Å bli storebror er ei stor sak og gjev mykje å tenke på for ein liten pjokk. Ein kan sjå for seg kor sterk ein kan bli, kor fort ein kan springe, kor høgt ein kan hoppe og andre slike ting. Men ein kan og lure på om mamma og pappa fortsatt vil ha tid til viktige saker som å kitle ein på magen eller leike hest.
Elisabeth Moseng står bak både tekst og illustrasjonar i denne vesle biletboka. Illustrasjonane dekker alle sidene og understrekar tankane til guten. Dette er ei fin bok å lese når skal førebu seg på store endringer på heimebane.
torsdag 9. april 2015
tirsdag 20. januar 2015
Mathilde vinker
Mathilde er glad i å leike med andre barn og er veldig klar for å begynne i barnehagen. Men ho får ikkje leika så mykje som ho vil for det tar så kjempelang tid før mamma og pappa er ferdig med å snakke og vinke når dei skal gå om morgonen. Etterkvart vert Mathilde nesten litt fortvila over all denne vinkinga. Men ho finn eit godt råd den dagen begge foreldra er med i barnehagen. Dei humoristiske illustrasjonane i boka viser mange kreative måter å vinke på.
Tine Bruun har laga teksten, medan
Dina Gellbert ( forfatterweb.dk ) står for illustrasjonane. Boka er oversatt frå dansk av Elin Hagen.
Tine Bruun har laga teksten, medan
Dina Gellbert ( forfatterweb.dk ) står for illustrasjonane. Boka er oversatt frå dansk av Elin Hagen.
Hokus Pokus 1-2-3
" I ein hemmeleg skog,
bak ei hemmeleg tue,
der bur det ei heks
i ei hemmeleg stue...."
Slik opnar Sissel Horndal si bok om tall og telling, så dersom småskumle saker og hekser er tingen, er det berre å sette i gang. Vi blir med inn i huset til heksa og får eit nytt vers på annakvar side saman med fargerike illustrasjonar full av detaljar. Versa går på rim og her er godt med humor både i tekst og bilete. Nedst på kvar side står tala pent og pynteleg i rett rekkefølgje slik at det er lett å følgje med kor ein er i tellinga. Til slutt får vi vite kva heksa gjer med talet 20 når ho ikkje får sove.
På Nynorskbok.no kan de lese ein lengre omtale av boka.

Etiketter:
biletbok,
biletbøker,
heksar,
Sissel Horndal,
tal,
Tall,
teljing,
telling
mandag 12. januar 2015
Odd og Todd fiffige oppfinnelser gjennom tidene
Barnebokkritikk.no skriv utfyllande om bøkene om Odd og Todd. I denne boka tek dei to karane for seg steinalder-signalsystem, hjulsorterings-puttekasse, gamalegyptisk morgonstell-automat og mykje anna. Bileta er fulle av detaljar og rare ting å sjå på. Teksten fortel litt, men dette er stort sett ei leite og finne, prate og undre seg bok. Fire og femåringar med sans for detaljar og vaksne med sans for rare oppfinningar vil ha ei og sikkert fleire fine stunder med denne boka. Biblioteket har fleire bøker om Odd og Todd, berre spør når du kjem innom. Bøkene er skreve av Aino Havukainen og Sami Toivonen.
Etiketter:
Leit og Finn,
Odd og Todd,
oppfinningar
fredag 9. januar 2015
Ambulanse på utrykning
Denne vesle boka fortel om kva som skjer når ein ambulanse er på utrykning, heilt frå naudropet kjem til dei er på sjukehuset med han som er skadd. Boka har enkelt tekst med store bokstavar og nøkkelorda er utheva slik at det skal vere enkelt for ein urøynd lesar å komme igjennom denne. Bak i boka ser vi nærare på kva som finnest i ein ambulanse og andre utrykningskøyrety. Dette er ei boka som høver for dei som bilar og særleg dei som lagar lyd! Boka er skreve av Peter Bently og illustrert av Martha Lightfoot.
torsdag 8. januar 2015
Politi på patrulje
Denne boka handlar om kva konstabel Katt gjer når han og overkonstabel Pus er ute på oppdrag. Dei får høre at Langfingrede Fred er sett nær kunstgalleriet i byen og han er kjend for å stele bilete av fisk. Konstabel Katt og Overkonstabel Pus tar saka.
Dette er ei bok med stor skrift, nøkkelorda i forteljinga er til og med utheva slik at det skal vere enkelt å få med seg innhaldet for ein ny lesar. Bak i boka kan vi får vite meir om kva som er i ein politibil og vi får sjå andre transport midlar som politiet brukar. Boka er skreve av Peter Bently og illustrert av Martha Lightfoot

mandag 15. desember 2014
ØYA
Dei to sjarmerande, litt rufsete, nysgjerrige fuglane Bettina og Bertil sett seg ein dag i ein liten kano for å dra på fisketur. Bettina iført raud caps, Bertil med grøn. Når dei omsider får snøret uti får dei ein kjempestor, sprelsk fisk på kroken. Det vil seie; fisken viser seg vere ei krokodille og i strevet med å hove den inn hamnar dei i munnen på krokodilla. Redde vert dei ikkje. Dei trur dei er i ei dryppsteinsgrotte og heldivis har dei kanoen med. Bertil finn ein utgang til eit anna land.Det må vere Utlandet, meiner han! Her morer dei seg ei tid mellom vassliljer som ser ut som fotblad, før Bertil oppdagar det er vatn i båten og dei sett kursen mot land. Boka er kunstnaren Eli Hovdenak sin debut som barnebokforfattar. Fantasi og surrealisme og lun humor er kombinert med nydelege duse illustrasjonar i akvarell.
Etiketter:
akvarell,
biletbok,
biletbøker,
Eli Hovdenak,
fantasi,
fisketur,
fuglar,
humor,
surrealisme
Abonner på:
Innlegg (Atom)