Det er mykje å vere redd for her i verda, og dette har Constance Ørbeck-Nilsen skrive ei nydeleg biletbok om. Wilhelm og farmor går på tur, og Wilhelm vil at farmor skal fortelje han kva ho er redd for. Men han oppdagar fort at ho ikkje er redd for det same som han. Wilhelm er redd for haiar, mørker, store hundar og andre ting som ofte er skummelt for barn. Farmor, derimot, er redd for å miste dei små kvardagslege gledene i livet. Til dømes er ho redd for at ho ein dag ikkje skal sjå ekornet, blomane langs stien og andre nære ting meir. Farmor fortel at gamle menneske skal døy, og at ho er redd for å miste alt det ho er så glad i. Sjølv om temaet i boka er redsle, blir likevel boka ei varm skildring av dei små gledene i livet som er så viktige for oss og av det gode forholdet mellom Wilhelm og farmor. Dei nydelege illustrasjonane til Akin Düzakin bygger opp under denne skildringa.
Viser innlegg med etiketten redsle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten redsle. Vis alle innlegg
torsdag 23. februar 2012
Jeg er jo her
Det er mykje å vere redd for her i verda, og dette har Constance Ørbeck-Nilsen skrive ei nydeleg biletbok om. Wilhelm og farmor går på tur, og Wilhelm vil at farmor skal fortelje han kva ho er redd for. Men han oppdagar fort at ho ikkje er redd for det same som han. Wilhelm er redd for haiar, mørker, store hundar og andre ting som ofte er skummelt for barn. Farmor, derimot, er redd for å miste dei små kvardagslege gledene i livet. Til dømes er ho redd for at ho ein dag ikkje skal sjå ekornet, blomane langs stien og andre nære ting meir. Farmor fortel at gamle menneske skal døy, og at ho er redd for å miste alt det ho er så glad i. Sjølv om temaet i boka er redsle, blir likevel boka ei varm skildring av dei små gledene i livet som er så viktige for oss og av det gode forholdet mellom Wilhelm og farmor. Dei nydelege illustrasjonane til Akin Düzakin bygger opp under denne skildringa.
Etiketter:
barn og vaksne,
besteforeldre,
død,
høgtlesing,
kjensler,
livsglede,
natur,
redsle,
skog,
Skogstur
torsdag 16. februar 2012
Opp og ned
Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.
tirsdag 9. august 2011
Den lille helten og kattekidnapperen
Karin er liten - for liten synes dei store barna. Og sjølv om Karin veit at ho aldri får vere med å leike med dei, spør ho likevel. Og det fantastiske skjer: i dag får Karin vere med å leike...ho kan få velje om ho vil vere ufødd løve eller ein nabo som ingen liker. Karin vel å vere ufødd løve. Då må ho liggje heilt stille i magen til løvemammaen og utvikle seg, medan dei store barna leikar og leikar og leikar...og løveungen vert aldri fødd. Men plutseleg oppdagar barna at katten, Ulrikke, er borte. Og dei veit at det bur ein kattekidnappar i nabolaget... Brått er leiken over, og Karin får vere med å leite etter Ulrikke, men dei finn han ingen stader. Tilslutt finn dei ut at dei må lure seg inn til kattekidnapparen og finne katten. Men kven tør å gjere det? Då viser det seg at det ikkje alltid er så dumt å ha med minstemann likevel, for Karin tør - og alle er einige om at det er minst sjanse for at ho vert oppdaga sidan ho er så lita. Dei store borna står utanfor og heldt vakt. Karin ringjer på hos kattekidnapparen, vert invitert inn i det skumle huset, finn Ulrikke der, men kjem ikkje ut igjen. Kan det ha skjedd noko med henne? Har kattekidnapparen laga kattemat av henne? Dei store barna vert meir og meir nervøse...
Heldigvis endar alt godt, og det viser seg at småsøsken kan vere tøffare enn dei store, og at kattekidnappare heldigvis ikkje alltid er ekte kattekidnappare.
torsdag 10. mars 2011
Bernt Bjørn skal bade
Daniel Napp har skrive to humoristiske bøker om Bernt Bjørn. Bernt Bjørn er ein stor, snill brunbjørn som gjer ein del rare ting. Han er god ven med gullfisk, og i denne boka skal han og gullfisk på badetur. Når dei kjem til badeplassen sin står Oter der og fiskar. Oter vert sint fordi dei skremmer fisken, og han seier at sjødraugen kan komme - og han et bjørnar! Bernt Bjørn blir livredd, men gullfisk vil bade likevel. Bernt Bjørn blir på land og passar på at ikkje sjødraugen kjem. Brått forsvinn bollen til gullfisk ned i vatnet, og Bernt Bjørn trur at det er sjødraugen som kjem og tek vennen hans. Han mannar seg opp, kler på seg alle baderingane sine og spring uti for å redde gullfisk. Med alt utstyret på seg liknar han mistenkeleg på ein sjødraug, så gullfisk går til motverje og dreg ut alle pluggane i baderingane. Resultatet vert at Bernt Bjørn fyk avgarde som ein rakett og sprett opp av vatnet rett framfor oter som har funne seg ein ny fiskeplass. Bøkene om Bernt Bjørn inneheld morosame historier med endå meir morosame illustrasjonar. Skrifta er stor og lett å lese. Passar godt som høgtlesing til barn i alderen 3-8 år, og som eigenlesing for born som nett har lært å lese sjølv.
Andre bøker om Bernt Bjørn: Bernt Bjørn skjønner ingenting
torsdag 27. januar 2011
Fiat og farmor i vilden sky av Iben Sandemose

Dette er den 6. boka Iben Sandemose har skrive om Fiat og farmor, og alle seks er like fargerike, fabulerande og humoristiske.
I denne boka skal farmor fly, og Fiat får vere med. Farmor har flyskrekk og kvir seg, og i tillegg pakkar ho med seg så mykje rart at Fiat må gje henne ein mindre koffert. For kva skal ein til dømes med støvsugar, sag og musefelle i kofferten?
Farmor synes at det er skummelt å skulle fly, sjå at koffertane forsvinn på bagasjebandet, at flyet ristar og på toppen av det heile må ho på do høgt der oppe i lufta. På heile turen må Fiat roe farmor ned, og det klarar ho heldigvis. Tilslutt landar flyet, og Fiat og farmor kjem ut i ei varm verd med store dyr i.
Denne boka er fin å bruke som ein lese-snakke-bok om ein skal ut å fly for første gong, eller om vaksne eller barn er redde for å fly. Men om ein ikkje skal fly er den og ei fin, humoristisk bok med flotte og morosame illustrasjonar. Boka passar for born frå 2-3 år og oppover til dei første åra i skulen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)