onsdag 15. februar 2012

Veslefantens reknebok

Camilla Lundsten har skrive fleire bøker om Veslefanten. Dei andre bøkene er peikebøker der og vennene Makkus og Kanina og er med. Veslefantens reknebok er ei bok for litt større barn for her er det ein del tekst og det er reknestykke som nok vil passe best for fire og femåringane. Teksten stiller spørsmål til lesaren slik som: Kor mange fiskar er det i bøtta? og Kva for fiskar er det ein av? Slik lærar barna å telje og å sjå på mønster for å skilje ting frå kvarandre. Illustrasjonane er enkle og fargesterke og spørsmåla gjer dette til ei bok å snakke saman om.

fredag 13. januar 2012

Savnet

Dette er den fjerdje boka Kaia, Bendik og Trond Brænne har skrive om hesten, grisen, høna, kaninen og skjæra som er gode vener og bur på ein gard. I denne boka byrjar skjæra å føle seg utanfor. Ho er den einaste som bur høgt oppe i eit tre, medan dei fire andre dyra held til nede på bakken. Ho føler det som om ho ikkje heilt høyrer til på garden, og for å finne ut av dette spør ho dei andre dyra kva dei meiner. Dei klarar ikkje å gje henne den samkjensla som ho er ute etter, så skjæra flyg skuffa tilbake til reiret sitt. Seinare på dagen oppdagar dei andre dyra at det heng eit saftig eple øvst i eit tre. Dei prøvar på alle tenkelege måtar å få ned eplet, men rekk ikkje opp til det. Sidan grisen er ein klok fyr, får han i oppgåve å tenkje ut noko lurt. Etter å ha tenkt seg godt om kjem han på at dei kan spørje skjæra. Men kor i all verda er det blitt av skjæra? Ho er ikkje i reiret sitt, og ingen andre stader heller, men i stallen finn dei eit brev frå ho. Det er ein invitasjon til innflytningsfest i skjæra sitt nye reir. Tenk at ho har flytta frå dei... Dyra pyntar seg og går på fest. Men no er det deira tur til å kjenne seg utanfor. Det nye reiret er høgt oppe, og det er mange andre skjærer der og. Dyra frå garden kjenner at dei ikkje passar heilt inn. Etter ei lita stund tuslar dei heim og ser på det tomme skjærereiret, og no ser dei alt det positive som dei saknar når skjæra er borte!
Denne boka omhandlar, som dei andre i serien, eit viktig tema: Korleis er vi mot kvarandre? Er vi flinke nok til å setje pris på kvarandre og vise det? Etter å ha brukt den i ei eventyrstund for 3-5-åringar, ser eg at dette kjem godt nok fram til at borna i denne alderen merkar sorga hos skjæra når ho kjenner seg utanfor. Boka er difor eit fint utgangspunkt om ein vil snakke med dei om venskap og om korleis ein kan vise andre at ein bryr seg om dei. Dei sjarmerande teikningane til Per Dybvig er med på å understøtte teksten og kjenslene i boka og hjelper barna å følgje med i handlinga.
Andre bøker om dei fem venene på garden:









onsdag 21. desember 2011

He he, Hasse

Dette er bok nummer to om Ine og Hasse av Tore Renberg og Øyvind Torseter. Hasse og Ine har ein plan om å sprenge den store steinen som ligg i vegen for alt. Dei må berre finne ein dynamittgubbe og tenne på, så ordnar alt seg. Dei tar traktoren og køyrer til skogen, der treff dei elgen, og spør om han har dynamitt. Elgen har ikkje meir att og så må dei leite vidare. Dei treff fleire dyr, men ingen har dynamitt. Til slutt kjem ugla på at kanskje grevlingen har ein gubbe eller to å avsjå. Det har grevlingen og så blir det sprenging, eit digert hol blir det - men kva skal dei gjere med dette holet? Hasse har ein god ide, men for å få vite kva det er må du lese boka!

Draumar

Ei veslesyster som ikkje får sove, for ho er redd for draumane. Då er det godt å ha ein storebror som kan fortelje om dei gode draumane. Han fortel om reiser både på vegen, til havet, i havet, ja, til og med til månen. Sjølv om veslesyster trur ho ikkje klarer å bake, symje eller tisse i skogen så kan ho det i draumen. Her er det berre gode draumar og ingenting å vere redd for.
Det er Gyrid Axe Øvsteng som har laga teksten og Per Ragnar Møkleby som har illustrert boka. Illustrasjonane er laga i blandingsteknikk med collage på foto i fleire av dei. Detaljane i bileta gjer dette til ei bok om høver godt til samtale og både tema og bilete.

tirsdag 6. desember 2011

Borte vekk!

Mina sin mamma kan gjere tusen ting samstundes, men ho klarer og å rote vekk mykje. Då er det bra at Mina er flink til å følgje med på kva mora gjer, slik at ho kan finne igjen det mora har rota vekk. I denne boka får vi høyre om når mamma har mista lesebrillene sine. Mina og mamma skal reise til byen for å kjøpe nye briller, men før dei kan reise må mamma finne lommeboka. Då er det fint at Mina tenkjer etter og finner ut at den må ligge i kjøleskåpet! Men så er nøklane borte og då må Mina til å leite ein gong til. Tru om ho finn dei og om dei då kan reise til byen?
Dette er ei kjekk lita bok om ei rotete mamma og ei flink og oppmerksam jente. Boka er skriven av Ingvild Nielsen og illustrert av Inger Lise Belsvik. Det er ein del tekst, men bileta stør teksten og utfyller slik at det blir mykje og sjå på og snakke om. Vi las denne boka i eventyrstund med barn frå 3 - 5 år noko som fungerte svært bra.

mandag 14. november 2011

Tannpusser-grisen Olli

Tøygrisen Olli, tøymusa Louis og tøytigeren Lily bur hos store Markus. Kvar kveld må Markus fortelje eit eventyr før leikene kan legge seg og sove. Ein kveld er Markus alt for trøyt til å fortelje noko, for leikene har brukt altfor lang tid på å pusse tennene. Tigeren Lily synest at tannpuss er keisamt, men då fortel Olli at tannpuss kan vere både spennande og farleg, ja, han har sjølv arbeidd som tannpusse-gris i fleire år! Dei andre trur ikkje noko på dette, før Olli viser dei utstyret sitt! Han har vore tannpussar i dyrehagen og pussa tennene på kenguruar, elefantar, sjiraffar, løver, krokodillar og mange fleire. Dei andre tøydyra er skikkeleg imponert og det blir nok du og når du les om korleis Olli pussa tenna på krokodillen!

Ei humoristisk, fin biletbok om tannpussing. Boka er skriven på bokmål. Passer for dei eldste i barnehagen og dei som går i første klasse. 


fredag 4. november 2011

Albert tuller med tall

Albert Åberg er ein kjent og kjær ven for mange boklesarar. Denne gongen skal han feire geburtsdag og Albert og pappa tullar veldig med tal. Kva treng vi tala til? Å ringe i telefonen. Datoen for fødselsdagen. Betale i butikken. Tal har vi rundt oss heile tida og då er det lurt å vite litt om korleis dei oppfører seg. Dette er ei bok som høver for barn som har begynt å telle, for her er det og små oppgåver som dei kan bryne seg på.