Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg

tirsdag 28. februar 2012

Stella snødronning

Kan snøenglar flyge og syngje? Dette og mange andre spørsmål om vinter og snø får du svar på i denne vakre og nesten poetiske boka av Marie-Louise Gay. Sam ser snø for første gong og har mange tankar og spørsmål om snøen som Stella svarar på etter beste evne. Og svara til Stella er fatasifulle og nydelege. Visste de til dømes at snøen er kald som vaniljeis og mjuk som pelsen til ein liten kanin? Eller at vatnet frys til eit kjempesvært sølvspeil? Alle desse spørsmåla og svara kombinert med dei flotte og vare bileta som forfattaren sjølv har måla, vert tilsaman til ei nydeleg biletbok som eg anbefaler til snøglade i alle aldre.

torsdag 23. februar 2012

Jeg er jo her

Det er mykje å vere redd for her i verda, og dette har Constance Ørbeck-Nilsen skrive ei nydeleg biletbok om. Wilhelm og farmor går på tur, og Wilhelm vil at farmor skal fortelje han kva ho er redd for. Men han oppdagar fort at ho ikkje er redd for det same som han. Wilhelm er redd for haiar, mørker, store hundar og andre ting som ofte er skummelt for barn. Farmor, derimot, er redd for å miste dei små kvardagslege gledene i livet. Til dømes er ho redd for at ho ein dag ikkje skal sjå ekornet, blomane langs stien og andre nære ting meir. Farmor fortel at gamle menneske skal døy, og at ho er redd for å miste alt det ho er så glad i. Sjølv om temaet i boka er redsle, blir likevel boka ei varm skildring av dei små gledene i livet som er så viktige for oss og av det gode forholdet mellom Wilhelm og farmor. Dei nydelege illustrasjonane til Akin Düzakin bygger opp under denne skildringa.