fredag 9. oktober 2009

To og to


Når alt land forsvinn og det er berre vatn på alle kantar,
går det ein liten pungnesebjørn på eit skip og kjenner seg einsam .
Veldig einsam! For alle dei andre dyra er to. Han går til biblioteket for å finne utLegg til bilde litt mer om pungnesebjørnar :” Ursus Nasale Excentricae ; et sympatisk, men sjeldent dyr”. Han går på dansegolvet for å treffe damer, men å danse med en skilpadde eller eit nasehorn er neimen ikkje så lett. Etter ein del tapre forsøk havnar han ute på ein taukveil på dekk.Og endeleg … skjer det noko. Og han får danse heile natta med nokon som har akkurat same steg og som luktar godt.
Vakker lita bok om å vere einsam og lengte etter ein sjelevenn og finne ein.
Frå 4-5 år og oppover til 100.
Forfattar og illustratør er Lars Elling og kom ut i 1997.


onsdag 7. oktober 2009

Kafé Haletippen


Dette er den første forteljinga om Reven og ”den retthalede grisen”. Boka er skriven av Bjørn F. Rørvik og illustrert av Per Dybvig. Reven samlar på halefjør i eit album, han har berre to og Grisen meiner at det er litt lite. For at Reven skal få fleire fjør i samlinga si lager dei ein kafé og serverer det beste fuglar veit og som betaling må dei ut med ei halefjør. Kafeen går strålande! Grisen er kelner og fyk fram og tilbake med ordrar til Reven og halefjør frå Suppegjøk, Snublefink, Spøkefugl, Russisk skjeggfugl, Pipestilk og Hermegås står fint og strålar i ein kopp på disken. Det er nesten ikkje mat att då ein Slukhals kjem og vil ha noko etande, han er lite nøgd med det som er igjen og spør Grisen kva for rett det er som står på disken. Grisen seier det er Urigiburgskispuk og kan absolutt ikkje etast! Slukhalsen bryr seg ikkje om det og et alle fjøra Reven har fått som betaling! Alt arbeide er til inga nytte! Reven sørgjer, men så finn Grisen ei lang grøn halefjør som Slukhalsen har mista, den tek han med til Reven og Reven er igjen ein lukkeleg og leiken rev.

Dette er ei bok som høver godt til høgtlesing for små og store. Mykje språkleg glede og utforsking.

torsdag 17. september 2009

Det regner bare på Bastian


Bastian er storebror og denne dagen vi møter han er han sint! Illsint! På veslesyster som har øydelagt legoflyet hans, og som hemn syt han for at veslesyster får kjeft av mor for noko ho ikkje har gjort! Veslesyster tek til tårene og Bastian kjenner at han må vekk frå desse tårene og går ut. Men det hjelp ikkje i det heile og til slutt trenger tårene seg på hos han. Han tilstår for mor. Og regnet over Bastian stoggar. Den gode kjensla kjem att og ferske boller og ei blid veslesyster gjer dagen riktig så god att!
Boka er skrive av Peter Gulli og illustratør er Ragnar Aalbu .Teksten er på bokmål.
Dette er ei lita biletbok for dei yngste om sinne, skuldkjensle , anger og den gode kjensla av å gjere ting rett att. Ein situasjon det er lett å kjenne seg att i for dei fleste.
Her er korte setningar og lite tekst på sidene . Illustrasjonane fyller heile arket og er enkle med få detaljar. Frå 2-3 år og oppover.

mandag 14. september 2009

Ved sjøen


Ved sjøen av Francoise Vibert-Guigue er ein del av serien ”mine små leksika”. Den fortel på ein enkel måte om livet i og ved sjøen. Bileta støttar teksten, ofte på ein humoristisk måte.

Ingrid har plaster.


Katerina Jonouch og Marvi Lindham har saman laga boka: Ingrid har plaster, dette er ei lita bok om kor mykje nytte og glede du kan ha av eit plaster eller sju! For kva treng du meir når verda kjennest litt vrang og det gjer vondt både her og der? Ingrid veit! Ho plastrar seg sjølv, dokka, bamsen og alle leikedyr ho kjem over. Det hjelp, alle vert friske, men det må så mykje plaster til at alle øskjer blir tomme. Då må Ingrid kjøpe meir plaster, men det er vel inga sak!
Boka passar for dei minste, men og for fireåringen for her er det mykje å kjenne seg att i.

fredag 31. juli 2009

Puttes eventyr i blåbærskogen av Elsa Beskow


Dette er ein klassikar som er kjempefin å lese etter ein blåbærtur. Men boka er også både fantasifull og spennande, og kan difor lesast heile året.. Boka handlar om Putte som vil plukke blåbær og tyttebær til mora som har bursdag, men han finn ingen bær. Då kjem blåbærfar og tek han med inn i sitt rike, der blåbærbuskene er store som trær og dei kan snakke med dyra. I blåbærfar sitt rike opplever Putte mykje spennande, og når han kjem tilbake til si eiga verd er kurvane hans fulle av bær.
Boka er skreve på rim, og er derfor lett å lese høgt og god å lytte til, og Elsa Beskow sine teikningar er gode å sjå på. Boka passar for førskulebarn frå 2-3 år og oppover.

mandag 22. juni 2009

Fagbok om lesing for barn


Les mer! - utvikling av lesekompetanse i barnehagen av Trine Solstad, Universitetsforlaget 2008.

Boka Les mer! handlar om høgtlesing i barnehagen, og gjev svar på dei oftast stilte spørsmåla: Kvifor skal me lese for barna? Kva skal me lese for barna? Og korleis kan me lese for barn i barnehagen?
Forfattaren knytter boka opp mot nyare forskning og rammeplanen for barnehagen, og ho forklarer grundig, men på ein lettfatteleg måte kva fordelar barn har av å bli lest for. Ho kjem og med gode råd i forbindelse med høgtlesning, både når det gjeld refleksjonar rundt bøkene saman med barna, arbeid med bøkene, kva bøker ein bør velje og kvifor, og kva kriterier som bør vere med i eit godt leserom. Forfattaren gjev og litt plass til korleis barnehagen kan stimulere foreldre til å lese for barna heime.

Boka er lett å lese og anbefales til alle som jobbar i barnehage. Den anbefales og til foreldre og andre som er interessert i å vite meir om barn og bøker.