Viser innlegg med etiketten båtliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten båtliv. Vis alle innlegg
tirsdag 13. november 2012
Historia om korleis hunden fekk våt snute
Kenneth Steven har i denne boka gjenfortalt ein gammal fabel om Noah og hunden, og saman med Øyvind Torseter sine bilete vart resultatet både kjekt og morosamt! I boka møter me Noah som lagar ein flott båt fordi det regnar så mykje, og når båten er ferdig får alle slags ekle og mindre ekle dyr komme ombord i båten. Aller sist kjem Noah sin trufaste blandingshund. Når alle er ombord kjem det ei kjempebølgje og tek med seg båten. Dei er lenge på sjøen, og Noah har det forferdeleg travelt med å mate alle dyra. Men ein dag går det hull i båten, og sjølv om hullet er lite er det stort nok til at vatnet fossar inn. Kva kan Noah gjere? Han er langt til havs og det fins ikkje land i heile verda... Heldigvis passar snuten til hunden perfekt i holet, og Noah og dei andre passasjerane feirar med ein skikkeleg fest. Hunden er trufast og skjønar at han må stå heilt i ro, så dei neste 30 døgera står han under dekk med snuten i holet, heilt til skipet treff land og alle kan komme ut av båten. Boka er skriven på nynorsk og med ein vittig undertone. Bileta understreker det vittige med mange morosame detaljar i strekteikningane.
tirsdag 11. mai 2010
Bø og Bæ
Olof Landström har skrive sju bøker om dei to sjarmerande figurane Bø og Bæ. Bø og Bæ gjer mange ting som ikkje er så lure og dei gjer ting me kan kjenne oss igjen i. I kvar bok dukkar det opp eit problem som må løysast, og dei løyser seg ofte på litt overraskande måtar. Bileta i bøkene er enkle, men uttrykksfulle og sjarmerande, og bidreg til at bøkene er gøye å lese. Bøkene passar godt for dei minste, men er og populære hjå barn som nett har lært å lese sjølv.
I Bø og Bæ til sjøs bestemmer dei to vennene seg for å ro ein tur. Plutseleg går dei på ei grunne - og der vert dei sitjande. Heldigvis har dei med seg ei stor matkorg, men tida går og det har blitt mørkt før ein racerbåt kjem forbi. Bø og Bæ vert glade og viftar med eit kvitt lommetørkle, men sauene i racerbåten køyrer berre forbi. Heldigvis for Bø og Bæ lagar båten så store bølgjer at dei blir vippa av grunnen og kan ro heim i frem og ro.
I Bø og Bæ i skogen skal dei plukke bær. Dei finn ikkje så
mange, så dei tek ein matpause i staden. Plutseleg oppdagar Bæ ein maur på brødskiva til Bø, deretter er det maur på saftglaset og det viser seg at dei har sete seg midt i maurstien. Dei rømmer frå maurene, og det blir litt dramatikk på vegen. Mens dei rømmer finn dei ein flott blåbærplass, og alt endar heldigvis godt.
I Bø og Bæ til sjøs bestemmer dei to vennene seg for å ro ein tur. Plutseleg går dei på ei grunne - og der vert dei sitjande. Heldigvis har dei med seg ei stor matkorg, men tida går og det har blitt mørkt før ein racerbåt kjem forbi. Bø og Bæ vert glade og viftar med eit kvitt lommetørkle, men sauene i racerbåten køyrer berre forbi. Heldigvis for Bø og Bæ lagar båten så store bølgjer at dei blir vippa av grunnen og kan ro heim i frem og ro. I Bø og Bæ i skogen skal dei plukke bær. Dei finn ikkje så
mange, så dei tek ein matpause i staden. Plutseleg oppdagar Bæ ein maur på brødskiva til Bø, deretter er det maur på saftglaset og det viser seg at dei har sete seg midt i maurstien. Dei rømmer frå maurene, og det blir litt dramatikk på vegen. Mens dei rømmer finn dei ein flott blåbærplass, og alt endar heldigvis godt.Andre bøker om Bø og Bæ: Bø og Bæ i festhumør, Bø og Bæ gjer reint, Bø og Bæ blir våte, Bø og Bæ får besøk og Bø og Bæ i vinden.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
