Viser innlegg med etiketten kvardagsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvardagsliv. Vis alle innlegg

mandag 12. mai 2014

Katt kan i parken


I denne vesle boka av forfattaren Sanna Töringe, møter vi Katt og mamma på tur i parken. Katt vil gjerne klare alt sjølv - slik små ungar helst vil; kjøre vogn, bære pinner, trykke på gangfelt-knappen og så vidare. Men til slutt kjem dei fram til parken. Der møter Katt ei lita jente og leiken går, medan mamma prøver å halde styr på dei oppfinnsame ungane som mellom anna vil bade andungar!Veldig koseleg bok med velkjende kvardagsdrama for dei minste.
Enkle illustasjonar av Kristina Digman.

tirsdag 13. august 2013

Vaffelmøkk

Tore Renberg og Øyvind Torseter har tidlegare laga bøkene "Gi gass, Ine" og "He, he, Hasse" saman om radarparet Ine og Hasse. No har bok nummer tre kome ut, og den syner seg å vere like bra som dei forrige. Denne gongen held Ine på å steike vaflar då ho høyrer at Hasse gret. "Vaffelmøkk", gret Hasse,  "baffeltøkk", "paffelkløkk". Som den gode storesystra Ine er prøver ho alle slags metoder for å finne ut kva Hasse eigentleg meiner. Ho kler seg ut som doktor for å finne ut om han har vondt nokon stader, som politi, tjuv og trollmann. Men det einaste ho får ut av Hasse er ulike variantar av ordet vaffelmøkk. Tilslutt kjem Hasse på at han kan vise henne ballen som sit fast i treet, og då forstår Ine at Hasse vil ha gaffeltrucken til å få ned att ballen.

Boka er morosam og alvorleg på ein gong, og vil falle i smak både hjå barnet som skal høyre på og den vaksne høgtlesaren. Den tar på kornet problema ein kan ha med å forstå smårollingane våre, og kor fortvilande morosame dei nye orda kan bli. Den viser og ei empatisk storesyster som med kløkt og fantasi prøver å forstå veslebror sin. Øyvind Torseter sine flotte bilete er laga i collageteknikk og følgjer teksten. Bileta har og mange flotte detaljar og er fine å følgje med på for barnet.
Eg spår at denne boka vert ein gjengangar i mange heimar!

torsdag 27. september 2012

Jason av Camilla Mickwitz

Var du liten på slutten av 70-talet eller byrjinga av 80-talet er det gode sjansar for at du hugsar Jason frå barndommen. Aschehoug forlag har laga ein serie som dei kallar for Aschehoug RETRO, og i denne serien har dei trykka opp att den gamle historia om Jason på nytt. Sjølv kjenner eg at eg vert varm om hjartet når eg les historia eg likte så godt då eg var lita, men som vaksen ser eg og andre kvaliteter med boka enn dei eg hugsar.
Jason bur i ei blokk saman med mora, Gudrun. Gudrun har det alltid forferdeleg travelt, så Jason regelrett flyg etter henne der ho drar han med seg til dagmammaen, til butikken og heim for å lage middag. Grunnen til at ho har det travelt er at ho må arbeide for å skaffe pengar til det ho og Jason treng. Fordi det blir for knapt med fabrikkløna ho har, må ho i tillegg jobbe om kveldane som modell. Då er Jason med og ser på. Når Gudrun synest at det blir slitsomt med modelljobben, tenkjer ho på at ho kan få vinterfrakk til Jason for pengane, og då orkar ho litt meir. Men av og til har Gudrun fri - då går ho til frisøren der ho kan sitje stille og prate med Jason, eller ho bakar bollar saman med han.
Sjølv om boka er frå 1975, og Jason er hjå dagmamma i staden for i barnehage, trur eg at den travle kvardagen boka beskriv er noko mange førskulebarn kjenner seg att i. På ein fin måte viser boka at foreldre ikkje har det så travelt fordi dei ikkje vil vere saman med barna,  men fordi dei vil ha ein god nok økonomi til å gje barna det dei treng.
Bileta i boka er fargesterke, enkle og naive,  og støttar godt opp under teksten.