Viser innlegg med etiketten bøker for barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker for barn. Vis alle innlegg

tirsdag 7. januar 2014

Redd


av Kaia, Bendik og Trond Brænne. Illustrasjonar av Per Dybvig.

"Det er vinter, og mørkt. Kaninen satt alene i buret sitt og hørte vinden ule utenfor"
Slik startar forteljinga om den vesle kaninen som prøver å trøyste seg med gulrot når det blir for skummelt med alt vær og alle lydar utanfor. Men når  ikkje gulrot hjelper godt nok mot einsemda tar ho seg ut for å søke selskap hos hesten. Hesten er imidlertid og svært uroleg for alle rare skuggar, så saman brøyter dei seg gjennom snøen for å sjå om det er betre hos høna. Men nei, høna er like uroleg som dei andre, og alle tre strevar seg vidare for å finne om det er tryggare hos skjæra. Nå bles det så hardt at skjæra ramlar av greina si og deiser i bakken idet dei dei andre kjem fram til treet hennar. Stormen blir verre og verre. Alle fire kjempar seg vidare fram og til slutt kjem dei fram til grisen sitt hus og kva som hender der kan de lese om i boka.
Boka har teikningar i fargar og god skrift. Den handlar om å vere redd, einsam og at det er godt å finne saman med vener når det skumle trenger seg på. Dette er femte boka om kaninen, hesten, høna, skjæra og grisen og er den skrive på bokmål.

tirsdag 9. august 2011

Den lille helten og kattekidnapperen

Karin er liten - for liten synes dei store barna. Og sjølv om Karin veit at ho aldri får vere med å leike med dei, spør ho likevel. Og det fantastiske skjer: i dag får Karin vere med å leike...ho kan få velje om ho vil vere ufødd løve eller ein nabo som ingen liker. Karin vel å vere ufødd løve. Då må ho liggje heilt stille i magen til løvemammaen og utvikle seg, medan dei store barna leikar og leikar og leikar...og løveungen vert aldri fødd. Men plutseleg oppdagar barna at katten, Ulrikke, er borte. Og dei veit at det bur ein kattekidnappar i nabolaget... Brått er leiken over, og Karin får vere med å leite etter Ulrikke, men dei finn han ingen stader. Tilslutt finn dei ut at dei må lure seg inn til kattekidnapparen og finne katten. Men kven tør å gjere det? Då viser det seg at det ikkje alltid er så dumt å ha med minstemann likevel, for Karin tør - og alle er einige om at det er minst sjanse for at ho vert oppdaga sidan ho er så lita. Dei store borna står utanfor og heldt vakt. Karin ringjer på hos kattekidnapparen, vert invitert inn i det skumle huset, finn Ulrikke der, men kjem ikkje ut igjen. Kan det ha skjedd noko med henne? Har kattekidnapparen laga kattemat av henne? Dei store barna vert meir og meir nervøse...

Heldigvis endar alt godt, og det viser seg at småsøsken kan vere tøffare enn dei store, og at kattekidnappare heldigvis ikkje alltid er ekte kattekidnappare.





torsdag 31. mars 2011

Mamma Mø faller og slår seg

Mamma Mø er ei litt uvanleg ku, sjølv om bonden ikkje heilt har skjønt det. Når bonden er i nærleiken er ho nemleg ganske normal og blir stelt med som andre kyr, men når bonden ikkje ser slår Mamma Mø seg laus. Kråka er Mamma Mø sin beste ven, og ofte prøver ho å dempe kua sine ville påfunn utan heilt å få det til. I denne boka vil Mamma Mø hoppe over gjerdet for å ta ein tur på stranda, men desverre sklir ho og riv seg opp på piggtråden. Bonden kjem og set eit svært plaster på riften, så får han Mamma Mø i fjøset så ho får kvile. Desverre gjer han ingenting med kulen i panna, sjølv om den gjer forskrekkeleg vondt. Når kråka kjem flygande vert ho overraska over å finne Mamma Mø i fjøset på ein fin dag, men ho skjøner fort at Mamma Mø treng trøst og hjelp. Ho går med på å fly til fryseboksen for å hente noko kaldt å leggje på kulen, men når ho kjem tilbake er ho dårleg, og vond og kald i magen, og fortel at fryseboksen er tom... Mamma Mø får likevel ein spinatpakke på kulen, og nyt både kulden frå pakka og spinaten som etterkvart renn nedover fjeset hennar. Kråka, derimot må heim og leggje seg.






Bøkene om Mamma Mø og Kråka er humoristiske og kjekke å lese både for vaksne og barn.

Fleire biletbøker om Mamma Mø og Kråka:


torsdag 10. mars 2011

Bernt Bjørn skal bade

Daniel Napp har skrive to humoristiske bøker om Bernt Bjørn. Bernt Bjørn er ein stor, snill brunbjørn som gjer ein del rare ting. Han er god ven med gullfisk, og i denne boka skal han og gullfisk på badetur. Når dei kjem til badeplassen sin står Oter der og fiskar. Oter vert sint fordi dei skremmer fisken, og han seier at sjødraugen kan komme - og han et bjørnar! Bernt Bjørn blir livredd, men gullfisk vil bade likevel. Bernt Bjørn blir på land og passar på at ikkje sjødraugen kjem. Brått forsvinn bollen til gullfisk ned i vatnet, og Bernt Bjørn trur at det er sjødraugen som kjem og tek vennen hans. Han mannar seg opp, kler på seg alle baderingane sine og spring uti for å redde gullfisk. Med alt utstyret på seg liknar han mistenkeleg på ein sjødraug, så gullfisk går til motverje og dreg ut alle pluggane i baderingane. Resultatet vert at Bernt Bjørn fyk avgarde som ein rakett og sprett opp av vatnet rett framfor oter som har funne seg ein ny fiskeplass.
Bøkene om Bernt Bjørn inneheld morosame historier med endå meir morosame illustrasjonar. Skrifta er stor og lett å lese. Passar godt som høgtlesing til barn i alderen 3-8 år, og som eigenlesing for born som nett har lært å lese sjølv.

Andre bøker om Bernt Bjørn: Bernt Bjørn skjønner ingenting

tirsdag 20. oktober 2009

Alle døde små dyr av Ulf Nilsson


Dette er forteljinga om Ester, Putte og ”eg” som startar gravferdsbyrå. Sidan dei ikkje veit om nokon som er døde, må dei leite etter dei. Fuglar, dyr og insekt får alle flotte gravferder der barna les opp eigenkomponerte dikt og pyntar med kors og blomar. Putte er så liten at han ikkje heilt skjønar dette med døden, så undervegs fortel Ester og ”eg” om det å dø. Boka tek opp eit vanskeleg tema på ein litt humoristisk og ufarleg måte. Samstundes gjev den oss anledning til å snakke med barna om døden. Passar for born frå 3-4 år.

Reidar og den store magen av Selma Lønning Aarø


Reidar skal bli storebror, men han skjønar ikkje heilt vitsen. Mora fortel at ho har svelgt eit frø som begynte å vekse i magen, og Reidar et eit graskarfrø for å kjenne korleis det smakar. Om natta drøymer han at frøet tek til å vekse i magen hans. Det veks kjempefort, og snart har han like stor mage som mora. Mora tek han med til ultralyd, og der vert det stor oppstandelse når det viser seg at han har eit graskar i magen. Media vert tipsa, og Reidar vert superkjendis med paparazziar rundt seg heile tida. Når eit tv-show i USA ringer og ønskjer å operere ut graskaret på direkten av verdas nest beste lege, seier Reidar ja. Men det går ikkje heilt som planlagt…
Historia er spennande, og kan passe for barn frå ca 4 år og oppover.

fredag 9. oktober 2009

Mina og Kåre


Mina og Kåre er to bjørnar som deler hus og har det fint med det.
Men ein dag slepp Kåre ei bombe på Mina: Han skal ut og reise og oppleve den spennande verda der ute. Med ei oppfordring til Mina at ho må hugse å vatne blomane , så dreg han! Mina får ikkje vere med. Ho blir både sint og lei seg, kryp under bordet og kjenner seg redd og utrygg. Ein dag kjem det eit brev med bilete frå Kåre som er i Vietnam og et froskar. Dette hjelp på humøret til Mina og ho tek til å bake og rydde og vente på Kåre. Langt om lenge, kjem Kåre heim att. Han har mange gåver med seg og fortel ivrig om reisa si. Brått eksploderer Mina og brøler : ”Hvordan kunne du reise frå meg ” og det går opp for Kåre kor lei seg ho må ha vore. Dei får snakka litt om det og etter ei lang stund er alt bra att…
Men ein aprilmorgon seier Mina: ”Jeg skal ut å reise jeg!”
Lita bok om kjensler : å bli forlatt og kjenne seg einsam, bli venner att - og gje att med same mynt. Forfattar er Anna Höglund ( sv.) og boka kom ut på Mangschou forlag 2005
Enkle teikningar med få fargar som illustrerer teksten og boka passar for dei frå 3- 4 år og oppover.

To og to


Når alt land forsvinn og det er berre vatn på alle kantar,
går det ein liten pungnesebjørn på eit skip og kjenner seg einsam .
Veldig einsam! For alle dei andre dyra er to. Han går til biblioteket for å finne utLegg til bilde litt mer om pungnesebjørnar :” Ursus Nasale Excentricae ; et sympatisk, men sjeldent dyr”. Han går på dansegolvet for å treffe damer, men å danse med en skilpadde eller eit nasehorn er neimen ikkje så lett. Etter ein del tapre forsøk havnar han ute på ein taukveil på dekk.Og endeleg … skjer det noko. Og han får danse heile natta med nokon som har akkurat same steg og som luktar godt.
Vakker lita bok om å vere einsam og lengte etter ein sjelevenn og finne ein.
Frå 4-5 år og oppover til 100.
Forfattar og illustratør er Lars Elling og kom ut i 1997.


onsdag 7. oktober 2009

Kafé Haletippen


Dette er den første forteljinga om Reven og ”den retthalede grisen”. Boka er skriven av Bjørn F. Rørvik og illustrert av Per Dybvig. Reven samlar på halefjør i eit album, han har berre to og Grisen meiner at det er litt lite. For at Reven skal få fleire fjør i samlinga si lager dei ein kafé og serverer det beste fuglar veit og som betaling må dei ut med ei halefjør. Kafeen går strålande! Grisen er kelner og fyk fram og tilbake med ordrar til Reven og halefjør frå Suppegjøk, Snublefink, Spøkefugl, Russisk skjeggfugl, Pipestilk og Hermegås står fint og strålar i ein kopp på disken. Det er nesten ikkje mat att då ein Slukhals kjem og vil ha noko etande, han er lite nøgd med det som er igjen og spør Grisen kva for rett det er som står på disken. Grisen seier det er Urigiburgskispuk og kan absolutt ikkje etast! Slukhalsen bryr seg ikkje om det og et alle fjøra Reven har fått som betaling! Alt arbeide er til inga nytte! Reven sørgjer, men så finn Grisen ei lang grøn halefjør som Slukhalsen har mista, den tek han med til Reven og Reven er igjen ein lukkeleg og leiken rev.

Dette er ei bok som høver godt til høgtlesing for små og store. Mykje språkleg glede og utforsking.

mandag 14. september 2009

Ingrid har plaster.


Katerina Jonouch og Marvi Lindham har saman laga boka: Ingrid har plaster, dette er ei lita bok om kor mykje nytte og glede du kan ha av eit plaster eller sju! For kva treng du meir når verda kjennest litt vrang og det gjer vondt både her og der? Ingrid veit! Ho plastrar seg sjølv, dokka, bamsen og alle leikedyr ho kjem over. Det hjelp, alle vert friske, men det må så mykje plaster til at alle øskjer blir tomme. Då må Ingrid kjøpe meir plaster, men det er vel inga sak!
Boka passar for dei minste, men og for fireåringen for her er det mykje å kjenne seg att i.

fredag 31. juli 2009

Puttes eventyr i blåbærskogen av Elsa Beskow


Dette er ein klassikar som er kjempefin å lese etter ein blåbærtur. Men boka er også både fantasifull og spennande, og kan difor lesast heile året.. Boka handlar om Putte som vil plukke blåbær og tyttebær til mora som har bursdag, men han finn ingen bær. Då kjem blåbærfar og tek han med inn i sitt rike, der blåbærbuskene er store som trær og dei kan snakke med dyra. I blåbærfar sitt rike opplever Putte mykje spennande, og når han kjem tilbake til si eiga verd er kurvane hans fulle av bær.
Boka er skreve på rim, og er derfor lett å lese høgt og god å lytte til, og Elsa Beskow sine teikningar er gode å sjå på. Boka passar for førskulebarn frå 2-3 år og oppover.