Viser innlegg med etiketten barn og vaksne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barn og vaksne. Vis alle innlegg

fredag 30. november 2012

Rumpemelk fra Afrika

Marko kjedar seg og er tørst, men det einaste han vil drikke er Rumpemelk frå Afrika. Det hjelper ikkje at mamma og pappa seier at det ikkje finst noko som heiter rumpemelk, og at det dessutan ville smakt veldig dårleg om det hadde funnest, Marko er fast bestemt på at det kun er det han vil ha! Derfor tar han bussen til Afrika for å finne denne edle drikk. Han spør alle han møter, men ingen har høyrt om rumpemelk...ikkje før han møter ein gråtande elefant som ikkje er så god til å lyge som dei andre dyra han har møtt. Marko hjelper elefanten å finne brillene han har mista, og til gjengjeld får Marko med seg ein tankbil full av rumpemelk heim igjen. Og gjett kva? Det smakar kjempegodt!
I denne boka har Erlend Loe sin fantasifulle tekst blanda med  Alice Bjerknes Lima de Faria sine sprelske og fargesterke bilete blitt til eit fantastisk, barnsleg og utruleg morosamt univers små og store barn.
Les denne for barna, og le høgt saman med dei!

torsdag 27. september 2012

Jason av Camilla Mickwitz

Var du liten på slutten av 70-talet eller byrjinga av 80-talet er det gode sjansar for at du hugsar Jason frå barndommen. Aschehoug forlag har laga ein serie som dei kallar for Aschehoug RETRO, og i denne serien har dei trykka opp att den gamle historia om Jason på nytt. Sjølv kjenner eg at eg vert varm om hjartet når eg les historia eg likte så godt då eg var lita, men som vaksen ser eg og andre kvaliteter med boka enn dei eg hugsar.
Jason bur i ei blokk saman med mora, Gudrun. Gudrun har det alltid forferdeleg travelt, så Jason regelrett flyg etter henne der ho drar han med seg til dagmammaen, til butikken og heim for å lage middag. Grunnen til at ho har det travelt er at ho må arbeide for å skaffe pengar til det ho og Jason treng. Fordi det blir for knapt med fabrikkløna ho har, må ho i tillegg jobbe om kveldane som modell. Då er Jason med og ser på. Når Gudrun synest at det blir slitsomt med modelljobben, tenkjer ho på at ho kan få vinterfrakk til Jason for pengane, og då orkar ho litt meir. Men av og til har Gudrun fri - då går ho til frisøren der ho kan sitje stille og prate med Jason, eller ho bakar bollar saman med han.
Sjølv om boka er frå 1975, og Jason er hjå dagmamma i staden for i barnehage, trur eg at den travle kvardagen boka beskriv er noko mange førskulebarn kjenner seg att i. På ein fin måte viser boka at foreldre ikkje har det så travelt fordi dei ikkje vil vere saman med barna,  men fordi dei vil ha ein god nok økonomi til å gje barna det dei treng.
Bileta i boka er fargesterke, enkle og naive,  og støttar godt opp under teksten.

torsdag 23. februar 2012

Jeg er jo her

Det er mykje å vere redd for her i verda, og dette har Constance Ørbeck-Nilsen skrive ei nydeleg biletbok om. Wilhelm og farmor går på tur, og Wilhelm vil at farmor skal fortelje han kva ho er redd for. Men han oppdagar fort at ho ikkje er redd for det same som han. Wilhelm er redd for haiar, mørker, store hundar og andre ting som ofte er skummelt for barn. Farmor, derimot, er redd for å miste dei små kvardagslege gledene i livet. Til dømes er ho redd for at ho ein dag ikkje skal sjå ekornet, blomane langs stien og andre nære ting meir. Farmor fortel at gamle menneske skal døy, og at ho er redd for å miste alt det ho er så glad i. Sjølv om temaet i boka er redsle, blir likevel boka ei varm skildring av dei små gledene i livet som er så viktige for oss og av det gode forholdet mellom Wilhelm og farmor. Dei nydelege illustrasjonane til Akin Düzakin bygger opp under denne skildringa.



fredag 24. juni 2011

Hva gjør de voksne når vi ikke ser?

Det er klart barn lurar på kva dei vaksne gjer når dei ikkje ser kva dei heldt på med! I denne boka går spørsmålet igjen på anna kvart oppslag og svara er oppfinnsame og for ein vaksen medlesar ganske tankevekkande. For kva finn dei på når barna har gått og lagt seg? Støvsuger dei støvdottar eller finn dei monster under senga? Koser dei seg med fisk og gulrøter eller finn dei fram potetgullet? Det er aldri greit å vite med desse vaksne, difor er denne boka god å ha, slik at vi kan snakke litt om desse tinga.
Terje Borg og Inger Lise Belsvik har laga denne boka saman i 2009.