Mamma Mø er ei litt uvanleg ku, sjølv om bonden ikkje heilt har skjønt det. Når bonden er i nærleiken er ho nemleg ganske normal og blir stelt med som andre kyr, men når bonden ikkje ser slår Mamma Mø seg laus. Kråka er Mamma Mø sin beste ven, og ofte prøver ho å dempe kua sine ville påfunn utan heilt å få det til. I denne boka vil Mamma Mø hoppe over gjerdet for å ta ein tur på stranda, men desverre sklir ho og riv seg opp på piggtråden. Bonden kjem og set eit svært plaster på riften, så får han Mamma Mø i fjøset så ho får kvile. Desverre gjer han ingenting med kulen i panna, sjølv om den gjer forskrekkeleg vondt. Når kråka kjem flygande vert ho overraska over å finne Mamma Mø i fjøset på ein fin dag, men ho skjøner fort at Mamma Mø treng trøst og hjelp. Ho går med på å fly til fryseboksen for å hente noko kaldt å leggje på kulen, men når ho kjem tilbake er ho dårleg, og vond og kald i magen, og fortel at fryseboksen er tom... Mamma Mø får likevel ein spinatpakke på kulen, og nyt både kulden frå pakka og spinaten som etterkvart renn nedover fjeset hennar. Kråka, derimot må heim og leggje seg. torsdag 31. mars 2011
Mamma Mø faller og slår seg
Mamma Mø er ei litt uvanleg ku, sjølv om bonden ikkje heilt har skjønt det. Når bonden er i nærleiken er ho nemleg ganske normal og blir stelt med som andre kyr, men når bonden ikkje ser slår Mamma Mø seg laus. Kråka er Mamma Mø sin beste ven, og ofte prøver ho å dempe kua sine ville påfunn utan heilt å få det til. I denne boka vil Mamma Mø hoppe over gjerdet for å ta ein tur på stranda, men desverre sklir ho og riv seg opp på piggtråden. Bonden kjem og set eit svært plaster på riften, så får han Mamma Mø i fjøset så ho får kvile. Desverre gjer han ingenting med kulen i panna, sjølv om den gjer forskrekkeleg vondt. Når kråka kjem flygande vert ho overraska over å finne Mamma Mø i fjøset på ein fin dag, men ho skjøner fort at Mamma Mø treng trøst og hjelp. Ho går med på å fly til fryseboksen for å hente noko kaldt å leggje på kulen, men når ho kjem tilbake er ho dårleg, og vond og kald i magen, og fortel at fryseboksen er tom... Mamma Mø får likevel ein spinatpakke på kulen, og nyt både kulden frå pakka og spinaten som etterkvart renn nedover fjeset hennar. Kråka, derimot må heim og leggje seg. torsdag 24. mars 2011
Tigli
"Tigli har rosa hår. Det er kjempestort.Det er større enn alle bladene og greinene på et digert tre. Større enn et hus." Slik byrjar Bjørn Arild Ersland og Annlaug Auestad si fabulerande bok om Tigli. Og mykje av handlinga i denne boka føregår nettopp i dette håret. For i håret til Tigli veks det sukkertøy og karamellar, is, brus og mykje anna godt. Og det beste av alt: alle som vil får lov til å spise av håret til Tigli. Brannvesenet kjem med stigebil og plukkar snop frå buskar ingen andre rekk. Men ein dag skjer det noko som ikkje skal skje: Brannmesteren forsvinn i håret og dei finn han ikkje att. Politi og ordførar leitar, men dei finn han ikkje. Helikoptrane flyg rett over hovudet til Tigli i jakta på brannmesteren, men heller ikkje dei finn noko. Men Tigli veit råd, og boka endar godt med ein nøgd brannmester og ein sovande Tigli.Med denne boka har Bjørn Arild Ersland skrive ei fantasifull bok som passar særleg godt til snopeglade born. Bileta til Annlaug Auestad spelar på lag med teksten og gjer dette til ei fantastisk bok for barn i fleire aldrar. Sjølv om boka er veldig rosa er denne historia like kjekk for gutane som for jentene!
torsdag 10. mars 2011
Bernt Bjørn skal bade
Daniel Napp har skrive to humoristiske bøker om Bernt Bjørn. Bernt Bjørn er ein stor, snill brunbjørn som gjer ein del rare ting. Han er god ven med gullfisk, og i denne boka skal han og gullfisk på badetur. Når dei kjem til badeplassen sin står Oter der og fiskar. Oter vert sint fordi dei skremmer fisken, og han seier at sjødraugen kan komme - og han et bjørnar! Bernt Bjørn blir livredd, men gullfisk vil bade likevel. Bernt Bjørn blir på land og passar på at ikkje sjødraugen kjem. Brått forsvinn bollen til gullfisk ned i vatnet, og Bernt Bjørn trur at det er sjødraugen som kjem og tek vennen hans. Han mannar seg opp, kler på seg alle baderingane sine og spring uti for å redde gullfisk. Med alt utstyret på seg liknar han mistenkeleg på ein sjødraug, så gullfisk går til motverje og dreg ut alle pluggane i baderingane. Resultatet vert at Bernt Bjørn fyk avgarde som ein rakett og sprett opp av vatnet rett framfor oter som har funne seg ein ny fiskeplass. Bøkene om Bernt Bjørn inneheld morosame historier med endå meir morosame illustrasjonar. Skrifta er stor og lett å lese. Passar godt som høgtlesing til barn i alderen 3-8 år, og som eigenlesing for born som nett har lært å lese sjølv.
Andre bøker om Bernt Bjørn: Bernt Bjørn skjønner ingenting
torsdag 3. februar 2011
Kubbe lager museum
Kubbe er ein liten kubbe som bur langt inni skogen. Kvar tysdag har Kubbe turdag. Då finn han mykje fint som han tek med seg heim: kvist og kvast og ting som folk har mista. Når han kjem heim frå tur legg han alt det han har funne utover heile stovegolvet, så nyttar han bøker til å finne ut kva han har funne før han sorterer ting i esker og skuffer. Men ein dag er det ikkje plass i eskene og skuffene lenger, og Kubbe lurer på kva han skal gjere. Bestemor råder han til å lage museum, noko Kubbe gjer med liv og lyst. Og museet vert ein suksess, på opningsdagen er det kjempelang kø og Kubbe er frykteleg stolt. Han viser gjestene rundt i museet og fortel om alle tinga han har funne, og folk likar museet og historiane. Men ein dag oppdagar Kubbe at han er lei av å bu i eit museum og han saknar det gamle livet sitt. Så han bestemmer seg for å stenge museet. Men kva skal han då gjere med alle tinga? Han fotograferer alt og lager eit fint album der han skriv ned historiene sine. Deretter legg han tinga tilbake der dei høyrer heime. Boka om Kubbe er illustrert av forfattaren, Åshild Kanstad Johnsen, som har lagt inn mange detaljar i bileta som det er kjekt for borna å finne. Kubbe er ein sjarmerande og uttrykksfull figur som mange born vil kjenne seg att i. Boka er fin å lese for born som likar å leite etter detaljar og for born som likar å samle med seg ting dei finn. Den kan og brukast til å introdusere borna for museumsverda, eller berre som ei kjekk kosebok. I tillegg til alt dette er skriften stor og god å lese, så for born som har knekt lesekoden er den ei kjekk lese-sjølv bok.
Etiketter:
dokumentasjon,
fantasi,
Leit og Finn,
museum,
Skogstur
torsdag 27. januar 2011
Fiat og farmor i vilden sky av Iben Sandemose

Dette er den 6. boka Iben Sandemose har skrive om Fiat og farmor, og alle seks er like fargerike, fabulerande og humoristiske.
I denne boka skal farmor fly, og Fiat får vere med. Farmor har flyskrekk og kvir seg, og i tillegg pakkar ho med seg så mykje rart at Fiat må gje henne ein mindre koffert. For kva skal ein til dømes med støvsugar, sag og musefelle i kofferten?
Farmor synes at det er skummelt å skulle fly, sjå at koffertane forsvinn på bagasjebandet, at flyet ristar og på toppen av det heile må ho på do høgt der oppe i lufta. På heile turen må Fiat roe farmor ned, og det klarar ho heldigvis. Tilslutt landar flyet, og Fiat og farmor kjem ut i ei varm verd med store dyr i.
Denne boka er fin å bruke som ein lese-snakke-bok om ein skal ut å fly for første gong, eller om vaksne eller barn er redde for å fly. Men om ein ikkje skal fly er den og ei fin, humoristisk bok med flotte og morosame illustrasjonar. Boka passar for born frå 2-3 år og oppover til dei første åra i skulen.
tirsdag 28. desember 2010
Eg er ein frosk

Kurt Johannessen har skrive og Øyvind Torseter har illustrert denne vesle boka om frosken : som akkurat skal til å ete ei fluge. På neste oppslag skal han: ete ei fluge og ein elefant. Slik går det side etter side - frosken et og tenker på det neste som kan hende frå han skal til å ete fluga og til han faktisk har gjort det. Kurt Johannessen fabulerer og let mikrosekundet omfamne fantastiske hendingar medan vi som les kjenner oss att i gleda ved å assosiera. Øyvind Torseter lager fine tablå av frosken sine tankar og skaper noko nytt ved å konstruere scenane i forteljinga. Fargane lyser mot deg, dette er ei bok til å få energi av!
mandag 13. desember 2010
Leselykke; inspirasjonsbok om barn og lesing
Bokklubben har for nokre år sidan (2008) gitt ut ei bok om barn og lesing. Målgruppa er foreldre med barn i alderen 0 - 8 år og målet er å oppdage kor kjekt det er å lese for barn og saman med barn. Leseforskarar skriv om leseutvikling på dei ulike aldersstega og fleire kjende personar skriv om lesing og om sine eigne favoritt bøker. Boka har både generelle tips og heilt konkrete titlar som høver for den einskilde aldersgruppa. I føreordet får vi ein presentasjon av bidragsytarane og ei innføring i korleis du kan bruke boka. Eit av tipsa er å lese kapittelet før og etter barnet sin alder, for ikkje alle følgjer den vanlege utviklinga, nokre ligg føre og andre treng litt meir
tid.
Ei an
Liv Engen si bok: Foreldrenes ABC. Hvordan oppmuntre barns leseglede og leselyst. Boka er gitt ut i serien For deg som vil lære mer, Damm forlag. Boka liknar ei Leseløve-bok, men er altså stila til den vaksne og har som mål å gje hjelp til den vaksne som har barn i skule-start alder. Boka er delt inn i seks kapittel og eit etterord, kvart kapittel tek føre seg ulike sider ved lesing og skriving og går ganske nøye inn på korleis den vaksne kan vere med på å gje barnet ei positiv oppleving av å skulle lære å lese og skrive. Eit av råda er å sjå på seg sjølv ikkje som trenar, men som leikekamerat i den språklege utviklinga!
Etiketter:
bøker for vaksne,
inspirasjon,
lesing
Abonner på:
Innlegg (Atom)





