mandag 22. juni 2009

Fagbok om lesing for barn


Les mer! - utvikling av lesekompetanse i barnehagen av Trine Solstad, Universitetsforlaget 2008.

Boka Les mer! handlar om høgtlesing i barnehagen, og gjev svar på dei oftast stilte spørsmåla: Kvifor skal me lese for barna? Kva skal me lese for barna? Og korleis kan me lese for barn i barnehagen?
Forfattaren knytter boka opp mot nyare forskning og rammeplanen for barnehagen, og ho forklarer grundig, men på ein lettfatteleg måte kva fordelar barn har av å bli lest for. Ho kjem og med gode råd i forbindelse med høgtlesning, både når det gjeld refleksjonar rundt bøkene saman med barna, arbeid med bøkene, kva bøker ein bør velje og kvifor, og kva kriterier som bør vere med i eit godt leserom. Forfattaren gjev og litt plass til korleis barnehagen kan stimulere foreldre til å lese for barna heime.

Boka er lett å lese og anbefales til alle som jobbar i barnehage. Den anbefales og til foreldre og andre som er interessert i å vite meir om barn og bøker.

onsdag 27. mai 2009

Barnehagebibliotek

Kva er eit barnehagebibliotek? I Meland kommune er det eit tilbod frå biblioteket til barn og foreldre i barnehagane om å låne bøker i barnehagen. Kvar barnehage har eit depot med bøker som skiftast ut med jamne mellomrom. Desse bøkene kan barna låne med seg heim eller dei kan lesast i barnehagen.
Kvifor opprettar vi barnehagebibliotek? Det er ikkje alltid like enkelt å hugse på når biblioteket er ope, det er heller ikkje så greitt å få tid til å gå på biblioteket, men det er kjempeviktig å lese for barnet ditt! Helst litt kvar dag...
Då kan det vere ei hjelp å få låne bøker i barnehagen! Bøker som barnet kanskje har plukka fram i løpet av dagen eller bøker de finn i lag.