Akk, desse småsøskena! Med baby i huset blir det mykje å måtte dele på for ei storesyster. Men det skal ho ha: ho deler ofte, om enn litt motvillig, både bamser og bøker, spel og koseteppe. Dele badekar derimot er for eksempel veldig gøy. Og kosestunda med mammaen ved sengetid er heilt uproblematisk.
Dette er ei kjekk bok for dei som har kreative småbarn i " vilhelstikkjedele"-alderen, og kan vere eit fint bakteppe for samtalar om dette litt trøblete temaet. Originalteksten er ved Anthea Simmons og Georgi Birkett har stått for illustrasjonane. Boka er gjendikta til norsk ved Fartein Døvle Jonassen. Engelsk tittel er "Share".
Viser innlegg med etiketten humor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten humor. Vis alle innlegg
tirsdag 7. juli 2015
tirsdag 16. juni 2015
Gutten som var uheldig på badet
"Dette er bare mitt hår, ingen andre har dette håret" tenker fem år gamle Per ein dag han står på badet og ser seg sjølv i speilet. Han lurer på om alle tankane hans ligg inni hovudet saman med alt håret. Ein kan i det heile fundere mykje på korleis alt fungerer i kroppane våre. Per vil fikse litt på sveisen og tar til å eksperimentere med faren sin barberingsmaskin. Enden på visa vert eit heller eggeforma hovud. Når søndagen kjem vert det ein disputt om det å gå med lue i kirka. Per meiner at når presten går med kjole utanpå buksa må vel han kunne gå med lua si! Eg kan sjå for meg at det kan verte nokre artige samtalar undervegs i lesinga av denne forteljinga. Boka er illustrert med utrykksfulle teikningar ført i pennen av Bon Tomme (Tom Andre Håland ). Tore Thomassen har laga teksten.
Sjå og : Gutten som var uheldig i kirken
Sjå og Luther Forlag.
Sjå og : Gutten som var uheldig i kirken
Sjå og Luther Forlag.
Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
Bon Tomme,
familie,
gutar,
humor,
hår,
tankar,
Tore Thomassen
mandag 15. desember 2014
ØYA
Dei to sjarmerande, litt rufsete, nysgjerrige fuglane Bettina og Bertil sett seg ein dag i ein liten kano for å dra på fisketur. Bettina iført raud caps, Bertil med grøn. Når dei omsider får snøret uti får dei ein kjempestor, sprelsk fisk på kroken. Det vil seie; fisken viser seg vere ei krokodille og i strevet med å hove den inn hamnar dei i munnen på krokodilla. Redde vert dei ikkje. Dei trur dei er i ei dryppsteinsgrotte og heldivis har dei kanoen med. Bertil finn ein utgang til eit anna land.Det må vere Utlandet, meiner han! Her morer dei seg ei tid mellom vassliljer som ser ut som fotblad, før Bertil oppdagar det er vatn i båten og dei sett kursen mot land. Boka er kunstnaren Eli Hovdenak sin debut som barnebokforfattar. Fantasi og surrealisme og lun humor er kombinert med nydelege duse illustrasjonar i akvarell.
Etiketter:
akvarell,
biletbok,
biletbøker,
Eli Hovdenak,
fantasi,
fisketur,
fuglar,
humor,
surrealisme
tirsdag 28. oktober 2014
Hva gjør de dagen lang?
Ja, kva er det dei vaksne eigentleg gjer på etter dei har drukke kaffi, smurt nistepakkar, ordna håret, og gått ut av huset om morgonen?I denne boka får vi eit innblikk i dette mysteriet på ein svært humoristisk måte. Boka er full av sprudlande rim og eit litt skrått, fantasifullt blikk på kva bakermester Anne Gluten putter i bollane, korleis sykkelfikser Sivert Nakken tener seg rik og jordmor Roger lagar blomster-tut på navlene til dei nyfødde. Forfattar Ellisiv Solskinnsbakk har ikkje avgrensa seg til vanlege kontorjobbar, men er innom taggaren, gassballongselgaren, djupvassdykkaren og førarhunden, samt fleire luringar og nokre kanskje ikkje fullt så lure. Denne boka er hennar debut som barnebokforfattar og eg personleg håper det kjem fleir. Endre Skandfer har illustrert boka, og som teksten er illustrasjonane fulle av frodig humor og sprell.
Teksten er på bokmål og passar like godt i småskulen som for førskulebarn.
Etiketter:
2014,
arbeid,
biletbok,
biletbøker,
Cappelen Damm,
Ellisiv Solskinnsbakk,
Endre Skandfer,
humor,
jobb,
rim,
yrke
tirsdag 13. august 2013
Vaffelmøkk
Tore Renberg og Øyvind Torseter har tidlegare laga bøkene "Gi gass, Ine" og "He, he, Hasse" saman om radarparet Ine og Hasse. No har bok nummer tre kome ut, og den syner seg å vere like bra som dei forrige. Denne gongen held Ine på å steike vaflar då ho høyrer at Hasse gret. "Vaffelmøkk", gret Hasse, "baffeltøkk", "paffelkløkk". Som den gode storesystra Ine er prøver ho alle slags metoder for å finne ut kva Hasse eigentleg meiner. Ho kler seg ut som doktor for å finne ut om han har vondt nokon stader, som politi, tjuv og trollmann. Men det einaste ho får ut av Hasse er ulike variantar av ordet vaffelmøkk. Tilslutt kjem Hasse på at han kan vise henne ballen som sit fast i treet, og då forstår Ine at Hasse vil ha gaffeltrucken til å få ned att ballen.Boka er morosam og alvorleg på ein gong, og vil falle i smak både hjå barnet som skal høyre på og den vaksne høgtlesaren. Den tar på kornet problema ein kan ha med å forstå smårollingane våre, og kor fortvilande morosame dei nye orda kan bli. Den viser og ei empatisk storesyster som med kløkt og fantasi prøver å forstå veslebror sin. Øyvind Torseter sine flotte bilete er laga i collageteknikk og følgjer teksten. Bileta har og mange flotte detaljar og er fine å følgje med på for barnet.
Eg spår at denne boka vert ein gjengangar i mange heimar!
Etiketter:
familie,
fortviling,
humor,
kvardagsliv,
maskinar,
språk,
søsken,
Tore Renberg,
Øyvind Torseter
torsdag 10. januar 2013
Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.
Jakob og Neikob er to gode vener med litt begrensa ordforråd. Jakob kan ikkje sei nei, berre ja, og Neikob kan ikkje sei ja, berre nei. Sjølvsagt fører dette til visse utfordringar og når dei to gode venene bestemmer seg for å fange tjuven, utnyttar tjuven denne svakheita. Det endar opp med at politiet arresterer Jakob i staden for tjuven, og både Jakob og Neikob synest det er stusseleg at Jakob må sitje i fengsel for noko han ikkje har gjort. Etter ei vond natt får Neikob ein god ide, men for at den skal fungere må Jakob klare å seie NEI til tjuven...og det klarar han, heldigvis! Boka er uhyre spennande for dei minste og morosam for dei litt større, og dei naive og fargesterke bileta er gode å sjå på for både små og store barn.Hausten 2012 vann Kari Stai brageprisen for denne boka, noko som var vel fortent!
Dette er andre boka om Jakob og Neikob. Begge er gode, men eg meiner at denne er aller best. Passar frå ca. 3 år og oppover, og har nynorsk tekst.
Du kan sjå om boka er inne eller reservere den på eit av nordhordlandsbiblioteka her:
http://mittnordhordland.no/work?workId=c140dfa5-fcf3-4a4b-bbbe-a06100a1a1fb
Etiketter:
grensesetjing,
humor,
høgtlesing,
Kari Stai,
nynorsk,
retro,
spenning,
språkglede,
ulikskap,
vener
fredag 30. november 2012
Rumpemelk fra Afrika
Marko kjedar seg og er tørst, men det einaste han vil drikke er Rumpemelk frå Afrika. Det hjelper ikkje at mamma og pappa seier at det ikkje finst noko som heiter rumpemelk, og at det dessutan ville smakt veldig dårleg om det hadde funnest, Marko er fast bestemt på at det kun er det han vil ha! Derfor tar han bussen til Afrika for å finne denne edle drikk. Han spør alle han møter, men ingen har høyrt om rumpemelk...ikkje før han møter ein gråtande elefant som ikkje er så god til å lyge som dei andre dyra han har møtt. Marko hjelper elefanten å finne brillene han har mista, og til gjengjeld får Marko med seg ein tankbil full av rumpemelk heim igjen. Og gjett kva? Det smakar kjempegodt!Les denne for barna, og le høgt saman med dei!
Etiketter:
Afrika,
barn og vaksne,
bokmål,
bøker for alle,
dyr,
eg likar ikkje maten min,
familie,
humor,
høgtlesing,
mat,
reise,
språkglede
tirsdag 13. november 2012
Historia om korleis hunden fekk våt snute
Kenneth Steven har i denne boka gjenfortalt ein gammal fabel om Noah og hunden, og saman med Øyvind Torseter sine bilete vart resultatet både kjekt og morosamt! I boka møter me Noah som lagar ein flott båt fordi det regnar så mykje, og når båten er ferdig får alle slags ekle og mindre ekle dyr komme ombord i båten. Aller sist kjem Noah sin trufaste blandingshund. Når alle er ombord kjem det ei kjempebølgje og tek med seg båten. Dei er lenge på sjøen, og Noah har det forferdeleg travelt med å mate alle dyra. Men ein dag går det hull i båten, og sjølv om hullet er lite er det stort nok til at vatnet fossar inn. Kva kan Noah gjere? Han er langt til havs og det fins ikkje land i heile verda... Heldigvis passar snuten til hunden perfekt i holet, og Noah og dei andre passasjerane feirar med ein skikkeleg fest. Hunden er trufast og skjønar at han må stå heilt i ro, så dei neste 30 døgera står han under dekk med snuten i holet, heilt til skipet treff land og alle kan komme ut av båten. Boka er skriven på nynorsk og med ein vittig undertone. Bileta understreker det vittige med mange morosame detaljar i strekteikningane.
torsdag 27. september 2012
Jason av Camilla Mickwitz
Var du liten på slutten av 70-talet eller byrjinga av 80-talet er det gode sjansar for at du hugsar Jason frå barndommen. Aschehoug forlag har laga ein serie som dei kallar for Aschehoug RETRO, og i denne serien har dei trykka opp att den gamle historia om Jason på nytt. Sjølv kjenner eg at eg vert varm om hjartet når eg les historia eg likte så godt då eg var lita, men som vaksen ser eg og andre kvaliteter med boka enn dei eg hugsar.
Jason bur i ei blokk saman med mora, Gudrun. Gudrun har det alltid forferdeleg travelt, så Jason regelrett flyg etter henne der ho drar han med seg til dagmammaen, til butikken og heim for å lage middag. Grunnen til at ho har det travelt er at ho må arbeide for å skaffe pengar til det ho og Jason treng. Fordi det blir for knapt med fabrikkløna ho har, må ho i tillegg jobbe om kveldane som modell. Då er Jason med og ser på. Når Gudrun synest at det blir slitsomt med modelljobben, tenkjer ho på at ho kan få vinterfrakk til Jason for pengane, og då orkar ho litt meir. Men av og til har Gudrun fri - då går ho til frisøren der ho kan sitje stille og prate med Jason, eller ho bakar bollar saman med han.
Sjølv om boka er frå 1975, og Jason er hjå dagmamma i staden for i barnehage, trur eg at den travle kvardagen boka beskriv er noko mange førskulebarn kjenner seg att i. På ein fin måte viser boka at foreldre ikkje har det så travelt fordi dei ikkje vil vere saman med barna, men fordi dei vil ha ein god nok økonomi til å gje barna det dei treng.
Bileta i boka er fargesterke, enkle og naive, og støttar godt opp under teksten.
Etiketter:
arbeid,
barn og vaksne,
familie,
humor,
høgtlesing,
kunst,
kvardagsliv,
middag,
vener
torsdag 16. februar 2012
Opp og ned
Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.
torsdag 31. mars 2011
Mamma Mø faller og slår seg
Mamma Mø er ei litt uvanleg ku, sjølv om bonden ikkje heilt har skjønt det. Når bonden er i nærleiken er ho nemleg ganske normal og blir stelt med som andre kyr, men når bonden ikkje ser slår Mamma Mø seg laus. Kråka er Mamma Mø sin beste ven, og ofte prøver ho å dempe kua sine ville påfunn utan heilt å få det til. I denne boka vil Mamma Mø hoppe over gjerdet for å ta ein tur på stranda, men desverre sklir ho og riv seg opp på piggtråden. Bonden kjem og set eit svært plaster på riften, så får han Mamma Mø i fjøset så ho får kvile. Desverre gjer han ingenting med kulen i panna, sjølv om den gjer forskrekkeleg vondt. Når kråka kjem flygande vert ho overraska over å finne Mamma Mø i fjøset på ein fin dag, men ho skjøner fort at Mamma Mø treng trøst og hjelp. Ho går med på å fly til fryseboksen for å hente noko kaldt å leggje på kulen, men når ho kjem tilbake er ho dårleg, og vond og kald i magen, og fortel at fryseboksen er tom... Mamma Mø får likevel ein spinatpakke på kulen, og nyt både kulden frå pakka og spinaten som etterkvart renn nedover fjeset hennar. Kråka, derimot må heim og leggje seg. torsdag 24. mars 2011
Tigli
"Tigli har rosa hår. Det er kjempestort.Det er større enn alle bladene og greinene på et digert tre. Større enn et hus." Slik byrjar Bjørn Arild Ersland og Annlaug Auestad si fabulerande bok om Tigli. Og mykje av handlinga i denne boka føregår nettopp i dette håret. For i håret til Tigli veks det sukkertøy og karamellar, is, brus og mykje anna godt. Og det beste av alt: alle som vil får lov til å spise av håret til Tigli. Brannvesenet kjem med stigebil og plukkar snop frå buskar ingen andre rekk. Men ein dag skjer det noko som ikkje skal skje: Brannmesteren forsvinn i håret og dei finn han ikkje att. Politi og ordførar leitar, men dei finn han ikkje. Helikoptrane flyg rett over hovudet til Tigli i jakta på brannmesteren, men heller ikkje dei finn noko. Men Tigli veit råd, og boka endar godt med ein nøgd brannmester og ein sovande Tigli.Med denne boka har Bjørn Arild Ersland skrive ei fantasifull bok som passar særleg godt til snopeglade born. Bileta til Annlaug Auestad spelar på lag med teksten og gjer dette til ei fantastisk bok for barn i fleire aldrar. Sjølv om boka er veldig rosa er denne historia like kjekk for gutane som for jentene!
torsdag 10. mars 2011
Bernt Bjørn skal bade
Daniel Napp har skrive to humoristiske bøker om Bernt Bjørn. Bernt Bjørn er ein stor, snill brunbjørn som gjer ein del rare ting. Han er god ven med gullfisk, og i denne boka skal han og gullfisk på badetur. Når dei kjem til badeplassen sin står Oter der og fiskar. Oter vert sint fordi dei skremmer fisken, og han seier at sjødraugen kan komme - og han et bjørnar! Bernt Bjørn blir livredd, men gullfisk vil bade likevel. Bernt Bjørn blir på land og passar på at ikkje sjødraugen kjem. Brått forsvinn bollen til gullfisk ned i vatnet, og Bernt Bjørn trur at det er sjødraugen som kjem og tek vennen hans. Han mannar seg opp, kler på seg alle baderingane sine og spring uti for å redde gullfisk. Med alt utstyret på seg liknar han mistenkeleg på ein sjødraug, så gullfisk går til motverje og dreg ut alle pluggane i baderingane. Resultatet vert at Bernt Bjørn fyk avgarde som ein rakett og sprett opp av vatnet rett framfor oter som har funne seg ein ny fiskeplass. Bøkene om Bernt Bjørn inneheld morosame historier med endå meir morosame illustrasjonar. Skrifta er stor og lett å lese. Passar godt som høgtlesing til barn i alderen 3-8 år, og som eigenlesing for born som nett har lært å lese sjølv.
Andre bøker om Bernt Bjørn: Bernt Bjørn skjønner ingenting
Abonner på:
Innlegg (Atom)








