tirsdag 28. oktober 2014

Hva gjør de dagen lang?


Ja, kva er det dei vaksne eigentleg gjer på etter dei har drukke kaffi, smurt nistepakkar, ordna håret, og gått ut av huset om morgonen?
I denne boka får vi eit innblikk i dette mysteriet på ein svært humoristisk måte. Boka er full av sprudlande rim og eit litt skrått, fantasifullt blikk på kva bakermester Anne Gluten putter i bollane, korleis sykkelfikser Sivert Nakken tener seg rik og jordmor Roger lagar blomster-tut på navlene til dei nyfødde. Forfattar Ellisiv Solskinnsbakk har ikkje avgrensa seg til vanlege kontorjobbar, men er innom taggaren, gassballongselgaren, djupvassdykkaren og førarhunden, samt fleire luringar og nokre kanskje ikkje fullt så lure. Denne boka er hennar debut som barnebokforfattar og eg personleg håper det kjem fleir. Endre Skandfer har illustrert boka, og som teksten er illustrasjonane fulle av frodig humor og sprell.
Teksten er på bokmål og passar like godt i småskulen som for førskulebarn.

tirsdag 30. september 2014

Minus og den store verden



                                 Temaet i denne herlege boka om Minus er tall og telling og alt det rare einliten gut kan møte når han går ut for å finne den store verda for første gong.Vi møter fargerike personlegdommar som ”Enogenhalv” og grisen hans, dama med to av alle ting, tre vise menn litt på villstrå , Rotte-Lottes Spørrepotte og så vidare. Minus snakkar med alle og får ein ting med seg på ferda si av alle saman. Tilslutt har han ti ting og er klar for verda, men på sin veg møter han småfolk i vanskar og endar med å gje frå seg alle tinga minus ein som han tek med heim.Han må kvile seg litt før han går ut i verda att, men no veit han jo vegen… nesten…Her er element frå regleeventyra frodig pakka inn i  Sven Nordqvist sitt fargerike univers.Teksten er på bokmål. Dette er ei biletbok med relativt mykje tekst og svært detaljrike illustrasjonar og slik passar ho best frå fire år og oppover i småskulen.
 
 

Brune bjørn, brune bjørn, hva ser du på din vei?


Enkle spørsmål og klare svar er alltid kjekt for dei minste. Det same er rim og rytme.  I denne boka får vi begge dele. Vi møter først bjørnen og han svarer :" Jeg ser en rød fugl som kikker på meg". Når vi blar til neste side møter vi så den raude fuglen som får same spørsmål som bjørnen. Og slik fortsett det utover med eit nytt dyr eller figur kvar gong vi blar om.  Eric Carle sine store illustrasjonar viser tydelege fargar og figurar. Til slutt får vi ei oppsummering av alle vi har møtt gjennom boka. Teksten er på bokmål og skrive av Bill Martin Jr. og oversatt av Elisabeth Bjørnson.  

mandag 29. september 2014

Zara og dei; Gorillahjerne til middag

Forfattaren Bjørn Sortland og illustratøren Elisabeth Moseng har laga ei bok om Zara og familien hennar. Heile familien til Zara har namn som begynner med Z, dei bur i ei campingvogn, dei blør naseblod veldig lett og far til Zara tullar med alt mogeleg. Er det rart at dei andre barna trur det er noko gale med Zara og dei? Les denne boka, så finn du ut om alt verkeleg er så rart som alle trur.

Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.

tirsdag 23. september 2014

Gudmund leter etter en venn

Gudmund er ute og leitar etter noko. Han treff Hermann som spør kva han leitar etter. Gudmund fortel at han leitar etter ein venn og Hermann lurar på kva ein venn er for noko. Gudmund seier at ein venn er nokon ein gjerne vil vere saman med. Hermann blir gjerne med for å leite etter ein venn. "Det er lettare å leite når vi er to", seier han. Dei leitar lenge, til sist finn Gudmund ut at dei må gå til tante Emma for å kjøpe ein venn. Trur du tante Emma sel venner i butikken sin? Du må lese boka for å finne ut korleis det går.

Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.

mandag 12. mai 2014

Katt kan i parken


I denne vesle boka av forfattaren Sanna Töringe, møter vi Katt og mamma på tur i parken. Katt vil gjerne klare alt sjølv - slik små ungar helst vil; kjøre vogn, bære pinner, trykke på gangfelt-knappen og så vidare. Men til slutt kjem dei fram til parken. Der møter Katt ei lita jente og leiken går, medan mamma prøver å halde styr på dei oppfinnsame ungane som mellom anna vil bade andungar!Veldig koseleg bok med velkjende kvardagsdrama for dei minste.
Enkle illustasjonar av Kristina Digman.

mandag 31. mars 2014

Knust

http://mittnordhordland.no/work?workId=8940ca60-d28b-49e0-a2ad-a2f400d67f16

  "Å bli knust er knusende vondt, sier lille Pi. ".
Denne vesle biletboka fortel om lille Pi og henner smerte etter at ho har knekt ein arm og må ligge på sjukehus. Vi får ei aning om kva som har skjedd utifrå bileta, men boka handlar mest om å ha det vondt og å vente og vente på at nokon kan kome og trøste litt. Illustrasjonane er teikningar i fine pastellfargar. Boka har lite tekst, men saman med illustrasjonane kan vi godt leve oss inn i lille Pi si kjensle av å kjenne seg litt knust- både fysisk og mentalt.
Forfattarar og illustratør er Hege Siri og Calef Brown.