treng trøst og hjelp. Ho går med på å fly til fryseboksen for å hente noko kaldt å leggje på kulen, men når ho kjem tilbake er ho dårleg, og vond og kald i magen, og fortel at fryseboksen er tom... Mamma Mø får likevel ein spinatpakke på kulen, og nyt både kulden frå pakka og spinaten som etterkvart renn nedover fjeset hennar. Kråka, derimot må heim og leggje seg. torsdag 10. mars 2011
Bernt Bjørn skal bade
Daniel Napp har skrive to humoristiske bøker om Bernt Bjørn. Bernt Bjørn er ein stor, snill brunbjørn som gjer ein del rare ting. Han er god ven med gullfisk, og i denne boka skal han og gullfisk på badetur. Når dei kjem til badeplassen sin står Oter der og fiskar. Oter vert sint fordi dei skremmer fisken, og han seier at sjødraugen kan komme - og han et bjørnar! Bernt Bjørn blir livredd, men gullfisk vil bade likevel. Bernt Bjørn blir på land og passar på at ikkje sjødraugen kjem. Brått forsvinn bollen til gullfisk ned i vatnet, og Bernt Bjørn trur at det er sjødraugen som kjem og tek vennen hans. Han mannar seg opp, kler på seg alle baderingane sine og spring uti for å redde gullfisk. Med alt utstyret på seg liknar han mistenkeleg på ein sjødraug, så gullfisk går til motverje og dreg ut alle pluggane i baderingane. Resultatet vert at Bernt Bjørn fyk avgarde som ein rakett og sprett opp av vatnet rett framfor oter som har funne seg ein ny fiskeplass. Bøkene om Bernt Bjørn inneheld morosame historier med endå meir morosame illustrasjonar. Skrifta er stor og lett å lese. Passar godt som høgtlesing til barn i alderen 3-8 år, og som eigenlesing for born som nett har lært å lese sjølv.
Andre bøker om Bernt Bjørn: Bernt Bjørn skjønner ingenting
tirsdag 11. mai 2010
Fisketelleboka
Er barnet ditt fasinert av livet i sjøen? Og treng det kanskje å øve på å telje? Då er dette rette boka! På kvart oppslag møter vi ein ny art. Torsk, steinbit, krabbe og sju andre dyr som lever i sjøen skal vi telje i denne boka. Bileta som er laga av Solveig Serigstad Hauge er fine og detaljerte og viser godt korleis dei ulike slaga ser ut. Åse Enerstvedt har skrive teksten som går på rim og er lett å følgje med på. Anbefales for barn frå 0-5 år.
Abonner på:
Innlegg (Atom)










