tirsdag 7. juli 2015

Dele!

Akk, desse småsøskena! Med baby i huset blir det mykje å måtte dele på for ei storesyster. Men det skal ho ha: ho deler ofte, om enn litt motvillig, både bamser og bøker, spel og koseteppe. Dele badekar derimot er for eksempel veldig gøy. Og kosestunda med mammaen ved sengetid er heilt uproblematisk. 
Dette er ei kjekk bok for dei som har kreative småbarn i " vilhelstikkjedele"-alderen, og kan vere eit fint bakteppe for samtalar om dette litt trøblete temaet. Originalteksten er ved Anthea Simmons og Georgi Birkett har stått for illustrasjonane. Boka er gjendikta til norsk ved Fartein Døvle Jonassen. Engelsk tittel er "Share".

tirsdag 16. juni 2015

Gutten som var uheldig på badet

"Dette er bare mitt hår, ingen andre har dette håret" tenker fem år gamle Per ein dag han står på badet og ser seg sjølv i speilet. Han lurer på om alle tankane hans ligg inni hovudet saman med alt håret. Ein kan i det heile fundere mykje på korleis alt fungerer i kroppane våre. Per vil fikse litt på sveisen og tar til å eksperimentere med faren sin barberingsmaskin. Enden på visa vert eit heller eggeforma hovud. Når søndagen kjem vert det ein disputt om det å gå med lue i kirka. Per meiner at når presten går med kjole utanpå buksa må vel han kunne gå med lua si!  Eg kan sjå for meg at det kan verte nokre artige samtalar undervegs i lesinga av denne forteljinga. Boka er illustrert med utrykksfulle teikningar ført i pennen av Bon Tomme (Tom Andre Håland ). Tore Thomassen har laga teksten.
Sjå og : Gutten som var uheldig i kirken
Sjå og Luther Forlag.

torsdag 9. april 2015

Hvorfor er jeg her?

Dette er eit av dei store spørsmåla i livet og barn gjer og sine tankar om dette. Constance Ørbeck-Nilssen og Akin Duzakin har sett saman ord og illustrasjonar i ei vakker, lågmælt bok. Illustrasjonane fyller ut tankane i teksten. Dei er enkle, men og komplekse fordi dei snakkar til kjenslene våre.
Boka har fått denne omtalen på bokmesse i Bologna, Spania: "Special Mention of the Jury, Bologna Ragazzi Award, 2015. «At once traditional and fresh, this is a poetic tale of child imagining wide vistas far beyond her familiar world. The book’s landscape format features soft and dreamy full-page illustrations that quickly draw readers deep into the protagonist’s fantasy world.»" ( sjå Magikon forlag )

Når jeg blir storebror.

Å bli storebror er ei stor sak og gjev mykje å tenke på for ein liten pjokk. Ein kan sjå for seg kor sterk ein kan bli, kor fort ein kan springe, kor høgt ein kan hoppe og andre slike ting. Men ein kan og lure på om mamma og pappa fortsatt vil ha tid til viktige saker som å kitle ein på magen eller leike hest.
Elisabeth Moseng står bak både tekst og illustrasjonar i denne vesle biletboka. Illustrasjonane dekker alle sidene og understrekar tankane til guten. Dette er ei fin bok å lese når skal førebu seg på store endringer på heimebane.

tirsdag 20. januar 2015

Mathilde vinker

Mathilde er glad i å leike med andre barn og er veldig klar for å begynne i barnehagen. Men ho får ikkje leika så mykje som ho vil for det tar så kjempelang tid før mamma og pappa er ferdig med å snakke og vinke når dei skal gå om morgonen. Etterkvart vert Mathilde nesten litt fortvila over all denne vinkinga. Men ho finn eit godt råd den dagen begge foreldra er med i barnehagen. Dei humoristiske illustrasjonane i boka viser mange kreative måter å vinke på.
Tine Bruun har laga teksten, medan
Dina Gellbert ( forfatterweb.dk ) står for illustrasjonane. Boka er oversatt frå dansk av Elin Hagen.

Hokus Pokus 1-2-3

" I ein hemmeleg skog,
bak ei hemmeleg tue,
der bur det ei heks
i ei hemmeleg stue...."
Slik opnar Sissel Horndal si bok om tall og telling, så dersom småskumle saker og hekser er tingen, er det berre å sette i gang. Vi blir med inn i huset til heksa og får eit nytt vers på annakvar side saman med fargerike illustrasjonar full av detaljar. Versa går på rim og her er godt med humor både i tekst og bilete. Nedst på kvar side står tala pent og pynteleg i rett rekkefølgje slik at det er lett å følgje med kor ein er i tellinga. Til slutt får vi vite kva heksa gjer med talet 20 når ho ikkje får sove.
Nynorskbok.no kan de lese ein lengre omtale av boka.

mandag 12. januar 2015

Odd og Todd fiffige oppfinnelser gjennom tidene

Barnebokkritikk.no skriv utfyllande om bøkene om Odd og Todd. I denne boka tek dei to karane for seg steinalder-signalsystem, hjulsorterings-puttekasse, gamalegyptisk morgonstell-automat og mykje anna. Bileta er fulle av detaljar og rare ting å sjå på. Teksten fortel litt, men dette er stort sett ei leite og finne, prate og undre seg bok. Fire og femåringar med sans for detaljar og vaksne med sans for rare oppfinningar vil ha ei og sikkert fleire fine stunder med denne boka. Biblioteket har fleire bøker om Odd og Todd, berre spør når du kjem innom. Bøkene er skreve av Aino Havukainen og Sami Toivonen.

fredag 9. januar 2015

Ambulanse på utrykning

Denne vesle boka fortel om kva som skjer når ein ambulanse er på utrykning, heilt frå naudropet kjem til dei er på sjukehuset med han som er skadd. Boka har enkelt tekst med store bokstavar og nøkkelorda er utheva slik at det skal vere enkelt for ein urøynd lesar å komme igjennom denne. Bak i boka ser vi nærare på kva som finnest i ein ambulanse og andre utrykningskøyrety. Dette er ei boka som høver for dei som bilar og særleg dei som lagar lyd! Boka er skreve av Peter Bently og illustrert av Martha Lightfoot.

torsdag 8. januar 2015

Politi på patrulje

Denne boka handlar om kva konstabel Katt gjer når han og overkonstabel Pus er ute på oppdrag. Dei får høre at Langfingrede Fred er sett nær kunstgalleriet i byen og han er kjend for å stele bilete av fisk. Konstabel Katt og Overkonstabel Pus tar saka.
Dette er ei bok med stor skrift, nøkkelorda i forteljinga er til og med utheva slik at det skal vere enkelt å få med seg innhaldet for ein ny lesar. Bak i boka kan vi får vite meir om kva som er i ein politibil og vi får sjå andre transport midlar som politiet brukar. Boka er skreve av Peter Bently og illustrert av Martha Lightfoot

mandag 15. desember 2014

ØYA

Dei to sjarmerande, litt rufsete, nysgjerrige fuglane Bettina og Bertil sett seg ein dag i ein liten kano for å dra på fisketur. Bettina iført raud caps, Bertil med grøn. Når dei omsider får snøret uti får dei ein kjempestor, sprelsk fisk på kroken. Det vil seie; fisken viser seg vere ei krokodille og i strevet med å hove den inn hamnar dei i munnen på krokodilla. Redde vert dei ikkje. Dei trur dei er i ei dryppsteinsgrotte og heldivis har dei kanoen med. Bertil finn ein utgang til eit anna land.Det må vere Utlandet, meiner han! Her morer dei seg ei tid mellom vassliljer som ser ut som fotblad, før Bertil oppdagar det er vatn i båten og dei sett kursen mot land. Boka er kunstnaren Eli Hovdenak sin debut som barnebokforfattar. Fantasi og surrealisme og lun humor er kombinert med nydelege duse illustrasjonar i akvarell.
"Fortellingen er full av vann… det måtte bli akvarell. " ( frå  Anne Østgaard  i Cappelen Damm sitt intervju med forfattaren ).

tirsdag 28. oktober 2014

Hallo havet!

Denne Hallo-boka av Anna Fiske kom no i 2014, og her kan vi dukke ned og gå på jakt under havoverflata månad for månad gjennom eit heilt år. På innsida av permen vert vi presentert for seks gjennomgangsfigurar, og så kan ein side for side synke ned i boka og sjå om ein finn dei att. Fiskane og sjødyra vi møter er ikkje heilt A-4. Dei snakkar menneskespråk, nokre spelar rockegitar og andre har sjørøvarhatt. Teksten  er fordelt i snakkebobler og elles nokre korte setningar nedst på sidene. Der får vi oppfordringar til å leite i mylderet etter ulike dyr og skattar og sjå kva dei gjer på. Her er mykje smårollingane kan peike på og undre seg over. Anna Fiske har sjølv illustrert alle Hallo- bøkene sine med fargerike teikningar full av detaljar.

Når de har vore gjennom havet kan de og jakte vidare i:
Hallo jorda!
Hallo byen!
Hallo planeten!
Hallo der nede!

Hva gjør de dagen lang?


Ja, kva er det dei vaksne eigentleg gjer på etter dei har drukke kaffi, smurt nistepakkar, ordna håret, og gått ut av huset om morgonen?
I denne boka får vi eit innblikk i dette mysteriet på ein svært humoristisk måte. Boka er full av sprudlande rim og eit litt skrått, fantasifullt blikk på kva bakermester Anne Gluten putter i bollane, korleis sykkelfikser Sivert Nakken tener seg rik og jordmor Roger lagar blomster-tut på navlene til dei nyfødde. Forfattar Ellisiv Solskinnsbakk har ikkje avgrensa seg til vanlege kontorjobbar, men er innom taggaren, gassballongselgaren, djupvassdykkaren og førarhunden, samt fleire luringar og nokre kanskje ikkje fullt så lure. Denne boka er hennar debut som barnebokforfattar og eg personleg håper det kjem fleir. Endre Skandfer har illustrert boka, og som teksten er illustrasjonane fulle av frodig humor og sprell.
Teksten er på bokmål og passar like godt i småskulen som for førskulebarn.

tirsdag 30. september 2014

Minus og den store verden



                                 Temaet i denne herlege boka om Minus er tall og telling og alt det rare einliten gut kan møte når han går ut for å finne den store verda for første gong.Vi møter fargerike personlegdommar som ”Enogenhalv” og grisen hans, dama med to av alle ting, tre vise menn litt på villstrå , Rotte-Lottes Spørrepotte og så vidare. Minus snakkar med alle og får ein ting med seg på ferda si av alle saman. Tilslutt har han ti ting og er klar for verda, men på sin veg møter han småfolk i vanskar og endar med å gje frå seg alle tinga minus ein som han tek med heim.Han må kvile seg litt før han går ut i verda att, men no veit han jo vegen… nesten…Her er element frå regleeventyra frodig pakka inn i  Sven Nordqvist sitt fargerike univers.Teksten er på bokmål. Dette er ei biletbok med relativt mykje tekst og svært detaljrike illustrasjonar og slik passar ho best frå fire år og oppover i småskulen.
 
 

Brune bjørn, brune bjørn, hva ser du på din vei?


Enkle spørsmål og klare svar er alltid kjekt for dei minste. Det same er rim og rytme.  I denne boka får vi begge dele. Vi møter først bjørnen og han svarer :" Jeg ser en rød fugl som kikker på meg". Når vi blar til neste side møter vi så den raude fuglen som får same spørsmål som bjørnen. Og slik fortsett det utover med eit nytt dyr eller figur kvar gong vi blar om.  Eric Carle sine store illustrasjonar viser tydelege fargar og figurar. Til slutt får vi ei oppsummering av alle vi har møtt gjennom boka. Teksten er på bokmål og skrive av Bill Martin Jr. og oversatt av Elisabeth Bjørnson.  

mandag 29. september 2014

Zara og dei; Gorillahjerne til middag

Forfattaren Bjørn Sortland og illustratøren Elisabeth Moseng har laga ei bok om Zara og familien hennar. Heile familien til Zara har namn som begynner med Z, dei bur i ei campingvogn, dei blør naseblod veldig lett og far til Zara tullar med alt mogeleg. Er det rart at dei andre barna trur det er noko gale med Zara og dei? Les denne boka, så finn du ut om alt verkeleg er så rart som alle trur.

Elisabeth Moseng har laga tydelege og klare illustrasjonar som følgjer teksten og gjev litt ekstra fart til tankane.
Tove Bø Laundal har laga eit fint intervju med Bjørn Sortland her.

tirsdag 23. september 2014

Gudmund leter etter en venn

Gudmund er ute og leitar etter noko. Han treff Hermann som spør kva han leitar etter. Gudmund fortel at han leitar etter ein venn og Hermann lurar på kva ein venn er for noko. Gudmund seier at ein venn er nokon ein gjerne vil vere saman med. Hermann blir gjerne med for å leite etter ein venn. "Det er lettare å leite når vi er to", seier han. Dei leitar lenge, til sist finn Gudmund ut at dei må gå til tante Emma for å kjøpe ein venn. Trur du tante Emma sel venner i butikken sin? Du må lese boka for å finne ut korleis det går.

Boka er skrive av Hans -Christian Schmidt og teikna av Andreas Német. Ei fin lita bok om vennskap.

mandag 12. mai 2014

Katt kan i parken


I denne vesle boka av forfattaren Sanna Töringe, møter vi Katt og mamma på tur i parken. Katt vil gjerne klare alt sjølv - slik små ungar helst vil; kjøre vogn, bære pinner, trykke på gangfelt-knappen og så vidare. Men til slutt kjem dei fram til parken. Der møter Katt ei lita jente og leiken går, medan mamma prøver å halde styr på dei oppfinnsame ungane som mellom anna vil bade andungar!Veldig koseleg bok med velkjende kvardagsdrama for dei minste.
Enkle illustasjonar av Kristina Digman.

mandag 31. mars 2014

Knust

http://mittnordhordland.no/work?workId=8940ca60-d28b-49e0-a2ad-a2f400d67f16

  "Å bli knust er knusende vondt, sier lille Pi. ".
Denne vesle biletboka fortel om lille Pi og henner smerte etter at ho har knekt ein arm og må ligge på sjukehus. Vi får ei aning om kva som har skjedd utifrå bileta, men boka handlar mest om å ha det vondt og å vente og vente på at nokon kan kome og trøste litt. Illustrasjonane er teikningar i fine pastellfargar. Boka har lite tekst, men saman med illustrasjonane kan vi godt leve oss inn i lille Pi si kjensle av å kjenne seg litt knust- både fysisk og mentalt.
Forfattarar og illustratør er Hege Siri og Calef Brown.

tirsdag 4. februar 2014

Smokkefeen Tutta

Har du høyrd om tannfeen? Men visste du at at ho har ein ven som heiter Tutta og er smokkefeen? Denne boka er forteljinga om Smokkefeen Tutta og korleis ho reiser rundt i alle tomme hus og leiter etter smokkar. Tutta bur i eit stort slott, der har ho åtte soverom, ti stover og mange kjøken og alt er bygd av smokkar. Til og med hagen er full av smokkar.
Thea er ei jente som er veldig glad i smokkane sine. Når ho skal legge seg om kvelden vil ho helst ha ein smokk i munnen og ei i kvar hand. Ein gong skulle Thea og foreldra reise til Frankrike på ferie. Thea pakka mange smokkar, men hugsa ho å ta dei med seg? Når dei kom heim, trur du Thea fann dei att?
Om du les får du svar.

Denne boka er skriven av An-Magritt Lindtner og illustrert av Jens Kristensen. Boka vart lesen på eventyrstund på biblioteket den 4. februar for mange barnehagebarn, dei hadde mange kommentarar og forslag om kor Tutta heldt til.

tirsdag 7. januar 2014

Redd


av Kaia, Bendik og Trond Brænne. Illustrasjonar av Per Dybvig.

"Det er vinter, og mørkt. Kaninen satt alene i buret sitt og hørte vinden ule utenfor"
Slik startar forteljinga om den vesle kaninen som prøver å trøyste seg med gulrot når det blir for skummelt med alt vær og alle lydar utanfor. Men når  ikkje gulrot hjelper godt nok mot einsemda tar ho seg ut for å søke selskap hos hesten. Hesten er imidlertid og svært uroleg for alle rare skuggar, så saman brøyter dei seg gjennom snøen for å sjå om det er betre hos høna. Men nei, høna er like uroleg som dei andre, og alle tre strevar seg vidare for å finne om det er tryggare hos skjæra. Nå bles det så hardt at skjæra ramlar av greina si og deiser i bakken idet dei dei andre kjem fram til treet hennar. Stormen blir verre og verre. Alle fire kjempar seg vidare fram og til slutt kjem dei fram til grisen sitt hus og kva som hender der kan de lese om i boka.
Boka har teikningar i fargar og god skrift. Den handlar om å vere redd, einsam og at det er godt å finne saman med vener når det skumle trenger seg på. Dette er femte boka om kaninen, hesten, høna, skjæra og grisen og er den skrive på bokmål.