Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg

fredag 22. mars 2013

Bronto Biff


Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur, med ein merkeleg diett. Han et nemleg berre svart mat, og et ikkje kjøtt.
Han et ikkje grønsaker med mindre dei er svarte. Han kjem til å tenke på at det må då  finnast meir å gjere på i livet enn å berre ete svarte ting. Og så ein kveld fann han svar på dette. Han ville gå på Cafe Olala,
men det gjekk så lang tid til dei la merke til han at når det var hans tur var han så trøtt av å vente at han bestilte alt på menyen, men etter at han hadde ete opp følte han seg veldig rar, kanskje det var litt masse på ein gong? Han kom på at han hadde eit gamalt dinosaur triks.Aaarggg!Oh... 
Ferdig! Bronto er seg sjølv igjen. Dagen etter var han i butikken, og han hadde kjøpt masse fargerik mat.

Dette er ei bok eg kan anbefale for dei minste. Det er ei god bok med mykje bileter, og har mykje fantasi.
Det handlar om ein dinosaur som oppdagar ny mat, og er skriven på nynorsk av Nhu Diep.

-Skriven av Ellinor, grunnskuleelev som har hatt arbeidspraksisdag på Meland bibliotek-

torsdag 10. januar 2013

Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

Jakob og Neikob er to gode vener med litt begrensa ordforråd. Jakob kan ikkje sei nei, berre ja, og Neikob kan ikkje sei ja, berre nei. Sjølvsagt fører dette til visse utfordringar og når dei to gode venene bestemmer seg for å fange tjuven, utnyttar tjuven denne svakheita. Det endar opp med at politiet arresterer Jakob i staden for tjuven, og både Jakob og Neikob synest det er stusseleg at Jakob må sitje i fengsel for noko han ikkje har gjort. Etter ei vond natt får Neikob ein god ide, men for at den skal fungere må Jakob klare å seie NEI til tjuven...og det klarar han, heldigvis! Boka er uhyre spennande for dei minste og morosam for dei litt større, og dei naive og fargesterke bileta er gode å sjå på for både små og store barn.
Hausten 2012 vann Kari Stai brageprisen for denne boka, noko som var vel fortent!
Dette er andre boka om Jakob og Neikob. Begge er gode, men eg meiner at denne er aller best. Passar frå ca. 3 år og oppover, og har nynorsk tekst.

Du kan sjå om boka er inne eller reservere den på eit av nordhordlandsbiblioteka her:
http://mittnordhordland.no/work?workId=c140dfa5-fcf3-4a4b-bbbe-a06100a1a1fb

tirsdag 13. november 2012

Historia om korleis hunden fekk våt snute

Kenneth Steven har i denne boka gjenfortalt ein gammal fabel om Noah og hunden, og saman med Øyvind Torseter sine bilete vart resultatet både kjekt og morosamt!  I boka møter me Noah som lagar ein flott båt fordi det regnar så mykje, og når båten er ferdig får alle slags ekle og mindre ekle dyr komme ombord i båten. Aller sist kjem Noah sin trufaste blandingshund. Når alle er ombord kjem det ei kjempebølgje og tek med seg båten. Dei er lenge på sjøen, og Noah har det forferdeleg travelt med å mate alle dyra. Men ein dag går det hull i båten, og sjølv om hullet er lite er det stort nok til at vatnet fossar inn. Kva kan Noah gjere? Han er langt til havs og det fins ikkje land i heile verda... Heldigvis passar snuten til hunden perfekt i holet, og Noah og dei andre passasjerane feirar med ein skikkeleg fest. Hunden er trufast og skjønar at han må stå heilt i ro, så dei neste 30 døgera står han under dekk med snuten i holet, heilt til skipet treff land og alle kan komme ut av båten. Boka er skriven på nynorsk og med ein vittig undertone. Bileta understreker det vittige med mange morosame detaljar i strekteikningane.

tirsdag 11. mai 2010

Arkimedes og brødskiva

Eureka har ein pappa som er oppfinnar. Han har mellom anna prøvd å finne opp firkanta såpeboblar. Dei har ein katt som heiter Arkimedes. Pappa har lært Eureka om to viktige naturlovar: 1. Kattar landar alltid med føtene ned, og 2. Brødskiver landar alltid med smørsida ned. Ein dag byrjar Eureka å gruble på desse to naturlovene: Kva skjer om brødskiva er festa på ryggen til katten? Med smørsida opp...? Som den oppfinnardattera ho er må Eureka prøve dette ut, men det går ikkje heilt som ho hadde tenkt....
Hans Sande sine bøker om Eureka og Arkimedes er fabulerande og morosame. Bileta teikna av Gry Moursund bygger opp under historia og er samtidig svært uttrykksfulle og morosame. Bøkene er skrivne på nynorsk, og passar for ca 3 år og oppover. Dette er bøker også vaksne kan le av.
Andre bøker om Eureka og Arkimedes: Arkimedes og rulletrappa og Arkimedes i prompeland.

Bø og Bæ

Olof Landström har skrive sju bøker om dei to sjarmerande figurane Bø og Bæ. Bø og Bæ gjer mange ting som ikkje er så lure og dei gjer ting me kan kjenne oss igjen i. I kvar bok dukkar det opp eit problem som må løysast, og dei løyser seg ofte på litt overraskande måtar. Bileta i bøkene er enkle, men uttrykksfulle og sjarmerande, og bidreg til at bøkene er gøye å lese. Bøkene passar godt for dei minste, men er og populære hjå barn som nett har lært å lese sjølv.
I Bø og Bæ til sjøs bestemmer dei to vennene seg for å ro ein tur. Plutseleg går dei på ei grunne - og der vert dei sitjande. Heldigvis har dei med seg ei stor matkorg, men tida går og det har blitt mørkt før ein racerbåt kjem forbi. Bø og Bæ vert glade og viftar med eit kvitt lommetørkle, men sauene i racerbåten køyrer berre forbi. Heldigvis for Bø og Bæ lagar båten så store bølgjer at dei blir vippa av grunnen og kan ro heim i frem og ro.

I Bø og Bæ i skogen skal dei plukke bær. Dei finn ikkje så mange, så dei tek ein matpause i staden. Plutseleg oppdagar Bæ ein maur på brødskiva til Bø, deretter er det maur på saftglaset og det viser seg at dei har sete seg midt i maurstien. Dei rømmer frå maurene, og det blir litt dramatikk på vegen. Mens dei rømmer finn dei ein flott blåbærplass, og alt endar heldigvis godt.

Andre bøker om Bø og Bæ: Bø og Bæ i festhumør, Bø og Bæ gjer reint, Bø og Bæ blir våte, Bø og Bæ får besøk og Bø og Bæ i vinden.

tirsdag 20. oktober 2009

Pinne-bøkene av Lena Anderson



Lena Anderson har skrevet 3 vakre bøker om Pinne. Pinne er eit omsorgsfullt og veldig sosialt piggsvin som har mange venner.
Den første boka om Pinne heiter Pinne får besøk. Den handlar om Pinne, som er heilt åleine og ventar på besøk. Boka er forma som ei teljebok, og me tel kvar venn som kjem innom henne. Vennene vert trakterte etter beste evne, og det vert eit hyggeleg selskap.

Den andre boka heiter Pinne har ein løyndom. I denne boka er Pinne svært løyndomsfull. Ho har det travelt med husrydding og klesvask, og har ikkje tid til å få vennene på besøk. Venene undrar seg, og det gjer me og. Men løyndomar er til for å bli avslørte, og ein dag kjem Pinne ut med ein liten baby. Ho har halde svangerskapet hemmeleg, og hatt det travelt med å gjere huset klart til den nye verdsborgaren, og når han endeleg er komen får venene igjen komme på besøk.
Den tredje og siste boka om Pinne er Pinne, grisen og vesle vennen. I denne boka har tilveret med ein baby normalisert seg, og Pinne og babyen har det roleg og godt. Plutseleg høyrer Pinne knirking frå porten og vert glad med tanken på å få besøk. Men den besøkjande har gått vidare, og pinne står igjen og ropar og lurer på kven det er. Seinare sit ho og vesle Grisen og babyen og et suppe, då det bankar på døra. På trappa står ein liten grisunge og har gått seg bort. Som alle andre gjester vert ho invitert inn til suppe og ei god seng, med løfte om å finne mora dagen etterpå. Dagen etter tar grisen ho med til byen, og der finn ho heldigvis mora si. Mora er like glad, for ho har leita både natt og dag . I premie for å ha funne den vesle grisungen får dei 100 bollar, og sjølvsagt vert det fest!

Alle bøkene om Pinne er utgjeven på nynorsk og skrevet på rim. Dei er fine å lese høgt, og bileta er gode å sjå på.