torsdag 27. januar 2011

Fiat og farmor i vilden sky av Iben Sandemose


Dette er den 6. boka Iben Sandemose har skrive om Fiat og farmor, og alle seks er like fargerike, fabulerande og humoristiske.

I denne boka skal farmor fly, og Fiat får vere med. Farmor har flyskrekk og kvir seg, og i tillegg pakkar ho med seg så mykje rart at Fiat må gje henne ein mindre koffert. For kva skal ein til dømes med støvsugar, sag og musefelle i kofferten?

Farmor synes at det er skummelt å skulle fly, sjå at koffertane forsvinn på bagasjebandet, at flyet ristar og på toppen av det heile må ho på do høgt der oppe i lufta. På heile turen må Fiat roe farmor ned, og det klarar ho heldigvis. Tilslutt landar flyet, og Fiat og farmor kjem ut i ei varm verd med store dyr i.

Denne boka er fin å bruke som ein lese-snakke-bok om ein skal ut å fly for første gong, eller om vaksne eller barn er redde for å fly. Men om ein ikkje skal fly er den og ei fin, humoristisk bok med flotte og morosame illustrasjonar. Boka passar for born frå 2-3 år og oppover til dei første åra i skulen.

tirsdag 28. desember 2010

Eg er ein frosk


Kurt Johannessen har skrive og Øyvind Torseter har illustrert denne vesle boka om frosken : som akkurat skal til å ete ei fluge. På neste oppslag skal han: ete ei fluge og ein elefant. Slik går det side etter side - frosken et og tenker på det neste som kan hende frå han skal til å ete fluga og til han faktisk har gjort det. Kurt Johannessen fabulerer og let mikrosekundet omfamne fantastiske hendingar medan vi som les kjenner oss att i gleda ved å assosiera. Øyvind Torseter lager fine tablå av frosken sine tankar og skaper noko nytt ved å konstruere scenane i forteljinga. Fargane lyser mot deg, dette er ei bok til å få energi av!

mandag 13. desember 2010

Leselykke; inspirasjonsbok om barn og lesing


Bokklubben har for nokre år sidan (2008) gitt ut ei bok om barn og lesing. Målgruppa er foreldre med barn i alderen 0 - 8 år og målet er å oppdage kor kjekt det er å lese for barn og saman med barn. Leseforskarar skriv om leseutvikling på dei ulike aldersstega og fleire kjende personar skriv om lesing og om sine eigne favoritt bøker. Boka har både generelle tips og heilt konkrete titlar som høver for den einskilde aldersgruppa. I føreordet får vi ein presentasjon av bidragsytarane og ei innføring i korleis du kan bruke boka. Eit av tipsa er å lese kapittelet før og etter barnet sin alder, for ikkje alle følgjer den vanlege utviklinga, nokre ligg føre og andre treng litt meir
tid.


Ei anna bok som kom ut i 2003 og som handlar om omlag det same er:
Liv Engen si bok: Foreldrenes ABC. Hvordan oppmuntre barns leseglede og leselyst. Boka er gitt ut i serien For deg som vil lære mer, Damm forlag. Boka liknar ei Leseløve-bok, men er altså stila til den vaksne og har som mål å gje hjelp til den vaksne som har barn i skule-start alder. Boka er delt inn i seks kapittel og eit etterord, kvart kapittel tek føre seg ulike sider ved lesing og skriving og går ganske nøye inn på korleis den vaksne kan vere med på å gje barnet ei positiv oppleving av å skulle lære å lese og skrive. Eit av råda er å sjå på seg sjølv ikkje som trenar, men som leikekamerat i den språklege utviklinga!

tirsdag 19. oktober 2010

Stina Wirsen: Hvem....?

Stina Wirsen har skrive ein serie på 9 bøker som passar godt for dei minste. Bøkene handlar om ein liten bamse som kjem borti mange situasjonar som små (og litt større) barn lett kan kjenne seg att i. Bileta er gode å sjå på, og utrykksfulle. Borna ser lett kva for kjensler som rører seg i bamsen og dei andre skikkelsene som er med i bøkene. Desse bøkene er difor, i tillegg til å vere gode å lese, og gode å nytte til samtale med barna om ulike kjensler, venskap og andre tema.

Hvem er sint? handlar om bamse som bygger tårn. Ein gul katt kjem og vil vere med, men bamse vil leike aleine. Då vert katten lei seg og øydelegg for bamse. Begge vert sinte og byrjar å slåss, heilt til dei byrjar å grine. Tilslutt vert dei vener og byrjar å leike saman, og alt ender heldigvis godt.

Hvem bestemmer? Er det den store eller den lille bamsen som bestemmer? Den store bamsen meiner det er den, men den lille er ikkje heilt einig. Alle foreldre vil kjenne seg att i problematikken, og boka kan vere eit bidrag i samtalen om kvifor dei vaksne av og til må bestemme over borna.

Hvem er alene? Bamse er åleine, og vil gjerne leike med nokon. Men alle er så opptatt, ingen har tid til å leike med bamse. Då vert bamse lei seg, men finn på noko å gjere åleine. Etterkvart vert det så kjekt at ho gløymer at ho eigentlig ville leike med nokon. Ein kan vere åleine sjølv om ein ikkje vil det, men ein kan og vere åleine fordi ein vil det.
Andre bøker i denne serien:






torsdag 10. juni 2010

Johannes Jensen opplever et mirakel

Dette er den tredje boka Henrik Hovland har skrive om Johannes Jensen. I den første boka (Johannes Jensen føler seg annerledes) er Johannes Jensen ein einsam krokodille midt blandt alle menneska. I den andre boka (Johannes Jensen og kjærligheten) blir han kjæreste med Frida. I denne tredje boka bur han saman med Frida, og dei har det kjekt saman. Men ein dag oppdagar han at Frida har ein hemmelighet. Han byrjar å spionere på ho, og ser at ho går på venninnebesøk, i butikkar, og på legekontoret. Samstundes veks magen til Frida, og han skjønar at hemmeligheten hennar er inne i magen. Tilslutt spør han kva ho har i magen, og får vite at ho har ein baby - og at han kan få lov til å vere far. Johannes Jensen synes dette høyres spennande ut, men han har eit problem: Han kan ikkje syngje...og han meiner at ein far må kunne syngje for babyen når den skal sove. Johannes Jensen grublar på problemet sitt, og han får god hjelp til å løyse det. Tilslutt kjem babyen, og Johannes Jensen og Frida kan fortsetje å ha det kjekt saman - saman med Mirakelet sitt.
Bøkene om Johannes Jensen fortel på ein enkel måte om dei store tinga i liva våre: Korleis er det å få ein ven? Ein kjærast? Eit barn? Johannes Jensen er ein naiv krokodille som stiller enkle spørsmål og som får enkle svar på dei, og boka passar difor svært godt til barn frå to-tre -årsalderen og oppover.

Makwelane og krokodillen

Makwelane er ei sørafrikansk jente som er oppkalt etter eit musikkinstrument. Det mennesket ho elskar aller høgast er bestemor gogo. Men fordi ein må gå eit godt stykke langs elva der den utspekulerte krokodillen bur for å kome til bestemor gogo, får ikkje Makwelane lov til å gå dit aleine. Ein dag klarar ho endeleg å overtyde foreldra om at ho er stor nok til å klare det. I gleda over å få lov, overhøyrer ho alle advarslane om den utspekulerte krokodillen. På vegen møter Makwelane sjølvsagt den utspekulerte krokodillen, men ho trur berre at det er ein stor firfirsle. Derfor fortel ho krokodillen kor ho skal. Den utspekulerte krokodillen er verkeleg utspekulert, og skjønar at hvis han er rask og smart nok kan han ete både bestemor gogo og Makwelane til formiddagsmat. Han skundar seg difor avgarde til bestemor gogos hus, og er framme før Makwelane. Omsider, rett før ho er framme, skjønar Makwelane kven det er ho har snakka med. Ho tek til å springe og rope, og klarar å avlede krokodillen som nett då skal til å ete bestemor gogo. Det vert ein kamp mellom Makwelane og krokodillen, men tilslutt klarar Makwelane å stoppe krokodillen ved å dytte instrumentet sitt inn i krokodillens gap.
Historia om Makwelane og krokodillen er spennande og har i tillegg flotte illustrasjonar. Den har klare parallellar til eventyret om raudhette og ulven, og for barn som er glade i dette eventyret vert den kanskje endå meir spennande. Handlinga og illustrasjonane foregår i Afrika, i Zululand, og gjev eit godt bilete av korleis livet er der.

Når prinsesser våkner om natten

Det er skummelt å vakne om natta av rare lyder - for prinsesser og. Men prinsessa i Per Gustavssons univers er av det nyfikne slaget, i tillegg til å vere modig. Ho går ned i kjellaren for å sjekke kva som lagar lydane, og undervegs møter ho ein edderkopp, ein vaktmester, eit skjelett og ein frosk som alle åtvarar ho mot å gå ned i kjellaren. Det store kjellartrollet har nemleg vakna, og han et prinsesser som godteri. Prinsessa gjev seg likevel ikkje, ho vil ned i kjellaren og passe på at kjellartrollet sovnar att. Ho tar seg likevel tid til å hjelpe dei ho møter undervegs: Edderkoppen får krona hennar, vaktmesteren som misser buksene sine får prinsessebeltet, skjelettet som frys får kappa, og frosken som ikkje tåler vatn på føtene får prinsessestøvlene. Som takk vert dei alle saman med for å hjelpe henne mot kjellartrollet. Kjellartrollet er stort og skummelt og veldig klart for litt prinsesseknask når dei kjem fram til det. Men sidan prinsessa har gitt bort prinsesseutstyret sitt vert det veldig forvirra - for kven av dei er eigentleg prinsessa? Trollet tek til å gruble, og etter å ha grubla ein stund sovnar det. Når troll sovnar, søv dei i 496 år - minst. Det veit prinsesser, så ho gjev han prinsessekrona si og kan endeleg leggje seg til å sove ho og.


Bøkene til Per Gustavsson er kjekke å lese, både for liten og stor. Han snur om førestillingane om prinsesser som små, søte skapningar som berre sit og ventar på ein mann, og gjer dei modige, tøffe og hjelpsame. Språket er lett, og bileta gode å sjå på.


Andre bøker i denne serien: Sånn gjør prinsesser, Når prinsesser fyller år og Når prinser fanger drager.