Viser innlegg med etiketten blåbær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blåbær. Vis alle innlegg

tirsdag 11. mai 2010

Bø og Bæ

Olof Landström har skrive sju bøker om dei to sjarmerande figurane Bø og Bæ. Bø og Bæ gjer mange ting som ikkje er så lure og dei gjer ting me kan kjenne oss igjen i. I kvar bok dukkar det opp eit problem som må løysast, og dei løyser seg ofte på litt overraskande måtar. Bileta i bøkene er enkle, men uttrykksfulle og sjarmerande, og bidreg til at bøkene er gøye å lese. Bøkene passar godt for dei minste, men er og populære hjå barn som nett har lært å lese sjølv.
I Bø og Bæ til sjøs bestemmer dei to vennene seg for å ro ein tur. Plutseleg går dei på ei grunne - og der vert dei sitjande. Heldigvis har dei med seg ei stor matkorg, men tida går og det har blitt mørkt før ein racerbåt kjem forbi. Bø og Bæ vert glade og viftar med eit kvitt lommetørkle, men sauene i racerbåten køyrer berre forbi. Heldigvis for Bø og Bæ lagar båten så store bølgjer at dei blir vippa av grunnen og kan ro heim i frem og ro.

I Bø og Bæ i skogen skal dei plukke bær. Dei finn ikkje så mange, så dei tek ein matpause i staden. Plutseleg oppdagar Bæ ein maur på brødskiva til Bø, deretter er det maur på saftglaset og det viser seg at dei har sete seg midt i maurstien. Dei rømmer frå maurene, og det blir litt dramatikk på vegen. Mens dei rømmer finn dei ein flott blåbærplass, og alt endar heldigvis godt.

Andre bøker om Bø og Bæ: Bø og Bæ i festhumør, Bø og Bæ gjer reint, Bø og Bæ blir våte, Bø og Bæ får besøk og Bø og Bæ i vinden.

fredag 31. juli 2009

Puttes eventyr i blåbærskogen av Elsa Beskow


Dette er ein klassikar som er kjempefin å lese etter ein blåbærtur. Men boka er også både fantasifull og spennande, og kan difor lesast heile året.. Boka handlar om Putte som vil plukke blåbær og tyttebær til mora som har bursdag, men han finn ingen bær. Då kjem blåbærfar og tek han med inn i sitt rike, der blåbærbuskene er store som trær og dei kan snakke med dyra. I blåbærfar sitt rike opplever Putte mykje spennande, og når han kjem tilbake til si eiga verd er kurvane hans fulle av bær.
Boka er skreve på rim, og er derfor lett å lese høgt og god å lytte til, og Elsa Beskow sine teikningar er gode å sjå på. Boka passar for førskulebarn frå 2-3 år og oppover.