Dette er den tredje boka Henrik Hovland har skrive om Johannes Jensen. I den første boka (Johannes Jensen føler seg annerledes) er Johannes Jensen ein einsam krokodille midt blandt alle menneska. I den andre boka (Johannes Jensen og kjærligheten) blir han kjæreste med Frida. I denne tredje boka bur han saman med Frida, og dei har det kjekt saman. Men ein dag oppdagar han at Frida har ein hemmelighet. Han byrjar å spionere på ho, og ser at ho går på venninnebesøk, i butikkar, og på legekontoret. Samstundes veks magen til Frida, og han skjønar at hemmeligheten hennar er inne i magen. Tilslutt spør han kva ho har i magen, og får vite at ho har ein baby - og at han kan få lov til å vere far. Johannes Jensen synes dette høyres spennande ut, men han har eit problem: Han kan ikkje syngje...og han meiner at ein far må kunne syngje for babyen når den skal sove. Johannes Jensen grublar på problemet sitt, og han får god hjelp til å løyse det. Tilslutt kjem babyen, og Johannes Jensen og Frida kan fortsetje å ha det kjekt saman - saman med Mirakelet sitt. torsdag 10. juni 2010
Johannes Jensen opplever et mirakel
Dette er den tredje boka Henrik Hovland har skrive om Johannes Jensen. I den første boka (Johannes Jensen føler seg annerledes) er Johannes Jensen ein einsam krokodille midt blandt alle menneska. I den andre boka (Johannes Jensen og kjærligheten) blir han kjæreste med Frida. I denne tredje boka bur han saman med Frida, og dei har det kjekt saman. Men ein dag oppdagar han at Frida har ein hemmelighet. Han byrjar å spionere på ho, og ser at ho går på venninnebesøk, i butikkar, og på legekontoret. Samstundes veks magen til Frida, og han skjønar at hemmeligheten hennar er inne i magen. Tilslutt spør han kva ho har i magen, og får vite at ho har ein baby - og at han kan få lov til å vere far. Johannes Jensen synes dette høyres spennande ut, men han har eit problem: Han kan ikkje syngje...og han meiner at ein far må kunne syngje for babyen når den skal sove. Johannes Jensen grublar på problemet sitt, og han får god hjelp til å løyse det. Tilslutt kjem babyen, og Johannes Jensen og Frida kan fortsetje å ha det kjekt saman - saman med Mirakelet sitt. tirsdag 20. oktober 2009
Pinne-bøkene av Lena Anderson
Den andre boka heiter Pinne har ein
løyndom. I denne boka er Pinne svært løyndomsfull. Ho har det travelt med husrydding og klesvask, og har ikkje tid til å få vennene på besøk. Venene undrar seg, og det gjer me og. Men løyndomar er til for å bli avslørte, og ein dag kjem Pinne ut med ein liten baby. Ho har halde svangerskapet hemmeleg, og hatt det travelt med å gjere huset klart til den nye verdsborgaren, og når han endeleg er komen får venene igjen komme på besøk.
denne boka har tilveret med ein baby normalisert seg, og Pinne og babyen har det roleg og godt. Plutseleg høyrer Pinne knirking frå porten og vert glad med tanken på å få besøk. Men den besøkjande har gått vidare, og pinne står igjen og ropar og lurer på kven det er. Seinare sit ho og vesle Grisen og babyen og et suppe, då det bankar på døra. På trappa står ein liten grisunge og har gått seg bort. Som alle andre gjester vert ho invitert inn til suppe og ei god seng, med løfte om å finne mora dagen etterpå. Dagen etter tar grisen ho med til byen, og der finn ho heldigvis mora si. Mora er like glad, for ho har leita både natt og dag . I premie for å ha funne den vesle grisungen får dei 100 bollar, og sjølvsagt vert det fest! Alle bøkene om Pinne er utgjeven på nynorsk og skrevet på rim. Dei er fine å lese høgt, og bileta er gode å sjå på.
fredag 9. oktober 2009
To og to

Når alt land forsvinn og det er berre vatn på alle kantar,
går det ein liten pungnesebjørn på eit skip og kjenner seg einsam .
Veldig einsam! For alle dei andre dyra er to. Han går til biblioteket for å finne ut
litt mer om pungnesebjørnar :” Ursus Nasale Excentricae ; et sympatisk, men sjeldent dyr”. Han går på dansegolvet for å treffe damer, men å danse med en skilpadde eller eit nasehorn er neimen ikkje så lett. Etter ein del tapre forsøk havnar han ute på ein taukveil på dekk.Og endeleg … skjer det noko. Og han får danse heile natta med nokon som har akkurat same steg og som luktar godt.
Vakker lita bok om å vere einsam og lengte etter ein sjelevenn og finne ein.
Frå 4-5 år og oppover til 100.
Forfattar og illustratør er Lars Elling og kom ut i 1997.
