tirsdag 30. september 2014
Minus og den store verden

Brune bjørn, brune bjørn, hva ser du på din vei?
Enkle spørsmål og klare svar er alltid kjekt for dei minste. Det same er rim og rytme. I denne boka får vi begge dele. Vi møter først bjørnen og han svarer :" Jeg ser en rød fugl som kikker på meg". Når vi blar til neste side møter vi så den raude fuglen som får same spørsmål som bjørnen. Og slik fortsett det utover med eit nytt dyr eller figur kvar gong vi blar om. Eric Carle sine store illustrasjonar viser tydelege fargar og figurar. Til slutt får vi ei oppsummering av alle vi har møtt gjennom boka. Teksten er på bokmål og skrive av Bill Martin Jr. og oversatt av Elisabeth Bjørnson.
Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
Bill Martin Jr.,
dyr,
Eric Carle,
fargar,
rim,
rytme
mandag 29. september 2014
Zara og dei; Gorillahjerne til middag
Forfattaren Bjørn Sortland og illustratøren Elisabeth Moseng har laga ei bok om Zara og familien hennar. Heile familien til Zara har namn som begynner med Z, dei bur i ei campingvogn, dei blør naseblod veldig lett og far til Zara tullar med alt mogeleg. Er det rart at dei andre barna trur det er noko gale med Zara og dei? Les denne boka, så finn du ut om alt verkeleg er så rart som alle trur.
Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.
Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.
tirsdag 23. september 2014
Gudmund leter etter en venn
Gudmund er ute og leitar etter noko. Han treff Hermann som spør kva han leitar etter. Gudmund fortel at han leitar etter ein venn og Hermann lurar på kva ein venn er for noko. Gudmund seier at ein venn er nokon ein gjerne vil vere saman med. Hermann blir gjerne med for å leite etter ein venn. "Det er lettare å leite når vi er to", seier han. Dei leitar lenge, til sist finn Gudmund ut at dei må gå til tante Emma for å kjøpe ein venn. Trur du tante Emma sel venner i butikken sin? Du må lese boka for å finne ut korleis det går.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.
mandag 12. mai 2014
Katt kan i parken
I denne vesle boka av forfattaren Sanna Töringe, møter vi Katt og mamma på tur i parken. Katt vil gjerne klare alt sjølv - slik små ungar helst vil; kjøre vogn, bære pinner, trykke på gangfelt-knappen og så vidare. Men til slutt kjem dei fram til parken. Der møter Katt ei lita jente og leiken går, medan mamma prøver å halde styr på dei oppfinnsame ungane som mellom anna vil bade andungar!Veldig koseleg bok med velkjende kvardagsdrama for dei minste.Enkle illustasjonar av Kristina Digman.
Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
Katt,
Kattar,
Kristina Digman,
kvardagsliv,
leik,
park,
Sanna Töringe
mandag 31. mars 2014
Knust
"Å bli knust er knusende vondt, sier lille Pi. ".
Denne vesle biletboka fortel om lille Pi og henner smerte etter at ho har knekt ein arm og må ligge på sjukehus. Vi får ei aning om kva som har skjedd utifrå bileta, men boka handlar mest om å ha det vondt og å vente og vente på at nokon kan kome og trøste litt. Illustrasjonane er teikningar i fine pastellfargar. Boka har lite tekst, men saman med illustrasjonane kan vi godt leve oss inn i lille Pi si kjensle av å kjenne seg litt knust- både fysisk og mentalt.
Forfattarar og illustratør er Hege Siri og Calef Brown.
Forfattarar og illustratør er Hege Siri og Calef Brown.
Etiketter:
biletbok,
bokmål,
Calef Brown,
Hege Siri Brown,
kjensler,
lengte,
smerte,
vente
tirsdag 4. februar 2014
Smokkefeen Tutta
Har du høyrd om tannfeen? Men visste du at at ho har ein ven som heiter Tutta og er smokkefeen? Denne boka er forteljinga om Smokkefeen Tutta og korleis ho reiser rundt i alle tomme hus og leiter etter smokkar. Tutta bur i eit stort slott, der har ho åtte soverom, ti stover og mange kjøken og alt er bygd av smokkar. Til og med hagen er full av smokkar.
Thea er ei jente som er veldig glad i smokkane sine. Når ho skal legge seg om kvelden vil ho helst ha ein smokk i munnen og ei i kvar hand. Ein gong skulle Thea og foreldra reise til Frankrike på ferie. Thea pakka mange smokkar, men hugsa ho å ta dei med seg? Når dei kom heim, trur du Thea fann dei att?
Om du les får du svar.
Denne boka er skriven av An-Magritt Lindtner og illustrert av Jens Kristensen. Boka vart lesen på eventyrstund på biblioteket den 4. februar for mange barnehagebarn, dei hadde mange kommentarar og forslag om kor Tutta heldt til.

Abonner på:
Innlegg (Atom)