fredag 24. juni 2011

Sov søtt, herr Spiss

Erna Osland har laga teksten og Inger Lise Belsvik har illustrert denne fagbiletboka. Det er herr Spiss som er hovudpersonen og som fører oss til møte med dyr som søv på ulike måtar. Teksten er på rim og gjer at den er lett å lese. Illustrasjonane gjer teksten svært tydeleg og det er morosamt å følgje herr Spiss på ferda. Bak i boka er det ein fakta som fortel om korleis og kvifor dyr og menneske søv. Denne boka kan brukast både til underhaldning, men og til å lære noko nytt. Visste du at spissmus nesten ikkje har tid til å sove?

Hva gjør de voksne når vi ikke ser?

Det er klart barn lurar på kva dei vaksne gjer når dei ikkje ser kva dei heldt på med! I denne boka går spørsmålet igjen på anna kvart oppslag og svara er oppfinnsame og for ein vaksen medlesar ganske tankevekkande. For kva finn dei på når barna har gått og lagt seg? Støvsuger dei støvdottar eller finn dei monster under senga? Koser dei seg med fisk og gulrøter eller finn dei fram potetgullet? Det er aldri greit å vite med desse vaksne, difor er denne boka god å ha, slik at vi kan snakke litt om desse tinga.
Terje Borg og Inger Lise Belsvik har laga denne boka saman i 2009.

onsdag 25. mai 2011

Anna Bache-Wiig/ Lisa Aisato: Don Fridtjof.

Don Fridtjof er ein katt som terroriserer alle han kjem i nærleiken av. Han jagar fuglar, hundar, mus og menneske, til og med matfar freser han til. Ja, Don Fridtjof trur han er verdas tøffaste og kulaste katt som kan gjere akkurat det han vil. Han skremmer alle rundt seg og er verkeleg ufordrageleg. Slik går dagane heilt til det kjem ei dansemus som set seg på matfatet til Don Fridtjof og ertar han. Då vert han så rasande at han spring etter musa. Ja, så rasande vert han at han gløymer å sjå etter kor han spring. Plutseleg er både han og musa langt oppe i eit tre, så langt oppe at han ikkje tør å klatre ned. Don Fridtjof hyler og skrik, men kven vil hjelpe ein som ikkje er grei? Ugla kjem og kjeftar på han, for han har sete seg på hennar balkong! Han ber ugla hjelpe seg, men ugla seier at det er berre ein måte å kome ut av dette på – kva trur du det er? Trur du at han kjem ned att?
Boka er gitt ut på Cappelen Damm i 2010. Teikningane er fulle av humor og gjev lesar og medlesar mykje å sjå på og snakke om.

onsdag 4. mai 2011

Pablo møter naboane

Pablo er ein liten rev. Han har to søsken, Poppy og Pelle. Dei bur i eit lite hol i hagen til katten Fredrik. Ein dag tenkjer Pablo: "Kvifor lever vi i slikt eit lite hol, når Fredrik lever i slikt eit stort, fint hus?" Pablo vil gå på besøk til Fredrik og smett inn gjennom døra til huset, søskena hans vert og med. Først kjem dei til kjøkenet - oj, all den herlege mate! Dei et det dei finn av kyllingbein og pølse, men er maten eigentleg til dei? I stua finn dei ein stor, mjuk sofa - kjempegøy å hoppe i! Tenk så moro Fredrik må ha det! Pelle kikkar inn i eit anna rom, men der et det noko som vil slåst. Hjelp, det er nokon som vil ta meg, skrik Pelle, men Poppy seier at denne tingen (støvsugaren) er heilt daud. Dei spring vidare og rotar til der dei kjem. Plutseleg høyrer Poppy noko! Det er menneska som bur der som kjem att! Kva skal dei gjere no?

Dette er ei bok med store, fargesterke bilete og enkel tekst, her er det mykje humor og ikkje minst noko å snakke om.

tirsdag 19. april 2011

Svein Nyhus: Sånt som er


Ei ny bok frå Svein Nyhus er alltid spennande. Denne gongen skriv han om Eli som ikkje har nokon å leike med. Ho har berre ein tom koffert! Men Eli kan rope, så ho roper på lyset som lager ei opning i mørkret slik at ho kan se, finne og leike og ikkje minst legge ting i kofferten. Ho roper på havet, fjellet, treet, dyret, røvaren, flamma og kvelden og alle har noko ho kan få og legge i kofferten. Så roper ikkje Eli meir, ho lyttar til kofferten og då kjem det ein annan som ho kan gjere noko saman med, i morgon kanskje?

Boka er bygd opp slik at venstresida på kvart oppslag viser Eli som roper og på høgresida ei rekke eksempel som utdjupar det ho leiter etter. Eit oppslag viser t.d. Eli som roper på lyset og presenterer slike ting som lyser: ei morgonsol, eit smil, eit blink, ein TV, lysa på ein bil, augo på ein katt i mørkret osb. Det er nesten som eit leksikon og det inviterer lesarane til å finne nye ord som kan passe inn. Her er det mykje å sjå på og snakke om. Ei bok til å lese fleire gonger.

torsdag 31. mars 2011

Mamma Mø faller og slår seg

Mamma Mø er ei litt uvanleg ku, sjølv om bonden ikkje heilt har skjønt det. Når bonden er i nærleiken er ho nemleg ganske normal og blir stelt med som andre kyr, men når bonden ikkje ser slår Mamma Mø seg laus. Kråka er Mamma Mø sin beste ven, og ofte prøver ho å dempe kua sine ville påfunn utan heilt å få det til. I denne boka vil Mamma Mø hoppe over gjerdet for å ta ein tur på stranda, men desverre sklir ho og riv seg opp på piggtråden. Bonden kjem og set eit svært plaster på riften, så får han Mamma Mø i fjøset så ho får kvile. Desverre gjer han ingenting med kulen i panna, sjølv om den gjer forskrekkeleg vondt. Når kråka kjem flygande vert ho overraska over å finne Mamma Mø i fjøset på ein fin dag, men ho skjøner fort at Mamma Mø treng trøst og hjelp. Ho går med på å fly til fryseboksen for å hente noko kaldt å leggje på kulen, men når ho kjem tilbake er ho dårleg, og vond og kald i magen, og fortel at fryseboksen er tom... Mamma Mø får likevel ein spinatpakke på kulen, og nyt både kulden frå pakka og spinaten som etterkvart renn nedover fjeset hennar. Kråka, derimot må heim og leggje seg.






Bøkene om Mamma Mø og Kråka er humoristiske og kjekke å lese både for vaksne og barn.

Fleire biletbøker om Mamma Mø og Kråka:


torsdag 24. mars 2011

Tigli

"Tigli har rosa hår. Det er kjempestort.Det er større enn alle bladene og greinene på et digert tre. Større enn et hus." Slik byrjar Bjørn Arild Ersland og Annlaug Auestad si fabulerande bok om Tigli. Og mykje av handlinga i denne boka føregår nettopp i dette håret. For i håret til Tigli veks det sukkertøy og karamellar, is, brus og mykje anna godt. Og det beste av alt: alle som vil får lov til å spise av håret til Tigli. Brannvesenet kjem med stigebil og plukkar snop frå buskar ingen andre rekk. Men ein dag skjer det noko som ikkje skal skje: Brannmesteren forsvinn i håret og dei finn han ikkje att. Politi og ordførar leitar, men dei finn han ikkje. Helikoptrane flyg rett over hovudet til Tigli i jakta på brannmesteren, men heller ikkje dei finn noko. Men Tigli veit råd, og boka endar godt med ein nøgd brannmester og ein sovande Tigli.
Med denne boka har Bjørn Arild Ersland skrive ei fantasifull bok som passar særleg godt til snopeglade born. Bileta til Annlaug Auestad spelar på lag med teksten og gjer dette til ei fantastisk bok for barn i fleire aldrar. Sjølv om boka er veldig rosa er denne historia like kjekk for gutane som for jentene!