tirsdag 11. mai 2010

Bø og Bæ

Olof Landström har skrive sju bøker om dei to sjarmerande figurane Bø og Bæ. Bø og Bæ gjer mange ting som ikkje er så lure og dei gjer ting me kan kjenne oss igjen i. I kvar bok dukkar det opp eit problem som må løysast, og dei løyser seg ofte på litt overraskande måtar. Bileta i bøkene er enkle, men uttrykksfulle og sjarmerande, og bidreg til at bøkene er gøye å lese. Bøkene passar godt for dei minste, men er og populære hjå barn som nett har lært å lese sjølv.
I Bø og Bæ til sjøs bestemmer dei to vennene seg for å ro ein tur. Plutseleg går dei på ei grunne - og der vert dei sitjande. Heldigvis har dei med seg ei stor matkorg, men tida går og det har blitt mørkt før ein racerbåt kjem forbi. Bø og Bæ vert glade og viftar med eit kvitt lommetørkle, men sauene i racerbåten køyrer berre forbi. Heldigvis for Bø og Bæ lagar båten så store bølgjer at dei blir vippa av grunnen og kan ro heim i frem og ro.

I Bø og Bæ i skogen skal dei plukke bær. Dei finn ikkje så mange, så dei tek ein matpause i staden. Plutseleg oppdagar Bæ ein maur på brødskiva til Bø, deretter er det maur på saftglaset og det viser seg at dei har sete seg midt i maurstien. Dei rømmer frå maurene, og det blir litt dramatikk på vegen. Mens dei rømmer finn dei ein flott blåbærplass, og alt endar heldigvis godt.

Andre bøker om Bø og Bæ: Bø og Bæ i festhumør, Bø og Bæ gjer reint, Bø og Bæ blir våte, Bø og Bæ får besøk og Bø og Bæ i vinden.

Bukkene Bruse på badeland

Bukkene bruse er på veg til setra for å gjere seg feite, men på veg dit går dei forbi eit nytt skilt; Badeland 200 m, står det på skiltet. Bukkane vert nysgjerrige og bestemmer seg for å ta ein titt, og når trollet dukkar opp må dei kjempe mot det i nye og uvante omgjevnader. Sjølvsagt endar alt bra, slik det skal gjere i eit ekte eventyr. Boka er ein fabulerande variant av eventyret om dei tre bukkene bruse, der Bjørn F. Rørvik har skrive ein morosam tekst som følgjer handlingsgangen til det tradisjonelle eventyret. Gry Moursund har teikna fargesterke, flotte, morosame og detaljrike bilete som er kjekke å sjå på for barna. Boka anbefales barn i alle aldre, og særleg dei som kjenner eventyret om bukkene bruse frå før.

mandag 23. november 2009

Okke, Nutte og Pillerill


- er tre små figurar som lever i den svenske skogsverda ( eller norske , eller kor som helst ? ). Eikenøttgutane Okke og Pillerill er full av spilloppar, og ein dag vert dei send ut av frustrerte vaskedamer for å levere attende alle dei nyvaska skjegga til nissene og dei fæle trolla. Og borte vert dei. Dagen går.
Fru Eikenøtt er bekymra og Kurre Ekorn melder seg til søketeneste. Vesle Nutte Hassel heng seg på i halen til Kurre og avstad går det i hopp og sprett. Undervegs spør dei alle dei møter etter dei to bortkomne, men korkje fru Skjære eller mange andre er særleg til hjelp. Nutte og Kurre skil lag. Nutte får hjelp av ei firfisle etter at det skumle Morkeltrollet har trua med å rise dei to som har tulla vekk skjegget hans!! Nutte spør fortvila to nissar etter vegen heim, men brått riv dei av seg skjegget og der står Okke og Pillerill. Og det vert nye eventyr på dei tre små før Kurre Ekorn plukkar dei opp, og skjenner på dei og riser dei heile vegen heim. Og så vert det gledesfest i skogen !
Boka går på rim og er på bokmål. Gode og koselege, teikingar ( akvarell ) både i fargar og svart/kvitt illusterer teksten. Frå ca 4 år og oppover i skulealder ,- og gjerne før eller etter skogsturen.

tirsdag 20. oktober 2009

Pinne-bøkene av Lena Anderson



Lena Anderson har skrevet 3 vakre bøker om Pinne. Pinne er eit omsorgsfullt og veldig sosialt piggsvin som har mange venner.
Den første boka om Pinne heiter Pinne får besøk. Den handlar om Pinne, som er heilt åleine og ventar på besøk. Boka er forma som ei teljebok, og me tel kvar venn som kjem innom henne. Vennene vert trakterte etter beste evne, og det vert eit hyggeleg selskap.

Den andre boka heiter Pinne har ein løyndom. I denne boka er Pinne svært løyndomsfull. Ho har det travelt med husrydding og klesvask, og har ikkje tid til å få vennene på besøk. Venene undrar seg, og det gjer me og. Men løyndomar er til for å bli avslørte, og ein dag kjem Pinne ut med ein liten baby. Ho har halde svangerskapet hemmeleg, og hatt det travelt med å gjere huset klart til den nye verdsborgaren, og når han endeleg er komen får venene igjen komme på besøk.
Den tredje og siste boka om Pinne er Pinne, grisen og vesle vennen. I denne boka har tilveret med ein baby normalisert seg, og Pinne og babyen har det roleg og godt. Plutseleg høyrer Pinne knirking frå porten og vert glad med tanken på å få besøk. Men den besøkjande har gått vidare, og pinne står igjen og ropar og lurer på kven det er. Seinare sit ho og vesle Grisen og babyen og et suppe, då det bankar på døra. På trappa står ein liten grisunge og har gått seg bort. Som alle andre gjester vert ho invitert inn til suppe og ei god seng, med løfte om å finne mora dagen etterpå. Dagen etter tar grisen ho med til byen, og der finn ho heldigvis mora si. Mora er like glad, for ho har leita både natt og dag . I premie for å ha funne den vesle grisungen får dei 100 bollar, og sjølvsagt vert det fest!

Alle bøkene om Pinne er utgjeven på nynorsk og skrevet på rim. Dei er fine å lese høgt, og bileta er gode å sjå på.

Alle døde små dyr av Ulf Nilsson


Dette er forteljinga om Ester, Putte og ”eg” som startar gravferdsbyrå. Sidan dei ikkje veit om nokon som er døde, må dei leite etter dei. Fuglar, dyr og insekt får alle flotte gravferder der barna les opp eigenkomponerte dikt og pyntar med kors og blomar. Putte er så liten at han ikkje heilt skjønar dette med døden, så undervegs fortel Ester og ”eg” om det å dø. Boka tek opp eit vanskeleg tema på ein litt humoristisk og ufarleg måte. Samstundes gjev den oss anledning til å snakke med barna om døden. Passar for born frå 3-4 år.

Reidar og den store magen av Selma Lønning Aarø


Reidar skal bli storebror, men han skjønar ikkje heilt vitsen. Mora fortel at ho har svelgt eit frø som begynte å vekse i magen, og Reidar et eit graskarfrø for å kjenne korleis det smakar. Om natta drøymer han at frøet tek til å vekse i magen hans. Det veks kjempefort, og snart har han like stor mage som mora. Mora tek han med til ultralyd, og der vert det stor oppstandelse når det viser seg at han har eit graskar i magen. Media vert tipsa, og Reidar vert superkjendis med paparazziar rundt seg heile tida. Når eit tv-show i USA ringer og ønskjer å operere ut graskaret på direkten av verdas nest beste lege, seier Reidar ja. Men det går ikkje heilt som planlagt…
Historia er spennande, og kan passe for barn frå ca 4 år og oppover.

fredag 9. oktober 2009

Mina og Kåre


Mina og Kåre er to bjørnar som deler hus og har det fint med det.
Men ein dag slepp Kåre ei bombe på Mina: Han skal ut og reise og oppleve den spennande verda der ute. Med ei oppfordring til Mina at ho må hugse å vatne blomane , så dreg han! Mina får ikkje vere med. Ho blir både sint og lei seg, kryp under bordet og kjenner seg redd og utrygg. Ein dag kjem det eit brev med bilete frå Kåre som er i Vietnam og et froskar. Dette hjelp på humøret til Mina og ho tek til å bake og rydde og vente på Kåre. Langt om lenge, kjem Kåre heim att. Han har mange gåver med seg og fortel ivrig om reisa si. Brått eksploderer Mina og brøler : ”Hvordan kunne du reise frå meg ” og det går opp for Kåre kor lei seg ho må ha vore. Dei får snakka litt om det og etter ei lang stund er alt bra att…
Men ein aprilmorgon seier Mina: ”Jeg skal ut å reise jeg!”
Lita bok om kjensler : å bli forlatt og kjenne seg einsam, bli venner att - og gje att med same mynt. Forfattar er Anna Höglund ( sv.) og boka kom ut på Mangschou forlag 2005
Enkle teikningar med få fargar som illustrerer teksten og boka passar for dei frå 3- 4 år og oppover.